Bondemarknad i begge bygder


I Ølen er det interesseorganisasjonen Vindafjordbonden som står som arrangør. Eivind Lien er styreleiar og ser kor viktig ein slik dag er.

– Det er viktig for oss å synleggjere bøndene, norsk landbruk og matproduksjon i større grad. Bøndene er ein viktig del av samfunnet, og me håpar bondemarknaden kan bidra til at folk får eit tettare forhold til oss. Det er spesielt viktig når så få driv gard eller har dyr på nært hald.

I Ølen stiller 20 lokale produsentar med sal av mat og handverk. Det vert og kåring av vêrlam, utstilling av husdyr, traktorar og maskiner, sal av grillmat og bondeleikar der lokale bønder skal møtast til kamp.

– Me har aktivitetar og produkt for både store og små og vonar dette kan bli ein kjekk dag for folk i alle aldrar, avsluttar Lien.

Løp og konsert i Etne

I Etne er det Etne senter som inviterer til Bondemarknad. Jorunn Halsnes og senterleiar Ester Osvåg er primus motorar. Dei ser fram til å samle folk på ny etter nokre år med få arrangement.

– Eg trur folk byrjar å bli klare for å komme seg ut og møte folk. Alle må ta sine førehandsreglar med omsyn til smitterven og slik sett er det greitt at det er bondemarknad i begge bygdene same dagen. Det er eit godt opplegg både i Ølen og i Etne, og om ein vil få med seg begge arrangementa, er det kort veg å køyre, seier Halsnes.

Medan det i Ølen vil vere samling i Sjoargata, vil arrangementet i Etne vere spreidd utover området mellom Bondekompaniet og Etne senter.

Kjendistung tvekamp

– Me skal ha 63 utstillarar framfor senteret. Der vil ein finne eit variert innhald, alt frå strikkeprodukt til mikrobryggeri. Ved å gjere det gratis for utstillarane å ha stand, ynskjer me å seinke terskelen for å møte opp med eigne produkt. Det er så mange som lagar ting heime, som fortener å komme meir fram i lyset. Det blir vêrlamkåring i regi av Etne sau og geit, utstilling av husdyr, traktorar og ATVar og konsert med Karoline Taraldsøy.

– Det vil vere spanande program for både born og vaksne. Klokka 11 arrangerer me Bondespretten der alle uansett form er inviterte til å hive seg med. I forkant vil det vere eit løp for born og på slutten av dagen vil det vere tvekamp. Det eine laget består av eventyrar Moa Hundseid, ordførar Mette Heidi Bergsvåg og presten Per Heimdal, men motstandarlaget er framleis hemmeleg, seier Halsnes med glimt i auget.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details