Har bedrifta di meldt seg på?

Fristen for bli med i trekkinga til Heiso Reis 2023 går ut ved midnatt 31.mai. 1.juni trekk me laga som går bli med på årets strabas, 16. september!

 


Laga til årets Heiso Reis kan melda seg kan melda seg på fram til og med 31. mai.  1.juni vil arrangørane trekka deltakarlaga blant alle påmelde lag. Trekninga vil bli lagt ut på Heiso Reis si facebook-side same dag, kl. 12.00

Meld på laget ditt til Heiso Reis 2023 her!

Viktig info!

  • Dato for årets Heiso Reis er 16. september.
  • Laga skal bestå av fem deltakarar per lag
  • Pris per lag: kr 10 000,-
  • Lag som ønskjer å delta kan melda seg på via denne linken og er dermed med i trekninga om å bli med. 
  • 1.juni vil sju deltakarlag bli trekte blant alle påmelde ( Funktek gjekk av med sigeren i fjor, og er dermed garantert plass på årets reis. ) 
  • Trekninga vil bli lagt ut på Heiso Reis si facebook-side og i Medvind24 sine kanalar. 

-  Det har tidlegare blitt såpass stor pågang ved påmelding på nettsidene våre, at systemet har fått tekniske utfordringar. For å gjera det rettferdig, vil me difor opna for at lag kan melda seg på i ein lengre periode, og at me trekk dei åtte deltakarlaga blant alle som har meldt seg på, fortel Heiso Reis-general John Karsten Hustveit. 

Sidan 2017 har Åkrafjorden Oppleving og Medvind24 Næringshage invitert lokale bedrifter til lokalvarianten av 71° Nord.  Åtte lag med fem deltakarar får testa både kløkt, fysikk, lagarbeid og kreativitet i ei ukjend løype i Vindafjord og Etne, med ei lett (og tung) blanding av oppgåver.  

Klikk deg inn på sidene våre for å sjå fleire bilete frå Heiso Reis dei siste åra!


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details