Arbeidsdagen til sjøs

Ole Andreas er frå Etne, men bur i dag i Ølen. Jobben som styrmann i Arriva Shipping inneber at han går skiftordning med fire veker på sjøen og fire veker heime. Ei ordning han likar godt.

Sjølv om han alltid har trivdes godt i båt og med sjølivet, var det likevel litt tilfeldig at det var her han skulle finna yrkesvegen. Etter vidaregåande skule enda han opp i sjøforsvaret, og var så heldig at han fekk plass på Kystvakta. Etter sjøforsvaret vart det bachelor i nautikk ved NTNU i Ålesund.

Deltidsmaster

– Det var fantastisk kjekt å vera på Kystvakta, og ei ære å få lov til å vera om bord. Der lærte eg mykje. Me fekk turar til Svalbard og til Bjørnøya. Eg var så heldig, fortel Ole Andreas.

I mai var han ferdig med læretida, eller kadett-tida som det heiter på sjøspråk, hos Arriva Shipping og kunne dermed kalla seg styrmann. Draumen er likevel å gå vidare på skule.

– Eg vil gjerne studera meir for å få meir kunnskap om dei nødvendige verktøya for å forstå korleis den kommersielle drifta fungerer. Dette blir i så fall ein deltidsmaster innanfor shipping og logistikk, seier Ole Andreas.

Utvida horisonten

I første omgang kan han også gjerne tenka seg å lufte seg til Bergen for å prøva bylivet ei stund, men han har sterk tru på at han kjem tilbake til bygda etter kvart.

– Alle har godt av utvide horisonten litt før ein kjem tilbake og etablerer seg, meiner den unge styrmannen.

Ole Andreas er glad han har fått jobb hos Arriva.

– Dette er ein ypparleg plass å jobba. Arriva er i stadig ekspansjon. Dei kjøper båtar og satsar. Eg er heldig som fekk vera med på laget her. Dette er ein plass der eg får veksa og utvikla meg.

Fantastiske naturopplevingar

Han likar godt logistikken og dynamikken i infrastrukturen på sjøen.

– Det er kjekt å sjå samanhengen mellom last me hentar hos eit firma, og mottaket hos ein kunde. I tillegg er det fantastiske naturopplevingar på sjøen. Ein ser landskapet på ein heilt annan måte enn ein gjer på land.

På ein vanleg arbeidsdag ute går Ole Andreas 12 timar på jobb, og har 12 timar fri. Arbeidsoppgåvene er alt frå administrativt arbeid med å laga ruter, eller til dømes vedlikehald av brannvernutstyr.

Oppteken av tryggleik

I friperiodane jobbar han som båtførarinstruktør for Tryggombord, der han underviser og eksaminerer privatpersonar som ønskjer båtførarbevis.

 – Eg er oppteken av tryggleik på sjøen og ser kor viktig det også er for dei som skal styre småbåtar. Somme gonger kan ein kjenne på redsla sjølv også.

– Ein gong me skulle legge til kai i Drammen såg me ingenting på grunn av skodde. Då var det godt å ha med seg ein kaptein med 40 års erfaring bak seg. Det var tøft å sjå korleis han klarte å manøvra seg gjennom på ein god måte, fortel Ole Andreas.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details