– Eg veit eg vil tilbake

Nokon har bestemt seg, andre er usikre – men alle veit kva som skal til. Her er russen sin bodskap til lokalt næringsliv som vil ha ungdommen tilbake.

Stina Kirketeig (19), Marius Matre Stople (18) og Håvard Heggebø Tveita (19) har planane klare – og veit kva som kan trekkja dei tilbake til Ølen. Foto: Hanna Maria van Zijp

Kantina er snart heilt tom. Det er juni og sommarferie for årets russ ved Ølen VGS. Denne veka fekk dei høgtideleg overrekt vitnemålet – og snart drar elevane mot nye horisontar. 

Og kvar vår, når det går opp for lokalsamfunnet at eit heilt kull er på veg ut fjorden, kjem spørsmålet. 

Det er kanskje forkledd som eit forsiktig «kva skal du ta deg til med nå, da?». 

Men det nyfikne slektningar, kommunen og næringslivet eigentleg spør om, er: Kva kan me gjera for å få deg tilbake? 

På Ølen VGS sit Stina Kirketeig (19), Håvard Heggebø Tveita (19) og Marius Matre Stople (18) snakkar om oppvekst, skuletid og framtida. Etter 13 år i same klasse, skal dei snart forlata kjende stiar. «Trist, men digg å bli ferdig,» konkluderer dei. Elevane er ferdige med studiespesialisering med fordjupning i språk, samfunnsfag og økonomi. Nå går ferda til militæret og studiar. 

Etter at Stina skal tenestegjera i luftforsvaret, vurderer ho bedriftsøkonomi. 

– Eg ville ha flest moglege val etter utdanninga, seier Stina om økonomi-retninga. 

Om det faktisk blir BI i Stavanger etter militæret, tar ho etter kvart. 

– Alt kan skje på eit år. 

Håvard, som går i same retning, ville også ha mange val. Han har søkt på økonomi og administrasjon i både Bergen og Kristiansand. Økonomi og tal er interessant, seier Håvard. 

– Økonomi og administrasjon opnar opp mange jobbmoglegheiter. Det er ope og etterpurt, seier han. 

Valet er ikkje tilfeldig. Håvard byrja å kikka på studiar allereie på ungdomsskulen. Klassen har tidleg blitt utfordra på akkurat det. 

– Lærarar og rådgjevarar på ungdomsskulen sa at det går fort, og plutseleg må du ta valet, seier Håvard. 

Marius nikkar: – Me kan ha masse forskjellige jobbar. Me skal vel jobba til me er 70, er det ikkje det?, seier Marius.  

– Så me treng ikkje rusha noko. Me blir også anbefalt å ha eit friår. Bedriftene vil halda dei unge i bygdene. Men rådgjevaren har sagt «bli kjend med deg sjølv først». Han har nok snudd mange hovud, med at ein kan reisa, jobba, ta eit friår, legg han til. 

Det er Marius samd i, sjølv om han ventar med akkurat friåret. Han har søkt på marknadsføringsleiing ved BI i Stavanger. 

– Eg synest det er kjekt å leia. For å få ei bedrift til å gå rundt, trengst både marknadsføring og leiing. Så då blei det det, seier Marius om valet.

Stina Kirketeig (19), Marius Matre Stople (18) og Håvard Heggebø Tveita (19) gler seg til å dra ut i verda, for nye folk og ny kunnskap der ute. Foto: Hanna Maria van Zijp

Ingen bedriftsleiarar er vel framande for å huka tak i talent innan økonomi, leiing og marknadsføring. Så kva skal til for å få dei tilbake? Stina held svaret ope. Akkurat nå er ho mest klar for byen, for nye folk og ny kunnskap der ute. 

– Folk veks jo inn i byane dei flyttar til. Og viss dei har praksis der, er det lettare for ei bedrift å tilsetja dei. Då har bedrifta fått ein smakebit, seier Stina. 

