Den spesielle turist-sommaren

Sommarsesongen i år blei krevjande for reiselivsnæringa. Åkrafjorden Nature B&B er ei av bedriftene som nytta den rolege tida til å satse, no lanserer dei både juving og ny familievennleg Via Ferrata-rute.

Til helga opnar Robert Melkeraaen og Laila Sørhus juving i Smielvejuvet på Rullestad i tillegg til ny og meir familievennleg Via Ferrata-rute i Ingadalen og rappellering. Juvinga som opnar no byr på spanande rappellerings-turar ned store fossefall, dei lengste om lag 30 meter høge. Frå før driv gründerane med overnatting i det gamle bygget til Fjæra skule, i tillegg til Via Ferrata i Kyrkjeveggen og sykkel - og fotturar. Koronasituasjonen stengde døra for internasjonale gjester, men det opna også opp for norske turistar som sjeldan ferierer i eige land. 

- Me er faktisk nøgde med sesongen, med tanke på kva me såg for oss i mars når landet stengte ned. Me tapte om lag 150 000 kroner i april, og tenkte at kassa var tom innan juli, men så byrja det så smått å ta seg opp igjen, fortel dagleg leiar på Åkrafjorden Nature B&B, Robert Meelkeraaen. 

Image
Juvinga som opnar no byr på spanande rappellerings-turar ned store fossefall, dei lengste om lag 30 meter høge. Foto: Åkrafjorden Nature B&B. 

Melkeraaen frykta konkurs i sommar, han tok opp igjen den gamle jobben sin som ringevikar i Kystverket og framtidsutsiktene såg mørke ut. Inntektene forsvann så godt som over natta og koronarestriksjonane sette sine avgrensingar sjølv om arbeidsdagane var like lange. Så kom juli. 

- Då auka det på, og juli vart ein bra månad både med tanke på overnatting og aktivitetar. Me har jo ikkje lyst til å gi opp, me valde heller å satse og prøve å bygge opp endå meir. Nordmenn på ferie vil gjerne ha aktivitetar og dei betaler for det. Mange har oppdaga Norge og Vestlandet på nytt denne sommaren, det er fint, meiner Melkeraaen. 

- I Via Ferrata - ruta ligg me over budsjettert tal gjester, og kjem nok til å kome opp i 1000 besøkjande i løpet av sesongen, det er bra. Så får me sjå korleis hausten og vinteren blir. 

Stopp i cruise-trafikken

- Me har mista 14000 cruise-gjester denne sesongen, og tapt minst fem millionar i omsetnad, Det er klart dette er krise, men me gir oss ikkje så lett, me smiler og går på, seier styreleiar i Åkrafjorden Oppleving, John Karsten Hustveit. 

Paraplyorganisasjonen i Åkrafjorden lagar reiselivspakkar og guidar tusenvis av turistar gjennom aktivitetar, overnatting og måltid i ein normal sesong. Denne sesongen har ingenting vore normalt, og korona-restriksjonane har ført til stopp i den aller største inntektskjelda, nemleg cruisebåtane som kjem inn til Haugesund.

- Aktørane i Åkrafjorden har hatt det betre enn me i organisasjonen, dei som tilbyr aktivitetar som dei norske turistane er interessert i har gått veldig bra, vårt største tilbod er fjordcruise og traktorsafari til Eikemo. Safarien gjekk som planlagt, og har stort sett vore utselt, der kunne me til og med sett opp fleire turar. Fjordcruise køyrte me som planlagt i juli, men hadde få gjester, det er ein aktivitet som truleg passar betre for utanlandske enn norske gjester. Ein time på fjorden blir fort for kjedeleg for dei norske turistane, dei søkjer spenning og adrenalin, meiner Hustveit. 

Han ser at resten av årets sesong forsvinn, og håpar kvardagen er blitt normalisert inn mot neste sommar. Om tala i Åkrafjorden Oppleving har vore nitrist lesing denne sommaren har situasjonen på Åkrafjordtunet, der Hustveit også er dagleg leiar, vore heilt annleis. 

- Åkrafjordtunet har gått over all forventning denne sommaren, etter ein roleg vår der me fekk vår første påskeferie på 21 år. I sommar har me hatt godt med besøk av norske turistar, og dei legg igjen meir pengar enn dei utanlandske. Eg undervurderte kva fly på bakken og stengte grenser betydde for oss, slår Hustveit fast. 

Image
Slik blir det nye servicebygget ved Langfoss sjåande ut om alt går etter planen, målet er ferdigstilling sommaren 2021. Illustrasjon: Holon Arkitektur

Roleg sesong

Nina Kaltwasser er dagleg leiar på Eljervik Gard i Åkrafjorden. I vinter hadde ho håp om at årets sommarsesong skulle bli den aller beste, planane for lunsjservering til tusenvis av cruisegjester guida båtturar var klare. Etter tre dagar med cruisegjester i februar var det bom stopp, etterpå har det vore ganske stilt på Eljervik Gard. 

