Hamskifte for Statoil-stasjonen

Snart kan du fylla bensin på ein raud, kvit og gul Circle K-stasjon i Ølensvåg. Alle Statoil sine bensinstasjonar skal få ny fargedrakt og nytt namn, og hamskiftet ved bensinstasjonen i Ølensvåg tar til allereie i haust.


Den orange oljedråpen på blå bakgrunn er snart historie ved bensinstasjonen i Ølensvåg og samtlige andre Statoil-stasjonar i Noreg og Sverige. Allereie i vår startar ombygginga av stasjonane i Noreg, som då blir omdøypt til Circle K, og får ny fargedrakt i raudt, gult og kvitt.

 

I Ølensvåg startar omprofileringa truleg til hausten, og dagleg leiar ved Ølensvåg Autosenter, Bjarte Berge, ser fram til ansiktsløftet ved stasjonen. 

 - Det er alltid positivt med noko nytt, og eg har tru på at den nye merkevara Circle K vil bli populær. Først og fremst er det namneendringa, fargane og profilen som blir fornya. Andre endringar veit me førebels ikkje noko om, men bensinstasjonane i Noreg vil nok dra vekslar på stasjonar som går under same kjede i nord-Amerika også når det gjeld varer og tenester, seier Berge. 

Hamskiftet kjem som følgje av at den kanadiske kjeden Couche Tard kjøpte aksjemajoriteten i Statoil Fuel & Retail i 2013. Til nå har stasjonane vore Statoil-merka, men i løpet av året vil den kjende merkevara blir erstatta av Circle K på meir enn 300 bensinstasjonar langs vegane i nord-Europa. 

 Circle K er alleie eit kjent merke i store deler av verda, og er i følgje hegnar.no Couche-Tards største og mest internasjonale merke. I dag er Circle K å finna på tusenvis av butikkar og bensinstasjonar i 14 land verda over. Totalt vil meir enn 15 000 bensinstasjonar globalt i kjeda nå bli omdøypt og få ny profil. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details