Hopp til innhald

Julemarknad i Ølen

Laurdag 11. desember blir det julemarknad i Sjoargata i Ølen sentrum. Komitémedlem Magne Christiansen er optimistisk og fortel om eit fullpakka program.

Julestemning i ei snøbelagt Sjoargata. Foto: Magne Christiansen.

Julemarknaden som kjem til å gå føre seg på formiddagen laurdag 11. desember tilbyr blant anna boder, sparkesykkellaup og konsert.

– Dette skal vera eit lågterskel tilbod for å ta ungane med seg ut i frisk luft og få julestemning. Det er lagt til rette for ein god del aktivitetar, underhaldning og julemusikk. På marknaden skal det vere boder der det vil vere mogleg å kjøpe mellom anna julekjøt, juletre og bakst, fortel Christiansen.

Julemarknad i Sjoargata frå tidlegare år. Foto: Magne Christiansen.

Trass dei nye tiltaka som regjeringa la fram tysdag 7. desember blir det julemarknad i Sjoargata. Christiansen grunngjev dette med at dei følgjer smitteversreglane og at det er eit arrangement som er ute.

– Det er lettare å tilpassa arrangement til korona når det er ute i frisk luft. Det meste vil difor gå som likt. Me skulle eigentleg har opplesing av juleforteljingar i Krambumuseet for ungane, men me måtte avlysa det, då det ikkje er mogleg å halde meteren der inne, legg Christiansen til.

Ledige stillingar

IKKJE PUBLISER Utbjoa Armering & Sveis AS
Frist: 01. okt

Folk i vinden

Tips oss

Folk i vinden

Har de ein ny kollega på laget? Send oss ein e-post så legg me det ut på Folk i vinden!

Send tips

Har du ei god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss.

Send tips
T E S T