Klare for Vindafjordbenken

Terje Halleland har allereie ein periode bak seg som stortingspolitikar, både i posisjon og opposisjon, no blir han nestleiar i transport- og kommunikasjonskomiteen. Han ser no lyst på framtida som opposisjonspolitikar og er klar for å gå laus på dei han meiner er dei viktigaste sakene.
Image
Terje Halleland (FrP) meiner Rogalandsbenken, og no Vindafjordbenken, er eit godt utgangspunkt for samarbeid på tvers av parti. (Foto: Bjørn Inge Bergestuen)

– Bakka-Solheim har ein lang veg å gå enda. Me må sikre at ein får dei nødvendige løyvingane og at saka har framdrift. Elles er det fleire infrastrukturtiltak som er høgt på agendaen. Me må kjempe for flyplassen på Karmøy og sørge for at Karmsund hamn får dei godkjenningane dei treng for å fungere på lik linje som andre hamnar i Noreg, som til dømes med grensekontroll. Med utbygginga av Rogfast og utviklinga av ferjefri E39, speler hamna ei viktig rolle i regionen vår. Ein god infrastruktur er eit viktig grunnlag for vidare vekst og aktivitet i regionen. Næringsetableringar i Vindafjord, men og i tilknyting til næringsparken på Gismarvik er også viktige saker.

Lisa Marie Klungland, som har fått plass i helse- og omsorgskomiteen ynskjer å jobbe for at fagfolk får meir tid til dei eigentlege oppgåvene. Det er noko ho sjølv har kjend på utfordringar med.

– Ein stor del av livet vårt er jobb. Me vil jobbe for at folk får gjere jobben sin og at det vert mindre byråkrati. Eg er sjølv utdanna sjukepleiar og ynskte å hjelpe folk til å bli friske eller få ein betre kvardag. I arbeidslivet opplevde eg at eg brukte for mykje tid på dokumentasjon og for lite tid med pasientane, vidare er gode oppveksttilhøve også særs viktig. At born og unge har stader å møtast og at dei møter trygge vaksne som ser dei, er viktig. Eg er difor veldig nøgd med at den nye regjeringa ynskjer full momskompensasjon for frivillige organisasjonar. Det er ofte dei som driftar møteplassar for unge, og under pandemien når desse stadene har vore stengde, har mange kjend på einsemd.

Også Tove Elise Madland framhevar E134, men og arbeidsliv og helse som sine hjartesaker. Sjølv har ho no fått plass i kontroll- og konstitusjonskomiteen.

– Det er klart det er skapt store forventningar til oss, det gjeld særskilt saka om E134. Bakka-Solheim har kun fått oppstartsmidlar, så her må me jobbe vidare for å få friske tilskot til å gjennomføre prosjektet. Vidare er helse og arbeidslivssaker særs viktige for meg. Særleg retten til heiltid. Denne saka har vore ei fanesak for meg gjennom heile valkampen. Det handlar ikkje berre om ei løn å leve av, men og om kvinner og likestilling. Denne saka er viktig i helsesektoren, men i like stor grad i reinhald, varehandel, tryggleiksbransjen, hotell og restaurant. Her er det høg del med kvinner, og me ser at det i stor grad er dei som vert ramma av mangelen på heiltidsstillingar.

Eg er også oppteken av at me må avgrense privatiseringa av helsesektoren. Me må ha sterke offentlege tenester der det ikkje er lommeboka som avgjer kva tilbod du skal få. Eg er ikkje i mot ideelle aktørar men me må stoppe private aktørar. Gode universelle ordningar både i helsesektor, utdanning men og når det kjem til bustad, er særs viktig. Eg er veldig glad for at kommunane no skal få betre økonomi så dei kan levere gode offentlege tenester.

Samarbeid på Vindafjordbenken?
Image
Tove Elise Madland (Ap) meiner valresultatet peikar på at folk ynskjer endring.