- Dette har vore ein roleg sesong, alle bookingane forsvann og me har brukt tida vår på å ruste opp garden og vedlikehald. Me må sjå framover, og kan ikkje gi opp no, meiner Kaltwasser. 

- Kiosken som me driv ved Langfoss har hatt nesten normale dagar, og er godt besøkt av norske turistar. Det negative der er at sesongen i år er kortare, frå juni til september, normalt er den frå april til november. 

 Trass i ein bråstopp i sesongen og usikre framtidsutsikter satsar dei likevel på å realisere planane om eit nytt service- og opplevingssenter ved Langfoss.

- Då korona-teppet gjekk ned i mars tenkte eg at planane måtte stoppast, dette får me ikkje til no. Men så gjekk tida og me sette oss ned med planar og kalkylar, og no er me klare for å satse. Går alt etter planen blir det byggestart i november, med ferdigstilling til hovudsesongen i 2021. 

- Dette skal bli eit besøkssenter der ein kombinerer eit bygg på om lag 300 kvadratmeter med offentlige døgnåpne toalett og suvenirbutikk . I tillegg blir det eit areal som er eigna for arrangement, selskap og event. Arkitekt er Pål Stolt-Nielsen Reksten hjå HOLON Arkitektur, og hovudentrepenør er Engelsen Bygg. 

Så langt har sommaren vore prega av restriksjonar og tiltak. No ser Kaltwasser at det mot haust og vinter losnar litt med tanke på lokale og regionale gjester. 

- Det kan ta eit par år før me når normalen igjen, men me satsar vidare mot at alt skal bli bra igjen, slår ho fast. 

Oppsving for bygda

Fugl Fønix Hotel i Etne har klart seg greitt gjennom korona-krisa, sjølv om hotellsjef Audun Stene slår fast at også hjå dei har sommarmånadane vore annleis enn til vanleg. 

- Me har hatt færre gjester, men dei har lagt igjen meir pengar. Dei utanlandske turistane har vore så godt som fråverande, så det er den norske marknaden som har redda oss, meiner han. Han håpar mange vil vurdere norsk ferie også neste sommar, sidan korona-situasjonen truleg blir langvarig. 

- Eg ser med gru på dei konferansehotella som ligg plassert midt i byane no, dei har det grusomt. Det er mykje betre å drive hotell i Etne enn eit flyplasshotell i desse dagane, folk vil gjerne vekk frå byane og bygda blir sett på som tryggare. Eg trur distrikta vil få ein oppsving av dette, mange av dei som har vurdert å flytte heim vil og få eit ekstra spark bak no. 

- Målet vårt framover er å setje Etne på kartet, slik at stadig fleire turistar finn oss. Hotellet i Etne har 33 rom, og tilbyr i tillegg mindre og større kurs og konferanselokale, selskapslokale, arrangement, kurs og guida turar. 

Stabilt campingbesøk

Hjå Grimaas Camping i Vikedal har dei ikkje merka så mykje konsekvensar etter koronakrisa, her støttar dei faste gjestene frå nærområdet opp år etter år. 

- Me har gjester frå Haugesund, Karmøy, Stord til Austlandet. Mange av desse har vore her i mange år og har sine faste plassar. Og campinglivet trur eg mange ser på som eit tryggare alternativ enn å feriere i by, her er det frisk luft og god plass, det likar gjestene, slår dagleg leiar Billy Grimaas fast. 

Grimaas Camping tilbyr også laksefiske i elva, noko som er eit populært tilbod for mange fiskarar. 

- Her er det og same gjengen som kjem, dei er godt kjende her og vil gjerne tilbake til dei faste plassane dei har i elva. 

Populære aktivitetar 

Frønsdal Aktivitetsgard i Ølensvåg har aktivitetar for både barn og vaksne. Dei tilbyr blant anna riding og køyring med hest, lavvo til selskap og grilling, paintball og aktivitetar som hesteskokasting, pil og bue, øksekasting og sandvolleyball. 

 - I år hadde me satsa breitt på overnatting og aktivetar, men overnattingsdelen vart veldig avgrensa, og utleige av rom og bubilparkering tok diverre ikkje av. Eg kunne gjerne tenkt meg litt meir trykk der, men aktivitetsdelen var ganske bra, her var det godt besøkt, fortel dagleg leiar Jan Sverre Frønsdal.

- Stallen og ridetimane har hatt greitt besøk heile sesongen, nokre dagar har det også vore fullteikna. 

Frønsdal er ikkje heilt samd med kollegane som meiner norske turistar legg igjen meir pengar enn dei utanlandske. 

- Det tar litt tid å bli kjent med den norske turisten, dei har andre preferansar på kva som skal vere gratis og kva som skal koste noko. Me er så vane med at friluftsliv er gratis at det er vanskeleg å setje ein skikkeleg pris på dei opplevingane, meiner Frønsdal og peikar på at målet er at også denne delen av regionen skal bli ein stad turistane stoppar opp ved, og ikkje køyrer gjennom. 

- I år har me vore heldige sidan mange av dei som har hytter her eller er på besøk her har vore innom oss, og mange av dei har kome igjen fleire dagar, det er veldig kjekt. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details