FK-butikken blir BondeKompaniet

Alle butikkane i Felleskjøpet Rogaland Agder skifter namn til BondeKompaniet. Butikksjef i Etne, Jon Oddvin Moe, meiner det no blir enklare for kunden å skilje mellom regionsbutikkane og Felleskjøpet Agri.


Alle dei 21 Felleskjøp-butikkane frå Kvinnherad i nord til Tvedestrand i sør skifter no namn til BondeKompaniet, i stor grad for å skilje tydlegare mellom butikkane i Rogaland Agder og resten av Felleskjøpet Agri. Dei nye skilta er allereie på plass på butikken i Etne.

– Me har jo mange kundar som er innom her og etterlyser varer og prisar som dei har sett hjå Felleskjøpet Agri på nett. Me har mykje likt, men er likevel ulike butikk-kjedar, det blir det enklare å formidle til kundane no, meiner butikksjef Jon Oddvin Moe og viser til at dei og no kjem med nye og meir komplette nettsider. Han leiar butikken i Etne som har 10 årsverk og eit relativt stort butikk-tilbod, mykje på grunn av at butikken dekkjer eit stort geografisk område, frå Hardanger til Suldal og Sauda.

– Me har lagt bak oss eit spesielt år, men salet har vore bra. Mange har hatt god tid heime og dermed og god tid til hus og hage. Sjølv om landbruket har vore stabilt er det dei private kundane me ser størst auke hjå gjennom koronaperioden, meiner Moe og viser til kor viktig det også framover blir å halde dei tilsette friske og ha sterkt fokus på smittevern i butikken.

– Kvifor vart namnet BondeKompaniet?

– Det er styret i regionen som har funne fram til namnet. Namnet symboliserer samvirketanken i landbruket og meininga er å signalisere jordnære verdiar der kunden kan få det meste ein treng til hus, hytte, hage, skog og landbruk. Sjølv om namnet er skifta er alt som vanleg her, me har dei same varene og ingen endring elles i drifta, slår Moe fast.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details