- Alle treng marknadsføring

Frank Robert Abelseth var lei av å reisa mykje i jobben og starta Vinnarskalle. Sjølv om det nå er Haugalandet som er viktigaste nedslagsfelt, blir det framleis jobbreiser til andre delar av landet. Til dømes Finnmark.

Mange av kundane til Vinnarskalle er innan rekkevidde med bil, men nyleg heldt Abelseth foredrag under ein workshop på Nordkapp. Der knytta han kontakt med ein del bedrifter, og eit konkret resultat er oppdrag for ei samisk bedrift. 

- Dei likte tankane eg kom med om å forstå kundane, forstå kva ein leverer og pakka dette rett inn, seier Abelseth, som var ein av dei første som etablerte seg med kontor i Medvind24 Næringshage. 

Kort om Vinnarskalle

  • Dagleg leiar Frank Robert Abelseth er einaste faste tilsette, men Vinnarskalle har ei rekkje samarbeidspartnarar innan design, kommunikasjon, digitale medier, konsept, strategi og forretningsutvikling. 
  • Tenestene Vinnarskalle tilbyr er mange, mellom anna namneutvikling, utarbeiding av logo og profil, konseptutvikling, interne strategiprosessar, foredrag, idéutvikling, kampanjar, gründerhjelp og forretningsutvikling. 
  • Av produkt tilbyr Vinnarskalle mellom anna nettsider, foto, brosjyrar, kampanjemateriell, messemateriell, fasade- og bildekor og forretningstrykksaker. 
  • Omsette for 3,5 millionar i 2016.

Abelseth bygde opp kjeda A1 Grafisk, som hadde kontor på meir enn 60 stader i Noreg på det meste. Kjeda kom etter kvart inn under Prinfo Communication Group (PCG), som er den største gruppa i Norden av reklamebyrå, webbyrå og trykkeri. 

Satsa for fullt i 2010 

- Vi hadde kundar som Peak Performance, Landrover og Stiklestad. Eg var med på mykje, og lærte mykje. Då kjeda gjekk inn i PCG, blei eg ansvarleg for Noreg og jobba delvis i Sverige. Det vart mykje reising, og etter 15 år var eg møkka lei reisinga. Eg er jysla glad i familien og fritida mi, seier Abelseth.

Han hadde allereie då begynt å tenkja på Vinnarskalle. Selskapet blei registrert i 2007, men Abelseth tok sats for fullt i 2010. Etter det har han ikkje sett seg tilbake. Reising blir det framleis en del av, men langt frå så mykje som i PCG-tida. 

- Eg var god til å planleggja reisene mine, og nytta reisetida til å jobba, seier Abelseth, som både har hatt sykkel og ski med seg på reiser for å få trimma litt mellom slaga. 

Tre viktige nøkkelord 

Strategi, konsept og kommunikasjon er nøkkelord til dei mange tenestene og produkta Vinnarskalle tilbyr. Abelseth meiner alle treng marknadsføring, og her kan Vinnarskalle hjelpa anten det er ei enkel annonse eller full pakke: alt frå namn og logo til nettsider og forretningsplan. 

På kontoret har Abelseth samla mykje artig å sjå på.

- Målet er alltid at kunden skal bli den beste utgåva av seg sjølv, og gjennom det auka omsetnaden og marginane. Då må ein starta med kva ein er god på, kva ein ikkje er så god på, og leggja ein strategi for korleis ein skal bli best mogeleg og yta på topp heile tida, seier Abelseth. 

Neste steg er å utvikla eit konsept for produkt eller tenester ein skal selja. 

- Her kjem noko av det viktigaste i marknadsføring inn: å fortelja dei gode historiane. God «storytelling» kan gjera den store forskjellen for produktet du skal selja, anten det er tenester eller sokkar, seier Abelseth. 

Når det er på plass, må ein finna ut korleis ein skal kommunisera kva ein kan tilby. I dag er det mange plattformer å visa seg fram på. Kva er den beste løysinga for di bedrift? Og korleis gjer du det på best måte? Det viktigaste er å nå inn, og det kan Vinnarskalle hjelpa kundane med. 

Spelar mange kampar kvar dag 

Kundelista er lang og variert: Etne og Vindafjord kommunar, Hervik saft og syltetøy, Olaussen Metall, Knapphus Kjøkkensenter, Etne Sparebank, JoaKari, Pizzatime, Knutsen Dørfabrikk, Etne Auto, Vindafjordbonden, Statoil, DnB, Veidekke og Ryfylkemuseet, for å nemna nokre. 

Nyleg vart ein annan kunde kåra til det beste hotellet i Noreg: Hotel Ullensvang. 

Eit av klenodia på Vinnarskalle-kontoret.

- Der var eg inne i prosessen med å betra hotellet internt. Det kan samanliknast med å spela fotball. Eit fotballag trenar tre-fire dagar i veka og spelar ein kamp i veka. Bedrifter spelar mange kampar kvar dag. Og er ikkje alle samde om korleis ein skal spela, heng ikkje laget saman, seier Abelseth. 

Einaste fast tilsette 

Abelseth er dagleg leiar og einaste fast tilsette i Vinnarskalle, men har knytt til seg ei rekkje samarbeidspartnarar som bidreg til at sluttproduktet blir slik kunden vil ha det. Vinnarskalle tilbyr også foredrag av ulike slag. 

Om du meiner å hugsa at Abelseth også dreiv med musikk, så er det heilt rett. I fem år frå 1980 var han heiltidsmusikar og reiste land og strand rundt med gruppa Hårek. Og om du synest han liknar på ein indianar du har truffe, stemmer det også. Bjørnefot er framleis i live, men dukkar opp sjeldnare enn før. Zporty-festivalen i Vikedal er også eit barn av Abelseth. 

Musikk driv han med framleis. Eit oppdrag der er å skriva og komponera den nye Haugar-songen. 

- Den byrjar å nærma seg ferdig utgåve, seier Abelseth, som også er i gang med ein Vindafjord-song.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details