Hopp til innhald

– Lærer noko nytt kvar dag

Johanne Rafdal Lauritsen har sin fjerde sommar som servitør hjå Fugl Fønix Hotel.


Kvifor tenkjer du ein sommarjobb er viktig?

– Personleg så er eg glad i å jobbe i løpet av sommarferien for å holde meg litt i gong, og så er det vidare ei god moglegheit for å få litt ekstra inntekt. Dersom ein jobbar i løpet av ferien set ein og meir pris på dei dagane der ein har fri. Det er samstundes viktig å ikkje sette av for mykje av ferien til jobb, då formålet med sommarferien er å bli utkvilt og klar for eit nytt haustsemester. Sjølv har eg gått på denne smellen eit par gonger, og har dermed bestemt meg for å jobbe litt mindre i år enn eg har gjort tidlegare. 

Sommarvikaren

  • Namn: Johanne Rafdal Lauritsen
  • Arbeidsstad: Fugl Fønix Hotel i Etne
  • Alder: 21 år
  • Studerer: Rettsvitskap ved Universitetet i Bergen

I sommarferien er det og nødvendig i dei fleste bedrifter å ha ekstrahjelp for at feriekabalen skal gå opp. På arbeidsplassen min, Fugl Fønix Hotel, er det svært travelt om sommaren. Det er dermed nødvendig å vere fleire på jobb enn me er elles i året, og då er det veldig fint å ha med seg nokre ekstra tilsette på laget. Sommarjobb er og ei god moglegheit for å bli kjend med ein ny arbeidsplass, og få meir arbeidserfaring. 

Kvifor ville du jobbe her?

– Eg valde å jobbe på Fugl Fønix Hotel denne sommaren fordi eg har vore tilsett her i snart fire år, og har hatt sommarjobb dei tre siste somrane. Det kan vere litt stressande å søke ny jobb og ha jobbopplæring, og då syns eg det enklaste var å fortsette i den jobben eg allereie har.  

Dessutan er Fugl Fønix Hotel en kjekk arbeidsplass om sommaren, då det er mykje som skjer. No som korona-pandemien har roa seg, er det og mykje turisme. Eg trivs godt i rolla som servitør, og syns det er ei rolle som passer meg godt. Sjølv syns eg servitøren spelar ei essensiell rolle når ein er på restaurant, og det er veldig gøy å kunne gi gjestene på Fønix ei god og hyggeleg matoppleving. 

Det er også varierte arbeidsoppgåver, då ein har ansvar for både restauranten og hotellet. Dersom det er nødvendig, hjelp ein og kokken på kjøkkenet. Arbeidsoppgåvene er alt frå reingjering av hotellrom til produksjon av Fønixburger. Ingen dagar er heilt like, noko som held arbeidskvardagen interessant! 

Kva ville du sagt til ein som vurderte same feriejobb?

– Det er ei veldig god arbeidserfaring å ha, då ein får jobba med både restaurant, kjøkken og hotell. Vidare er det eit arbeidsmiljø som er lett å koma inn i, og ein blir fort kjend med alle dei tilsette. Då det er ei lita bedrift er me avhengige av å jobbe godt  saman, og hjelpe kvarandre der det trengst. Då blir ein fort kjend, og ein lærer mykje av kvarandre. Sjølv lærer eg noko nytt kvar gong eg er på jobb! 

Om du kunne reist kor du ville, kor hadde turen gått?

– Eg kunne tenkt meg å reist til Sør-Amerika sidan eg syns kulturen der er veldig interessant. Dei har og mykje god mat, noko eg tar i betraktning når eg planlegg nye reisemål.

Kva er dine planar for sommaren?

– I sommar skal eg som sagt jobbe ein del på Fønix, men eg skal og gjere mykje forskjelleg når eg har fri. Eg har blant anna vore på Post Malone-konsert, så skal eg ein tur til Malta i slutten av juli. På grunn av den pågåande flyteknikarstreiken er eg glad for at eg skal ta sydenturen litt seint i sommar. 

Folk i vinden

Tips oss

Folk i vinden

Har de ein ny kollega på laget? Send oss ein e-post så legg me det ut på Folk i vinden!

Send tips

Har du ei god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss.

Send tips
T E S T