Best på pizza


– Her er det fest og basar i dag, seier den påtroppande salssjefen i Circle K Rogaland, Anita Berge medan ho deler ut papp-beger med pizza, brus og premiar frå gode samarbeidspartnarar.

Kundane er ivrige på å ta turen innom pizzavogna som er innom Ølensvåg på sin helgeturne i Rogaland. Ved sida av vogna står dagens lykkehjul der vinnarane får utdelt premiar frå Berge, som gler seg over at det er mogleg å setje salsrekord i Ølensvåg.

– Me har jobba langsiktig med dette og har sterk tru på produktet. Sjølv om ikkje markanden er så stor som i ein by så er folk flinke til å bruke oss, slår Berge fast.

Det var i september i fjor at samarbeidet med Peppes On The Go starta opp. Ida Haraldseid tok nyleg over jobben som butikksjef etter Anita Berge, ho meiner stasjonen kan takke lojale kundar for dei gode salstala.

– Me sel mykje møtemat og overtidsmat, bedriftene her er flinke til å bestille hjå oss. Me har og flinke folk på jobb som er gode på å lage pizzaen frå Peppes On The Go som me sel her, seier ho.

I løpet av året som har gått sidan oppstarten har dei selt fleire hundre tusen pizzaer. Haraldseid har jobba på Circle K i Ølensvåg i fem år, og har visjonane klare for vidare utvikling av stasjonen.

– Først og fremst skal me alltid jobbe mot å bli betre. Eg er heldig som kjenner både stasjonen, tilsette og kundar godt. Dette er likevel ei ny rolle for meg, det blir veldig spanande å sjå kva me kan få til.


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details