Klappet og klart til innflytting

I over ti år har Møbelringen i Etne levert full pakke med møbler og dekor til hus og hytter. Nå er konseptet «Klappet og klart» eit eige tilbod hjå dei.


I Sand ventar eit hus for sal som skal stylast til visning. Møbelringen sitt team på tre har ein arbeidsdag på å trylle det tomme huset om til eit lekkert og visningsklart hus, neste dag kjem fotografen. Teamet er samkøyrde, for dette har dei god erfaring med.

–Me har brukt litt tid innimellom for å planlegge dette og har sett bilete frå førre gong huset var for sal, så nå håpar me på at me har med oss det me treng, fortel Mette Marie Lundal Håland.

Unik pakke

–Dette er den fyrste stylingjobben etter at den nye nettsida klappetogklart.com vart klar, fortel dagleg leiar ved Møbelringen Etne Ole Strømø nøgd.

Det var i 2006 dei fekk fyrste førespurnad om å møblera nokre leilegheiter på Vågsli.

–Eg har alltid hatt nokon tilsette som er veldig interessert i interiør, så me fekk gode tilbakemeldingar etter dei fyrste leilegheitene på Vågsli, fortel Strømø.

Dagleg leiar  i Møbelringen Etne, Ole Strømø. Foto: Elin Sørheim.

Dei har styla hytter, hus og leilegheiter i omlag tretten år, men nå har dei vidareutvikla tenesta. Dei ha laga eiga nettside og tilbyr nå ulike pakketilbod med fast pris.

–Det er nytt for oss å tilby fastpris, eg tenkjer det er veldig greitt for kunden, då vert det ingen overraskingar undervegs.

Kunden kan velja å leige møblar for visning av hytte, hus eller leilegheiter. Då fiksar me alt ein skulle trenge frå sofa, seng og bord til bilete, lamper og handkle. Eller ein kan kjøpe ei full pakke til ei hytte ein skal bruka sjølv eller for vidare sal.

Det varierer kor mykje kunden er involvert i stylingprosessen. Nokre gonger får Møbelringen frie tøylar, men viss ein kunde skal innreia eiga hytte er dei ofte meir involvert i arbeidet.

Dei samarbeidar med Princess i Etne og har dermed ein ganske unik pakke å tilby kundane. I tillegg har dei avtale med Power om det er behov for TV, komfyr eller lignade.

–Forskjellen på oss og ei vanleg stylingbedrift er at me ikkje brukar ein fast pakke men me får inn nyheiter heile vegen og kan alltid tilby noko unikt, seier Strømø.

Me bruker i snitt 160-200 timar per jobb frå planlegging til ferdig montert og styla bustad. Viss ein reknar tid inkludert i prisen er det ikkje godt å gjera dette billigare sjølv.

Både private og bedriftskundar

-Kven er den typiske kunden?

- Det er ikkje noko som er den typiske kunden her, me har ein del bedriftskundar og meglarfirma som ønskjer styling, og entreprenørar som bygger og sel ferdig møblerte hytter. Men av privatkundar er det alle slags folk. Det er ikkje berre dei med veldig mykje pengar, men den normale hyttekjøparen.

Møbelringen har dei siste åra hatt i snitt omlag 10 oppdrag som dette i året og det tilsvarar nesten eit årsverk.

Ole Funderud er møbelmontør medan Mette Marie Lundal Håland og Anna Helen Eikeland Strand har full kontroll på kor alle handkle, bilete og blomar skal plasserast. Etter nokre timars arbeid er huset omgjort til ein koseleg, stilrein og tiltalande stad. I starten hadde dei ofte med seg ein god del ekstra for å vera sikre, men nå er oppdraga nøye planlagt og berre eit par bæreposar vart satt i bilen

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details