Autostore på børs


Autostore blir årets store børsnotering. Japanske Softbank gjekk inn som eigar i Autostore i april, då vart selskapet verdsatt til 65,6 milliardar kroner. No er det lagt fram ei børsmelding der det kjem fram at Autostore har planar om børsnotering, og at ny prising av selskapet vil kome i oktober.

Dagens Næringsliv skriv at ein i samband med børsnoteringa vil hente inn 315 millionar dollar i frisk kapital gjennom nye aksjar, noko som tilsvarer 2,7 milliardar kroner. Det er også planen at eksisterande eigar vil selje seg ned. I 2020 hadde Autostore ei inntekt på 182,1 millionar dollar, medan ein i første halvår i 2021 allereie har hatt ei inntekt på 149,6 millionar dollar.

Les også: Japansk gigant inn i Autostore

– Vår børsnotering på Oslo Børs vil vere det første steget i det me forventar vil vere ei lang og spennande reise som eit børsnotert selskap og me ser fram til å feire denne prestasjonen med våre tilsette, kundar og investorar, seier Autostore-sjef Karl Johan Lier i ei melding. I slutten av juni var Autostore på plass i over 35 land rundt i heile verda.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details