– Det kan vera ei oppfordring til lokale bedrifter, at dei kan vera litt meir på når det gjeld relevante praksisplassar for studentar? 

Stina nikkar. 

Men samstundes er det dei komande åra ho tenkjer mest på nå. Etter 19 år på same stad, er det tid for noko heilt anna. 

Det alle er samde i, er at familie, skulemiljø, kulturliv og idrettslaget betyr mykje i vurderingar om å flytta tilbake. Dei skryt av naturen, gode lærarar som har betydd mykje, av miljøet på skulen. I søken på svaret på Spørsmålet med stor S, viser det seg at Ølen er Bygda med stor B. Alle har hatt ein god barndom. Å investera i oppvekstvilkår, handlar dermed om meir enn livskvalitet og folkehelse. At ei god oppvekst er avgjerande for framtidig rekruttering, er dermed noko russegjengen stadfestar. Lokalt næringsliv som sponsar kultur og idrett, er med andre ord på rett spor. 

Men er det eigentleg aktuelt å komma tilbake? 

Det er det. Marius lener seg fram. 

– For min del veit eg at eg vil det. 

– Heile familien min er her, og eg har sett moglegheiter, seier Marius. 

Dei moglegheitene såg han og resten av kullet i slutten av mars. Då inviterte næringslivet til å rulla med russen. I løpet av éin dag, fekk tredjeklassingane besøkja lokale bedrifter. At Autostore i det heile tatt fanst, at ein ikkje trengte å vita noko om betong for å jobba i Ølen Betong, at Omega 365 dreiv med så mykje forskjellig, var av aha-opplevingane. 

– Den bussturen opna augo våre for bedriftene i nærområdet, ikkje minst kor store dei er. Det me fekk sjå på der, trur eg har påverka mange, seier Håvard. 

– Eg har allereie lyst til å komma tilbake, blant anna på grunn av det enorme næringslivet og kor bra det er. 

Det er det fleire som vil. Ikkje på grunn av næringslivet, men på grunn av ei anna type tilknytning. 

– Å ta over garden er plan A. Eg har begynt å tenkja over kva dyr eg skal ha og korleis eg skal gjera med huset. 

Det seier Sofie Haugland Rødne (18), som også har gått studiespesialisering, då med fordjupning i realfag. Det er biologien som står hjartet nærmast. 

– Eg elskar å ha dei timane. Då er det ikkje gale å vera på skulen likevel, seier Sofie. 

Sofie Haugland Rødne (18) elskar biologien. Nå vil ho følgja draumen om å ta over garden. Til hausten drar Sofie til Noregs miljø- og biovitskaplege universitet på Ås. Foto: Kristian Risanger

Den vegen skal ho følgja vidare. Til hausten skal ho til Ås og studera husdyrvitskap eller plantevitskap. 

– Då kan eg forhåpentlegvis bli fôringsrådgjevar i TINE, seier Sofie. 

– Både stemor og pappa har gått på Ås. Derfor eg har lyst til å gå der og ikkje nokon andre stader, legg ho til. 

Ho kallar seg halvvegs oppvoksen på gard: Mamma i byggjefelt, pappa med gard. Sofie har jobba på garden gjennom heile oppveksten. Ho vurderte dyrlege, men på grunn av utfordrande arbeidstider, vil ho vegleia bønder lokalt på tilpassing av fôr til beste for dyra. 

– Iallfall viss eg skal ta over garden, seier Sofie.  

Kjærasten har dessutan funne drøymejobben lokalt. Planen er å ta over om ti år, når Sofie er «ferdig med skule og har jobba meg opp litt pengar». I mellomtida blir det definitivt Ås. Ho gler seg til å utvida horisonten. Det beste? 

– Å møta likesinna folk. Det er nesten det eg gler meg mest til, å treffa folk med like verdiar.


VGS-opptaket i gang: 
Yrkesfag framleis størst

10.-klassingane har også valt retning. Blant dei som skal inn på vidaregåande til hausten, speglar Etne og Vindafjord klare trendar i Rogaland. 

