Lokalmat under juletreet

Jurgita Folkedal er dagleg leiar ved Skakke Røykeri i Etne, ho ser at ferdigpakka julegåver er eit populært tilbod. Etter brannen som skada heile produksjonslokalet deira i sommar har ho og eigar Roy Martin Øyjord produsert i leigde lokale, men juleproduksjonen er likevel godt i gang.

– Me satsar jo denne førjulstida og, men alt er relativt. I fjor hadde me naturlegvis mykje betre forutsetningar, då pakka me om lag 1000 julegåver. Me sprengte nesten kapasiteten vår då, dette er jo handla produkt som i neste omgang blir pakka inn for hand med hamptau og fersk einer som pynt. Gode og lokale produkt fortener og ei fin innpakking, meiner Folkedal.

Eit spesielt år

Skakke Røykeri produserer heile sider av både laks og aure. Her kan ein få spekelaks, kaldrøykt eller varmrøykt aure, eller kanskje grava aure. I tillegg til eige sal produserer dei og heile sider for Team Rynkeby i Haugesund, der ein del av salsprisen går til barnekreftsaka. Sjølv om produksjonen er i full gang er likevel året litt spesielt. På grunn av brannen er kapasiteten noko avgrensa, og døgeret har framleis litt for få timar. Folkedal håpar bedriftene som ynskjer julegåver til sine tilsette er tidleg ute.

– Det er greitt å vere tidleg ute ja, når rushet startar blir det fort travelt. Me har bedrifter både lokalt og i mange andre deler av landet. Me skal og stå på messer, både i Oslo og Stavanger no før jul. I tillegg er me medarrangør av Jul på kaikanten i Haugesund saman med Smaken av Vikingland og Scandic Maritim.

Folkedal seier at tidene framover blir spanande.

– Me har tapt veldig mykje både økonomisk og mentalt dette året, det tar det tid å bygge opp igjen. No får me ta oss av julesesongen før me byrjar å tenke på kva me skal gjere vidare.

Ny nettbutikk

John Karsten Hustveit på Åkrafjordtunet har lang erfaring med å pakke julegåver med lokalmat, allereie for 20 år sidan opna dei den første nettbutikken deira, spekehuset.no. Etterkvart kom firmagåver.no på plass og no i haust opna dei matgåver.no.

– Me ser at dette er populært, både til bedrifter og enkeltpersonar. Me er jo ein kordinator som pakkar gåver med produkt frå fleire produsentar. Det er mange som ikkje veit kva me har rundt oss av lokalmatproduksjon, og som gjerne blir overraska når dei får ein smak.Det er viktig at me får synleggjort desse produkta frå området her, seier han.

Fjoråret vart eit rekordår på grunn av koronasituasjonen der mange bedirfter gav litt ekstra i julegåve til dei tilsette. I år ser det ut til å normalisere seg litt meir, men høgsesongen er snart i gang.

– Då blir det nokre travle veker med pakking, heilt fram til vesle julaftan, seier Hustveit.

Image
John Karsten Hustveit har lang erfaring med å lage pakkar med lokalmat. (Foto: Istoria)



Image
Siri Lundal Hustveit fortel at førjulstida er både travel og fin. (Foto: Johs. Lundal & Sønner)

Populære gåver

Hjå Johs Lundal & sønner i Åkrafjorden er også årets juleproduksjon godt i gang.

– Me sel i stor grad til daglegvarehandelen. Me har ei ferdigpakka julegåve som er blitt svært populær, og me merkar godt at det er mange som ynskjer å gi lokalmat som gåve, fortel dagleg leiar Siri Lundal Hustveit.

– Mange butikkar stadig blir flinkare til å tilby pakkar med lokal mat i ulike prisklassar. Mange butikkar lagar pakkar med spekemat, flatbrød, gjerne litt kaffi, eplemost og sjokolade. Det er ei flott gåve til dei som har alt frå før. I gåveøskjene frå Lundal har dei spekepølser i ulike variantar, kvar på 200 gram. Her kan ein få både den tradisjonelle Åkrafjordpølsa, og andre smakfulle variantar.

Sjølv om koronatida førte med seg litt ventetid på somme råvarer, og dermed litt brems i produksjonen, har etterspørselen og salet av lokalmat holde seg stabilt, meiner Lundal Hustveit.

– I fjor la og mange bedrifter litt ekstra i julegåvene sidan det ikkje vart noko arrangement eller samlingar i tillegg, slår ho fast.



Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details