Frå spiker til betong

Geir Sigve Krokedal har brei erfaring som tømrar og frå store prosjekt i Skanska. Det kjem godt med når han no styrer store betongprosjekt hjå Haugaland Bygg og Betong.


Geir Sigve Krokedal tek nå føre seg nokre av dei større betongprosjekta for Haugaland Bygg & Betong. Nå er han blant anna prosjektleiar for bygginga av ein kraftstasjon for SKL i Sauda, der Haugaland Bygg og Betong er ansvarleg for betongarbeidet medan Vikedal mur og anlegg er hovudutbyggar.

- Etter  mange år har eg vore innom mange forskjellige arbeidsoppgåver, fortel Krokedal, men viser til at det relativt nytt for han å jobbe med betong.

- Her gjer me alt frå start til slutt på eit prosjekt og sidan me er eit mindre selskap jobbar alle med mange ulike oppgåver.

- Fordelen her er at alle trør til og jobbar der det er behov, då finst det alltid nye utfordringar og mykje spanande og læra, seier Krokedal.

For tida held HBB på med forskaling av utløpskanal i Sauda. Her blir vatnet som har vore gjennom turbinen ført tilbake til elva igjen. Foto: Geir Sigve Krokedal/HBB

Prosjektet i Sauda er heilt i startfasen der dei skal dei lage ein ny kraftstasjon. Det er et fall på 231 meter frå dam til stasjon og lengde på røyrtraseen er omlag 1600 meter, der 800 meter av desse er i fjell. Dei treng til saman 500 m3 betong og skal armere omlag 50 000 kg, prosjektet skal vere ferdig i løpet av 2020.

–Klimatiske forhold som snø og flom i området ved dammen vil ha betyding for kor mykje me vil få utført i år, seier Krokedal som har god erfaring med å leie store prosjekt frå tidlegare år.

Starta som tømrar

Han starta som lærling innan tømrarfaget i 1984 og jobba vidare som tømrar i åra etterpå, før han gjekk over til å vere sjølvstendignæringsdrivande. Etter nokre år opna det seg ein moglegheit i Skanska, der han blei verande i over 20 år. 

- Eg starta i Skanska i Oslo som tømrar og var der i 4 år, deretter var det Skanska i Stavanger der eg jobba fram til 2017, seier Krokedal.

Frå tida i Skanska har Krokedal erfaring som tømrar, tømrar bas, formann, produksjonsleder og avdelingsleder for eigenproduksjon.

Då Skanska skalerte ned mannskapet, søkte han jobb hos Haugaland Bygg og Betong.

- Sidan eg bur i Vikedal og hadde pendla til Stavanger i ein så lang periode, passa det godt å starte hos Haugaland Bygg og Betong, fortel Krokedal.

Mindre selskap med større frihet

Det er mange fordelar med å jobba for eit lite selskap, meinar Krokedal. Haugaland Bygg og Betong er totalt 25 tilsette og dei arbeider med prosjekter over eit stort geografisk område.

–Me har blant anna eit samarbeid med eit firma på Haukeli og lagar grunnmur til hytter og hus for dei.

Haugaland Bygg og Betong lagar også ein del landbruksbygg på Voss og har prosjekt på Radøy utanfor Bergen.

–Her får me prøvd oss på veldig mykje forskjellig. Det er stor takhøgd for å prøva nye ting og det gjer arbeidsdagen spanande og variert, seier han og viser til at det er få kjedelege dagar på jobb.


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details