22 230 elevar har søkt vidaregåande opplæring i Rogaland, inkludert til privatskulane. 

Tal frå Rogaland fylkeskommune viser at yrkesfag framleis er førstevalet for over halvparten av 10.-klassingane. 

TIF størst, helse går ned

Nesten 54 prosent, mot fjorårets 55,2, har søkt yrkesfag. Teknologi- og industrifag (TIF) er mest populært. Dessutan er søkjartal for elektro og datateknologi samt bygg- og anleggsteknikk relativt gode, ifølgje fylkeskommunen sine nettsider. Dei melder også at nedgang i søkjar tal er størst på helse- og oppvekstfag. Frå å vera det mest populære yrkesfaget, går søkjartala ned for andre år på rad, og ned 1,7 prosentpoeng samanlikna med i fjor. 

Kjenner igjen trendane i fylket

Ølen VGS opplever ei lita auke i søkjartalet, opp 15 søkjarar til 294. Det er rektor Ruth Sæle nøgd med. Etter fleire års utviding av skulen til dagens kapasitet, blir talet på klassar det same. Ho kjenner igjen trendane elles i fylket, og ser auke i interessa for yrkesfag. Til helse- og oppvekstlinja, som tidlegare har vore svært populær, er det 16 søkjarar med linja på førsteplass. 

– Under covid har me sett at det kan vera heftig å vera helsearbeidar, kommenterer Sæle om søkjartalet. 

Dette skal 10.-klassingane i Etne og Vindafjord: 49 søkjarar til studieførebuande linjer

  • Studiespesialisering: 45
  • Studiespesialisering med toppidrett: 3
  • Kunst, design og arkitektur (KDA): 2 
  • Musikk, dans og drama: 1
    Kjelde: Tal innhenta av Medvind24.no frå dei fem ungdomsskulane

Utvidar ikkje TIF

Teknologi- og industrifag (TIF) har størst auke, såpass at Ølen VGS kunne hatt nok til tre heile klassar. Men søkjarane til linja må kjempa om plassane i dei to eksisterande klassane med til saman 30 plasser. 

– Skulen er nå bygt for to klassar som deler på verkstaden, forklarer Sæle. 

Elles har studiespesialisering 42 søkjarar og idrettsfag berre éin søkjar. 

Dermed får ikkje Ølen VGS oppretta idrettsklasse til hausten. 

Dette skal 10.-klassingane i Etne og Vindafjord: 93 søkjarar til yrkesfag

  • Teknologi- og industrifag (TIF): 45
  • Helse- og oppvekstfag: 22
  • Elektro- og datateknologi: 11
  • Bygg- og anleggsfag: 7
  • Naturbruk: 4
  • Sal, service og reiseliv: 2
  • Frisør, blomar, interiør- og eksponeringsdesign: 1
  • Informasjonsteknologi og medieproduksjon: 1
    Kjelde: Tal innhenta av Medvind24.no frå dei fem ungdomsskulane

– Verdset yrkesfag

Rektor ved Lundeneset, Gustav Løge Fosse, er også nøgd med årets søkjartal. Til saman 146 elevar har Lundeneset sine tre linjer som sine førsteval. Rett over halvparten har søkt studiespesialisering, ein trend Fosse har sett dei siste åra. Nedgangen i søkjarar til studiespesialisering er reell, fortel Fosse. Der Lundeneset tidlegare har hatt rundt hundre søkjarar i snitt, er det nå 76 som har søkt studiespesialisering.  

– Det er sikkert samansett. Trendar i Nord-Rogaland verdset yrkesfag. Det handlar litt om kva som blir løfta fram, reflekterer Fosse. 

Dei to yrkesfaglinjene ved Lundeneset, sal, service og reiseliv samt it og medieproduksjon, har høvesvis 43 og 27 søkjarar. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details