Ein uvanleg haust, men slik me vil ha det

Det har vore mykje snakk om reduserte arbeidsmengder og færre jobbar å oppdrive denne hausten - særleg innan olje- og gassnæringa. Men det er ikkje for alle likt - heldigvis.

 

- Det har vore ein uvanleg hektisk haust for oss i Helgevold elektro i Suldal, kan arbeidsformann i Suldal-avdelinga, Jan Rune Hoftun fortelja. - Nett slik me vil ha det, legg han til. Vanlegvis har det vore rolegare tider på seinsommaren og utover hausten, men dette året har det vore stor byggeaktivitet i Suldal. 

- Mens me tidlegare år i periodar har reist ein del over fjorden til Sandeid og Ropeid-halvøya på oppdrag, så har me denne hausten hatt nok å gjere på denne sida av fjorden for alle oss seks som utgjer Helgevold-avdelinga i Suldal. Privatmarknaden er stor med mange nybygg, fortel Hoftun. 

Høse bru i Suldal, ein av stoppestadane på Nasjonal Turistveg Ryfylke, vart for eit par år sidan kåra til den beste brua i ei designkåring hos det amerikanske reiselivsmagasinet Travel + Leisure. Jan Rune Hoftun kan stolt fortelja at Helgevold elektro si avdeling i Suldal har hatt ansvaret for lyssetjinga. Foto: Torleif Heggebø

Leiligheiter og einebustadar 

Han nemner prosjekt som Suldal Hyttebygg sitt Klypa - eller Klypå, som dei seier i Suldal - og Haugen Vidsyn. Klypa er ei samling to-, fire- og seksmannsbustadar ikkje langt frå Helgevold sine lokale på Sand. 

Bustadfeltet Haugen Vidsyn ligg fint og sentralt til på Eide. Her bygger KV Bygg Suldal både leiligheiter og einebustadar i rekke. Helgevold elektro har ansvaret for el-installasjonane på begge prosjekta. 

- Og så har me installasjonsarbeida i tre tomannsbustadar som Berge Sag set opp i Suldalsosen, legg Hoftun til. 

Han har òg Ølen Betong på kundelista. 

- Ølen Betong har kjøpt og renovert eit gamalt blandeverk her i Suldal. Dei elektriske arbeida har me hatt ansvaret for, og me har framleis serviceoppdrag ved blandeverket, fortel han. 

Rammeavtale med kommunen 

I vår sikra Helgevold elektro Suldal seg rammeavtale med Suldal kommune. Avtalen vart vunnen i konkurranse med to andre lokale tilbydarar. 

- Kompetanse og leveringskapasitet var viktige faktorar, og då var det godt med ein stor eigar som Helgevold Gruppen i ryggen. Her er det bra med kompetanse i kort avstand frå der jobbane skal utførast. Avtalen er inngått for to år, med opsjon på ytterlegare eitt + eitt år, fortel Hoftun, som er glad for langsiktigheita slike avtalar gir. 

- Det er alltid noko som må gjerast i kommunale bygg, og me har forplikta oss til å stilla på kort varsel. 

Eit døme på korleis slike jobbar dukkar opp fekk me då me var innom skulen på Sand for å sjå på el-installasjonane Hoftun og suldalsgjengen har lagt opp i samband med eit stort og nytt ventilasjonsanlegg ved skulen. 

- Eg må ha ein prat med deg før du går. Det er noko som må fiksast. 

Vaktmeisteren huka tak i Hoftun medan me var innom, og dermed var eit nytt oppdrag lagt inn i arbeidslista. 

Store anleggsprosjekt på gang 

Det er store prosjekt på gang i Suldalsheiane. Statnett skal legge den såkalla Englandskabelen - ein 720 kilometer lang, undersjøisk kabel frå Kvilldal til Blyth i England. I samband med dette blir det ein god del arbeidsoppgåver som kan utførast av selskap som Helgevold elektro. Dette arbeidet kan Hoftun tenke seg å få vera med på. 

- Me jobbar der no med diverse mindre oppgåver, men me vonar sjølvsagt å kunne vera med fast når arbeidet kjem skikkeleg i gong. Det hadde ikkje vore meg imot å vera med og bidra på eit prosjekt som blir karakterisert som verdas største i sitt slag, ønsketenker Hoftun. 

Kabelen får ein kapasitet på 1400 megawatt, noko som tilsvarar straum til om lag 750 000 husstandar. 

Lærlingar sikrar rekrutteringa 

Hoftun var nær ved å få plass som lærling i Helgvold elektro i 2003, etter å ha tatt vidaregåande utdanning ved Sauda vidaregåande skule. 

- Som så mange andre unge på den tida hadde eg ei dragning mot byen - Stavanger - og det vart til at eg tok læretida mi der, men etter nokre år var det på tide å koma attende til heimbygda. Eg tok kontakt med Johannes Helgevold, og no er eg her, fortel Hoftun, som no i desember kunne feire femårsjubileum som tilsett i Helgevold elektro. 

Han er glad for at andre ikkje har gått i hans fotspor kva læreplass gjeld. Ikkje det at det ikkje gjekk bra i Stavanger – for det gjorde det, men han ser at lærlingar er gull verdt for rekrutteringa i Helgevold elektro og at det er nyttig å ha dei i arbeid i læretida. 

Ein av dei som tok læretida si i Helgevold elektro er Glenn Magne Sola Gjerde. Han tok fagbrev i 2007 og har sidan vore tilsett i firmaet. 

- I dag har me ein lærling med oss, Håkon Førre Vannvik, som skal gå opp til fagbrev i februar neste år, og til våren har me tenkt å stille på yrkesmessa i Sauda for om mogleg å rekruttera ein eller fleire nye lærlingar, fortel Hoftun, men legg til at det òg er plass for seniorar. 

- Eldstemann i laget, Magne Langeland, har passert 67 år, men står på. Han er bøndene sin mann og har ansvar for service og vedlikehald på det elektriske i fjøsanlegg og driftsbygningar rundt om i kommunen. Han har òg tilsyn med elektriske anlegg hos privatkundane våre, seier Hoftun.


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details