- Har som mål å klara åtte i timen

Å klippa sauer er både teknikk og erfaring. Noko dei to lærlingane på Nortura sitt klippekurs fekk erfara til fulle. Det såg så enkelt ut når Lars Bakke gjorde d


No skal det seiast at skjoldabuen Bakke har over 30 års erfaring som saueklippar. Sjølv om han ikkje klipper kvar dag, tek han unna 20 til 30 sau i timen litt etter kva rase det er og korleis ulla er. 

Det skulle vore fem deltakarar, men tre dukka ikkje opp. Dermed blei det både god tid og mange sauer å bryna seg på for Torstein S. Kolås (15) fra Etne og Marianne Bådsvik (36) frå Bjoa. Dei starta fredag ettermiddag, og var i god gang i sauefjøset til Hanne Lundal i Skjold då Medvind24 stakk innom laurdagen.

Viktig å ha kontroll på sauen

- Eg har ansvaret for 30 sauer på garden heime, og tenkte det er greit å kunna klippa dei sjølv. Eg har forstått kva eg skal gjera, men ikkje heilt korleis enno. Så det er berre å øva. Eg har som mål å klara åtte sauar i timen, men akkurat no er eg ikkje heilt sikker på om eg kjem til å klara det, seier Torstein og ler. 

Han overlet til Lars å finklippa den siste sauen som har lurt seg unna med halvt «kinnskjegg» på den eine sida og eit heilt på andre sida. Og litt ull nederst på magen og bakbeina. 


Å handsama og halda sauen på rette måten etter kvart som ein klipper, er halve jobben. 

- Å læra meg teknikken med å halda sauane slik at dei ikkje får sprella seg laus er det viktigaste for meg i dag. Det er nyttig i høve til andre situasjonar også slik at dei ikkje spreller på seg skadar, seier Marianne, som overtok ein gard på Bjoa i fjor og har 50 sauer. 

Tålmod og gode råd gjev resultat

Instruktør Lars er tålmodig og viser på nytt og på nytt korleis dei to læringane skal gjera det både med å handsama sauene og klipping. Nå dei gjer det sjølve, kjem han med gode råd undervegs. Som å flytta eine foten 10 cm bakover, og der ligg sauen heilt i ro. 

Det var Skjold Sau & Geit som har hadde søkt Norsk Sau & Geit om midlar til kurset. Då det blei for få deltakarar til å halda det på Nortura, steppa Hanne inn sidan ho enno ikkje hadde klipt alle sine lam. På garden er det ca. 200 vinterfôra sauer. Brorparten av er på fjellbeite om sommaren, medan resten går heime som beitepussarar. 

- Eg tok av 100 dyr, men med så få deltakarar og denne farten, ser det ut til at Lars får litt å gjera når kurset er ferdig også. Han er fast klippar her på garden, seier Hanne.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details