Rask vekst med bygg og betong

Frå 10 tilsette i 2012 til 25 medarbeidarar i dag. Ei omsetningsauke på over 35 prosent i 2015 og snart fulle ordrebøker for dei neste månadane. Dei mykje omtalte nedgangstidene er framandord for Haugaland Bygg & Betong.

- Det har vist seg å vera eit behov som faktisk er større enn me har vore klar over, fortel dagleg leiar Rasmus Tore Stople. 

Selskapet har ikkje rukke å bli fire år gammalt enno, men har allereie dobla mannskapet og kan visa til ei fjorårsomsetning på over 32 millionar kroner, ei auke på 34 prosent frå året før.

Øyvind Hamre (t.v) og Rasmus Tore Stople arbeidde først saman i 2012. Den gong hadde Hamre ti tilsette i sitt eige selskap. I dag er dei likeverdige eigarar i Haugaland Bygg og Betong med 25 tilsette i staben.  


Haugaland Bygg og Betong tar oppdrag innan tømring, betong, steinmurar og flising, både på nybygg og rehabiliteringsprosjekt. Oppdraga brer seg frå hytter og einebustadar for private, til større industriprosjekt og landbruksbygg, hovudsakleg på indre Haugalandet, men også i eit stadig større omland. 

Større nedslagsfelt 

Det er ikkje ofte stilt på telefonen og det blir mange timar på vegen. Oppdrag frå eit stadig større distrikt tikkar inn, frå Gismarvik, til Ryfylke og Hardanger. 

- Det er ikkje mange selskap her i distriktet som leverer alle dei tenestene me gjer. Me har nok ein fordel ved at me kan ta på oss både tømraroppdrag og betongjobbar, i tillegg til arbeid med stein og flising. Slik sett er det færre entreprenørar for kundane å forhalda seg til, meiner Stople. 

Haugaland Bygg og Betong kan kvittera med entreprenørarbeid på ei rekkje store bygg i distriktet dei siste åra: det nye Felleskjøpet/Coop-senteret i Etne, Småfolk barnehage, Lundeneset vidaregåande skule, utviding av Fiskå Mølle, fleire kraftanlegg og landbruksbygg, i tillegg til ei rekkje byggje- og rehabiliteringsjobbar på hus og hytter. 

Om lag halvparten av oppdragsmengda er private bustadbygg og fritidsbustader. Resten er arbeid innan industri- og landbruksprosjekt. For fleire entreprenørar i distriktet har Haugaland Bygg og Betong blitt ein fast samarbeidspartnar. 

- Me har hatt det meste av betongarbeid for Berge Sag her i distriktet, fleire oppdrag for Ottar Skjold Maskin, og ei rekkje landbruksbygg i samarbeid med Fjøssystemer, fortel Stople. 

Me jobba med fleire innleigde arbeidarar på eit prosjekt i 2012. Dette var så dyktige folk at me måtte berre gripa sjansen å tilsetja dei på fulltid. 

Og «distriktet» han snakkar om utvidar seg stadig. Mange av oppdraga kjem frå kundar i Etne og Vindafjord, men Haugaland Bygg og Betong viser att i både Hardanger, Ryfylke og ytre delar av Haugalandet. Me snakkar landbruksbygg i Ulvik og Gismarvik, leiligheter i Suldal, kraftverk i Årdal, og rehabiliteringsoppdrag på bustader i Røldal og Skare. 

- Det har blitt lange dagar på vegen etter kvart. Og med mange tilsette i arbeid på prosjekt over eit såpass stort område, har me vore nøydde til å få fleire ressursar på plass i selskapet, fortel Øyvind Hamre, som saman med Stople etablerte selskapet i 2012, som likeverdige eigarar. 

Samla den rette kompetansen 

Raimondas Kaliesnikas (t.h) held koken i arbeidet på landbruksbygget som er blant dei største prosjekta hjå Haugaland Bygg og Betong i dag. 

Like etter nyttår flytta Haugaland Bygg og Betong «kontoret» frå Hamre sitt kjøken i Vikedal og inn i Medvind Næringshage i Ølensvåg. Kontormedarbeidar Camilla Leite Børve tar seg av fakturering, og administrasjonsoppgåver. I løpet av våren får selskapet to nye tilsette; ein ny kollega går inn i ei leiarstilling, ein annan skal ta seg av arbeid med flising. 

- Me får inn ein svært dyktig fliseekspert som vil ha alt arbeid med fliser som hovudområde. Å sikra seg dyktige fagfolk som leverer, har heile vegen vore ein viktig del av det å byggja verksemda. Det har nok også vore ein nøkkel til ei vellukka verksemd, meiner Hamre. 

Og det var nettopp tilgangen på den gode kompetansen som starta det heile, då Hamre og Stople gjekk saman om selskapet for snart fire år sidan. Hamre hadde då ti tilsette i arbeid i sitt eige selskap, og leigde inn Stople til byggejobben på Diversen-bygget i Ølen. 

- Me hadde også ei rekkje gode fagfolk på innleige, som alle var på jakt etter fast arbeid. Dette var så dyktige folk at me måtte gripa sjansen å tilsetja dei på fulltid, fortel Hamre. 

Og med den samla ekspertisen på plass let ikkje responsen venta på seg. Sidan har det vore travle år. Og aldri har det sett så lyst ut som det gjer nå, seier dei to.  

- Året har starta svært bra. For entreprenørar i vår bransje er det vanlegvis på vårparten at førespurnadar om dei fleste jobbane kjem, men allereie i januar var ordrebøkene våre så godt som fulle. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details