Investerer i norsk robot-eventyr


– Me har investert i Halodi AS fordi dei har eit interessant produkt som dekker flere bruksområde. Halodi er ein av Hatteland-gruppen sin portefølje av meir enn 50 investeringar i interessante selskap i mange forskjellige bransjar, seier styreleiar Jakob Hatteland til Medvind24.

Han har sterk tru på det Moss-baserte teknologiselskapet han no har investert i, målet er å etablere robotutvikling som etterkvart vil kunne bistå i fleire viktige og avgjerande samfunnsroller.

I følgje Finansavisen har Halodi AS  henta 85 millionar kroner i ein emisjon, som blei leia an av vindkraftmilliardær Lars Helge Helvig.  Finansavisen skriv at han gjennom selskapet, Valinor, har gått  inn med over  20 millionar kroner, både Helvig og Autostore-gründer Jacob Hatteland har vore på eigarsida sidan 2017.

Halodi Robotics har som mål å utvikle robotar som kan utføre menneskelege oppgåver, dei har allereie utvikla humanoid-roboten «Eve» som blant anna er programert til å kunne utføre oppgåver innnan helse og omsorg. I 2019 skreiv Dagsavisen at Toyota Research Institute hadde kjøpt et eksemplar. I følge Shifter.no har også selskapet blant anna etablert avtalar med ADT Commercial, norske Strongpoint om å utvikle ei robotisert løsning for daglegvarehandelen og det italienske emballasjeselskapet Altopack.

Jakob Hatteland meiner robotar kan bli eit viktig supplement i framtida, for å kunne løyse oppgåvene som trengs.

– Det er jo slik at om levestandarden vår skal haldast ved like så må enkelte operasjonar forenklast og effektiviserast, det er ikkje snakk om at robotane tar over, men at dei kan hjelpe til med arbeidsoppgåver som er tunge, kjedelege eller slitsomme. Me har investert i Halodi AS siden det er mange særs flinke folk som har fått til mykje,  meiner Autostore-gründeren.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details