20 millionar til forskotering av spelemidlar

Det var ein svært nøgd leiar av utvalet for drift, utvikling og kultur (DUK) i Vindafjord kommune som tysdag i denne veka fekk eit samrøystes kommunestyre med seg på å opprette eit fond for forskotering av spelemidlar.


- Vedtaket vart gjort utan diskusjon, var gladmeldinga frå utvalsleiar Kjartan Innbjo rett etter at kommunestyret vedtok å setja av 10 millionar kroner til fondet, og at finansieringa skal innarbeidast i budsjettet for 2016. 

Saka var oppe til handsaming på bakgrunn av eit tidlegare kommunestyrevedtak om å evaluera tilskotsordninga til lag og organisasjonar. 

I samarbeid med VAF 

Den politiske leiinga i kommune og Vindafjord Arbeidsgiverforum (VAF) har ei tid vore i dialog for å få til eit samarbeid om støtte til lag og foreiningar. 

- Då me frå kommunen si side fekk avklart dei lovmessige sidene ved etableringa av eit slikt fond, og retningslinene for VAF ikkje var til hinder for eit samarbeid, har begge partar no gjort vedtak om å gå inn med 10 millionar kvar, fortel Innbjo. 

VAF gjorde i sist veke vedtak om å gå inn med inntil 10 millionar under føresetnad av at kommunen gjorde det same. 

Etter desse vedtaka opprettar no kommunen eit bunde driftsfond. Kommunen sin del skal hentas frå Raunesfondet. 

DUK får styringa 

- Fondet skal styrast av DUK, som får ansvaret får å tildela forskotering ein gong i året. Ordninga gjeld for ordinære anlegg, rehabilitering av anlegg, nærmiljøanlegg og kulturbygg, og anlegga må elles vera i samsvar med kommunedelplanen for idrett, friluftsliv og kulturbygg, understrekar Innbjo. 

 Retningslinene for forskotering seier elles at tildelingane skal prioriterast i samsvar med ei årleg rullering av handlingsprogrammet. I den samanheng er idrettsrådet ein viktig samarbeidspartnar. 

- Forskoteringsordninga blir søknadspliktig, og alle søknadar om spelemidlar som er godkjente av Rogaland fylkeskommune har rett til forskotering frå fondet. Ved innfriing av forskoteringa skal midlane førast attende til fondet, fortel Innbjo. 

Utbetaling av forskot skjer først når anlegget er ferdigstilt og godkjent av kommunen.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details