Dei tre politikarane ser fram til eit samarbeid mellom partia på Rogalandsbenken.

– Rogalandsbenken samarbeider bra. Me har månadlege møter og treff kvarandre jamleg. Det er kort veg til å kommunisere og ta opp saker. Dei som sit i regjeringsapparatet har tilgang til saker tidlegare enn dei som sit i opposisjon, og då kan me kanskje hjelpe kvarandre med å jobbe med saker i forkant. Me kan også hjelpe dei andre med sitt arbeid i sine parti, og hjelpe dei til å få gjennomslag internt i partiet. For kommunen sin del håpar eg sjølvsagt at det skal slå positivt ut at det kjem heile tre representantar frå Vindafjord, seier Halleland.

Klungland seier seg eining og vonar dei kan vere med på å flytte makt nordover i fylket.

– Eg har absolutt eit håp om samarbeid med Terje og Tove Elise. Me er alle kjempe-engasjerte i saker som angår Haugalandet og Vindafjord. Mykje av det som skjer i Rogaland skjer rundt Stavanger. Når ein no får fleire frå Nord-fylket, trekk politikken meir mot indre Haugalandet. Det er positivt, seier Klungland.

Madland håpar å byggje vidare på det gode samarbeidet som har vore.

– Det er klart det er spesielt at me er heile tre stortingsrepresentantar frå ein liten kommune som Vindafjord. Skulle Oslo fått den same dekninga, skulle dei hatt 232 personar i stortingssalen. Eg håpar at me skal få til eit godt samarbeid på «Vindafjordbenken» på lik linje som Rogalandsbenken. Eg har snakka med Terje Halleland og Sveinung Stensland (H) tidlegare og forstått at det har vore eit godt samarbeid i førre periode. Terje blir kjempe viktig med sine innspel til oss som sit i regjering.

Valresultatet

Tove Elise Madland meiner Stortingsvalet i 2021 uttrykte eit sterkt ynskje om endring.

– Det var eit valresultat kor veljarane var veldig tydelege på at dei ynskte ein ny kurs og eit skifte. Sjølv om me no får ei mindretalsregjering, er det ei klår endring i samansetnaden på Stortinget. Venstresida har blitt sterk med framgang også hjå Raudt og SV. Eg trur også ei mindretalsregjering med Sp skal bli bra. Eg håpa at me kunne få ei fleirtalsregjering kor SV var med, men når det ikkje vart, er eg veldig glad for at Ap og Sp går saman. Eg har personleg gode erfaringar frå eigen kommune med samarbeid mellom desse partia, understrekar Madland.

Terje Halleland har på si side blanda kjensler etter valresultatet.

– Det var ei tydeleg tilbakemelding frå veljarane om at dei ynskte eit regjeringsskifte. Det må ein ta innover seg. I Frp konkludert me med at ein kom rimeleg greitt i frå det, då målingane såg styggare ut i vinter. Samstundes var me ikkje nøgde i Rogaland. Me fekk 17 prosent av stemmene i fylket, men var kun 400 stemmer frå å få tredjemandatet inn på Stortinget. Der var me særs nære, så det var synd det ikkje gjekk. At me no ser ut til å få ei mindretalsregjering, gjer og at det vert meir interessant å sitte på Stortinget. Kjem regjeringa med saker, har dei ikkje fleirtal aleine og det er usikkert kor mykje stønad dei frå frå SV frå sak til sak og kva dei må hente frå andre parti. Frp har særskilt hatt fleire sakar dei har stått saman om med Sp, så her kan det hende me kan få til gode løysingar.

Lisa Marie Ness Klungland er ikkje berre ny på Stortinget, som 27-åring vert ho også ein av dei yngste representantane.

