Klar til å ta i mot sommarvikarane?


Irene Buran Haraldseid er HR-leder i Tveit Regnskap, ei bedrift som sjølv ikkje pleier ta inn sommarvikarar, men som derimot har mange bedrifter på kundelista som gjer nettopp det.

Dette har sommarvikarane rett på:

  •  Skriftleg arbeidsavtale
  •  Å bli dekka av yrkesskadeforsikring
  • Tilpassa arbeid til alderen, i følgje arbeidsmiljølova
  • Minstelønn i følgje gjeldande tariffavtale
  • Feriepengar
  • Opplæring, som skal vere betalt
  • Regulert arbeidstid i forhold til alder, bestemt av arbeidsmiljølova
  • Sjukepengar dersom dei har jobba meir enn fire veker
  • Attest når sommarjobben er over 


– Eg tenkjer noko av det viktigaste er at alt er klart og på plass første arbeidsdag. Som arbeidsgivar må du vere obs på at det finst avgrensingar i forhold til farleg arbeid, overtid og eige vern i ulike aldersgrupper.

Viktig avtale

– Det viktigaste er nok å passe på at alle får ein skriftleg arbeidsavtale, uansett om det er snakk om to veker, eller ein månad, meiner Buran Haraldseid og peikar på LO sin sommarkampanje der arbeidsgivarorganisasjonen reiser rundt til bedrifter i sommarvekene for å sjekke korleis ungdommane har det på jobb.

– Er du usikker på kva som gjeld for deg og di bedrift kan LO eller til dømes regnskapsføraren din vere ein god plass å finne råd.

Advokat Ove Kahrs Wangensteen som sit på Etne-kontoret til Eurojuris Haugesund peikar på at arbeidsmiljølova set opp ei rekke reguleringar for inngåing, gjennomføring og avslutning av mellombelse arbeidsforhold.

– Arbeidsmiljølova fastset kva arbeidsavtalen minst må innehalde. Det viktigaste er informasjonen om arbeidsgjevar og arbeidstakar, kor og kva arbeidet skal vere, lønn, arbeidstid og pausar med meir.

– For ein arbeidstakar under 15 år må også arbeidsgjevar sørge for skriftleg samtykke frå foreldre eller andre føresette.

Wangensteen peikar også på at det er viktig at sommarvikarane blir dekka av verksemda sin yrkesskadeforsikring. I tillegg viser han til at det er lovverk som fortel kva arbeid ein kan setje ulike aldersgrupper til, etter at ein har fylt 13 år kan ein bli sett til «lett arbeid».

Image
Advokat Ove Kahrs Wangensteen i Eurojuris Haugesund viser til at den skriftlege arbeidsavtalen er noko av det viktigaste å få på plass når bedrifta skal ha sommarvikar. (Foto: Eurojuris Haugesund)

God opplæring

Buran Haraldseid er også oppteken av at ungdommane blir sett på arbeidsplassen, får god opplæring og ikkje minst blir sett på som likeverdige arbeidstakarar.

– Det er viktig å tenkje på at vikarane er like ulike som alle andre, nokre har kanskje sin aller første jobb, andre er gjerne oppvaksne på gard og er vane med å ha ansvar og jobbe. Introduser dei til arbeidsmiljøet dei kjem til, kva kleskode som er aktuell og korleis det blir forventa at ein oppfører seg. Er det til dømes greitt å ha med seg telefonen over alt?

– Det er mykje me som er vane med å vere i arbeidslivet tar for gitt, det må ein ikkje gjere i møte med ungdommane. Likevel er det lov å setje krav til vikarane, dette er ein betalt jobb som ein også skal ta på alvor, meiner ho. Også Wangensteen er oppteken av god opplæring ute i bedriftene, og at denne skal vere lønna. Han peikar også på at bedrifta skal betale dersom det er behov for verneutstyr eller anna utstyr.

– Minstelønn kan vere regulert i ei rekke tariffavtalar, og enkelte har og eigne bestemmingar om arbeidstakarar under 18 år. Vikarane har også rett på feriepengar, og arbeidstakar kan ikkje seie at desse er inkludert i lønna. Når sommarjobben er over så er hovudregelen at feriepengane skal utbetalast på siste vanlege lønningsdag før arbeidstakaren sluttar, slår han fast.


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details