Byggefirma i vekst


– Me er på leit etter ein person som kan vere bindeledd mellom meg som dagleg leiar og prosjektleiarane våre. Me får stadig inn både fleire og større jobbar, så min jobb krev for mykje. Eg har hatt ansvar for både kundeoppfølging, sal og prosjektleiarane våre over lang tid, det kan fort bli litt mykje, seier Kjetil Nedreskår.

– Det er veldig viktig at den som kjem inn til oss har god kjemi med oss, og forstår korleis me jobbar. Me har utruleg flinke tømrarar og prosjektleiarar som set høge krav til både seg sjølve og oss som leiarar. Dei beste på å kommunisere effektivt internt og mot kundar har nokre personlege eigenskapar som ein ikkje kan lære seg trur eg, slår han fast.

Vil sikre lokale jobbar

Etter oppstarten av Etne–bedrifta i 2016 har dei hatt ein jamn vekst, med unntak av ein liten nedgang i inntektene i 2019. No har bedrifta 20 tilsette og omsette i fjor for vel 44,6 millionar kroner.

– Vårt ynskje har heile tida vore å skape ei bedrift som klarer seg økonomisk, sikre lokale jobbar og bygge eigenkapital slik at me og kan skape nye arbeidsplassar. Det har vore ei fin, men og krevjande tid, seier han og ser tilbake på åra der han har gått frå å drive som sjølvstendig byggmeister med 2–3 tilsette, til å bli bedriftsleiar for ein større stab.

I dag har bedrifta jobbar både i privat og offentleg marknad. Dei er ein del av kjeda Systemhus som tilbyr ei rekke hus og hytter i sine katalogar, samstundes som dei tar på seg store offentlege bygg og prosjekt.

– Me har rammeavtale med tre kommunar, Karmøy, Haugesund og Etne. Det er mykje jobb i dei avtalane, i tillegg til at me er med på mange anbodsrundar offentleg, det er noko av det me er blitt gode på med åra.

– Det er og noko av grunnen til at me treng denne personen som skal bli ansvarleg for prosjekta og ha eit overordna blikk på kva prosjektleiarane jobbar med. Me jobbar i så mange segment, og har heile tida kontakt med veldig ulike kundar, dette yrket har og  eit visst press på jobb. Det ein produserer blir heile tida omgjort til timar og kroner, det er klart det slit på mange prosjektleiarar over tid, fortel Kjetil og viser til at dei blant anna no arbeider med nye omsorgsbustadar på Karmøy, ein jobb som har ein verdi på om lag 20 millionar.

Utvidar søknadsfristen

Kjetil meiner bedrifta no skal bruke litt tid på å finne den rette personen, og har difor forlenga søknadsfristen.

– Me fekk fleire gode søkjarar, men no utvidar me dette litt og tek oss endå betre tid. Me klarer oss fint ei stund til utan at denne personen er på plass, så kan me heller bruke tida på å finne den som er rett for oss.

– Me tenkjer langsiktig og vil gjerne at den som kjem til oss blir her over tid, det er ikkje så interessant å bruke mykje tid og krefter på å lære opp ein person som raskt reiser vidare. For oss betyr det også noko å bygge Etne som lokalsamfunn og sikre at det finst gode jobbar her.

I tillegg til stillinga som prosjektansvarleg har dei også ledige stillingar som fagarbeidarar i bedrifta.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details