– Mitt inntrykk er at alder har lite å seie. Pondus og respekt får du grunna kompetanse, engasjement og gjennomslagskraft, ikkje om du er 27, 57 eller 77 år. Eg tenkjer og på kor glad eg er for at me har fått inn ei såpass stor gruppe der me kan lene oss på kvarandre. Pasientfokus, MDG og Krf er i ein annan situasjon, sidan dei har få representantar. At me er mange frå Senterpartiet, kjennest trygt og godt. Eg er veldig glad for tilliten og at så mange stemte på oss i Rogaland. Eg føler eg kjem til Stortinget med 27000 menneske i ryggen. No er målet å forvalte tilliten på ein god måte og gjere gode val som kan gjere livet til folk betre.

Godt med erfaringar
Image
Lisa Marie Ness Klungland (Sp) meiner bakgrunnen frå Senterungdommen er viktig når ho skal inn på Stortinget.

Klungland meiner ungdomspolitikken er ein god lærestad for det nye vervet.

– Eg er særs glad for bakgrunnen frå Senterungdomen. Eg meldte meg inn då eg var sytten år, og ungdomspartiet har gitt meg særs god opplæring i møtekultur og korleis politikk vert uforma. Eg har og lært kor viktig det er å snakke med bedrifter, organisasjonar og folk som har peiling. Slik opparbeider me oss god innsikt i sakene, som me kan ta med oss vidare i det politiske arbeidet. Bakgrunnen frå ungdomspolitikken gir meg nok ein fordel samanlikna med folk som kjem inn i vaksen alder med kort erfaring frå politikken. Førre stortingsperiode vart innhaldsrik for Framstegspartiet, og Halleland ser tilbake på både oppturar og nedturar.

– Eg var motstandar av å gå ut av regjeringa med Høgre, så dette var ein nedtur. Eg meiner me er i politikken for å få gjennomslag og det får ein i størst grad når ein sit ved rattet. Samstundes klarte me likevel å få gjennomslag for mykje politikk då me stod på utsida av regjeringa. Å få inn Bakka-Solheim var ein stor siger. Då regjeringa la fram sitt alternativ, var det tydeleg at det hadde vore stor kamp mot å fremje E134 som hovudtrasé mellom aust og vest. I Bergen har det vore stor motstand mot denne trasséen og med ei regjering som var tungt representert frå den regionen, var det ei vanskeleg sak. Heldigvis klarte me å legge så mykje politiske press på regjeringa at dei til slutt tok det med.

Madland tru ho også har gode verktøy med seg inn i det nye vervet.

– Eg har erfaringa frå kommune og fagrørsla med meg. Her har eg lært det politiske handverket og korleis ein jobbar politisk for å få gjennomslag for saker. Det å komme på Stortinget er likevel noko anna. Å gå opp Løvebakken, inn i bygget og vite at du har fått eit av dei viktigaste verva i samfunnet, gjer at ein kjenner på eit ekstremt stort ansvar. Det gir eit forventningspress, men kjennest og stort.

Tips til dei nyankomne

På spørsmål om Halleland har nokre gode tips i ermet til dei nye sambygdingane på Stortinget, har han fylgjande råd å komme med:

– Det er veldig mange politikarar som presenterer seg sjølv om utolmodige, men om ein ynskjer å gjere det godt i politikken må ein vere det omvendte. Klarar ein å vise tolmod, jobbe langsiktig og sloss for dei sakene som betyr noko, kan ein oppnå gode resultat. For dei som skal vere med i regjering, er det heller ikkje berre enkelt å få gjennomslag i eige parti. Dei ulike partia slost om ulike saker, men det er og ein intern kamp i partia. Samferdselssaker er eit godt døme. Då er rådet mitt å jobbe godt internt i gruppa slik at ein får gjennomslag og blir lytta til i eige parti. Madland tek utfordringa, men ser og det må litt øving til.

– Det trur eg Terje har helt rett i. Det vert ein prøvelse for meg som kjem frå kommunalpolitikken, då prosessane der går fortare. I rikspolitikken vil sakene ta lengre tid. Eg må nok øve meg på sitte på nevane og telje til ti, avsluttar ho med glimt i auget.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details