Heidrar fagarbeidaren


Satsinga i Helgevold er av den varige sorten, dette er ikkje ein kampanje over få veker, men derimot eit fokus som skal løftast fram i bedriftskulturen over tid. Det handlar om å vise fram fagarbeidarane som bedrifta er stolt over, og ikkje minst den kompetansen dei har.

Første ledd i satsinga er å lansere ein film der komikar Jon Niklas Rønning syng ein spesialkomponert song, som nettopp handlar om dei dyktige tilsette i elektrikarbedrifta.

– Me vil hylle fagarbeidarane og vil at dette skal bli enda meir ein fast del av bedriftskulturen vår. Me har over 200 tilsette, som er spreidde over eit stort geografisk område, det er viktig for oss at alle desse trivs på jobb. Er dei stolte over arbeidsplassen sin er dei også stolte over yrket sitt, seier Njåstad.

– Før kunne ein ofte høyre at folk «berre hadde eit fagbrev», no har heldigvis mange instansar i samfunnet satsa meir på yrkeslinjene, og fagarbeidarane blir løfta meir fram igjen. Me ser jo og at søkjartalet til yrkeslinjene aukar, det er kjekt å sjå. Fagbrev gir ein veldig god start på yrkeslivet, meiner Line Njåstad.

Treng flinke folk

I songen til Jon Niklas Rønning kan ein høyre om aksje-meglaren som sit på hytta utan straum og dermed ikkje får start på Teslaen til heimturen. Då er det greitt å ha ein elektrikar i Helgevold å ringe til, kjem det fram frå teksten som er skriven av Rønning med god hjelp av stikkord frå Helgevold-gjengen.

– Før var nok og elektrikaren ein litt enklare jobb å definere kompetansen til. I dag er faget meir fletta i saman med andre fag Me treng flinke fagfolk som kan jobben sin, meiner Njåstad.

Vidare har dei planar om fleire tiltak som vil hylle både lærlingen og den ferdig utlærte fagarbeidaren. Helgevold har eit sterkt fokus på å få inn flinke lærlingar, som igjen gjer rekrutteringsjobben enklare.

Satsar på lærlingen

– Me har jobbar innan både innan elektro, svakstraum, automasjon, mediegrafikar og kontorfag, slår HR-leiaren fast og viser til at Helgevold har ein eigen tilsett for å fylgje opp lærlingane, i år er det 12 lærlingar nytilsett hjå Helgevold.

– Me satsar naturlegvis på at dei får ei god oppleving hjå oss, samstundes som at me legg til rette for at dei får ei god læretid , får me og sjansen til å forme dei slik me ynskjer, fortel Njåstad og viser til at rekrutteringa til bedrifta i det store og heile går bra.

– Det har vore god respons på dei jobbane me har hatt ute den siste tida. Dei tilsette er nok gode ambassadørar for oss.

Helgevold Elektro AS blei etablert i 1987, og kan dermed feire 35 år til neste år. I dag består Helgevold Gruppen av Helgevold Elektro AS, Helgevold Elektro Haugesund AS og Ystanes Elektro AS, med hovudkontor i Vindafjord.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details