Ledige kontor i Ljoshallbygget

Brødrene Mæland og Helgevold Elektro sitt nye næringsbygg i Etne skal etter planen stå ferdig til jul. Dei har fleire ledige kontorlokale til bedrifter som ynskjer å flytte inn i bygget.

Anders Mæland meiner nybygget på Ljoshalltomta vil bli ein sentral og synleg plassering for fleire bedrifter. (Foto: Elin Sørheim) 

– Målet er å få på plass eit sentralt bygg i Etne for kontor og lager, der me kan vere godt synlege for kundane våre, seier Anders Mæland i Brødrene Mæland. 

Han er glad for at Helgevold Elektro og vart med på å kjøpe den attraktive Ljoshalltomta i Etne, og på å reise bygget som skal vere klart i slutten av året. Både Mæland og Helgevold har gode ordrebøker framover i 2023, og har ikkje har sett noko til den spådde nedgangen i bygging. Likevel er begge klare på at dei må jobbe målretta for å oppretthalde ordrereservar i framtida. Det nye bygget er ein viktig del av denne utviklinga, og grunnarbeidet på tomta er allereie i gong. 

– Me har og gjort avtale med Edvards Byggservice som har kjøpt ein stor seksjon. Me har litt ledig plass endå på lageret, men det er i kontorlokalet i andre etasje me har mest ledig. Her er det totalt 20 kontor, og om lag halvparten er ledig for dei som er interesserte, fortel Mæland. 

Han ynskjer at alle bedrifter som kunne tenkje seg kontorplass i Etne tar kontakt, men i utgangspunktet skulle han gjerne sett at bygget vart eit «bransjehus» der bedrifter relatert til entreprenør – og byggeverksemd hadde vore lokalisert saman.  Ljoshallbygget er totalt 1400 kvadrat fordelt over to etasjar. I kontorlokala er det og fellesareal, kjøkken, tre møterom og mingleplass. 

– Dette skal vere eit framtidsretta bygg, seier Mæland. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details