Westcon Power & Automation får nye eigarar

Det private investeringsfondet Longship Fund II blir nå ny eigar for Westcon Power & Automation og ønskjer å utvikla selskapet som ein global leverandør innan elektriske og hybridiserte løysingar. 

Image
– Me har blitt grundig kjent med Longship og deira modell for aktivt eigarskap, og me er glade for å ta fatt på neste kapittel i WPA saman med dei, seier Gunvald Mortvedt (t.v), administrerande direktør i Westcon Power & Automation. Her saman med Rune Heddeland i Westcon Power & Automation. 

@Render("M24_Byline",Caption:"Pressemelding")

Longship Fund II tek over 100 prosent av aksjane i Westcon Power & Automation frå Westcon Group AS. Partane vart einige om oppkjøpet 20. mars.

– WPA har etablert seg sjølv som ein leiande leverandør av grønne framdriftssystem gjennom leveransar av meir enn 30 installasjonar sidan 2016. Longship er imponert over selskapets kompetanse og tilnærming til å drive maritim avkarbonisering, og me ser fram til å støtte WPA i veksten framover, sier Hans Tindlund, leiande partner for Longships investering i WPA i ei pressemelding.

Longship er eit norsk inversteringsselskap som blei starta i 2015 og rettar seg mot mellomstore vekstselskap i Noreg. Dei støttar selskap med økonomiske ressursar og erfaring for å kunne setje fart på og realisere bedriftene sit fulle potensiale, opplyser dei på eigne nettsider.

– Gjennom heile transaksjonsprosessen har me blitt grundig kjent med Longship og deira modell for aktivt eigarskap, og me er glade for å ta fatt på neste kapittel i WPA saman med dei. Me ser føre oss å etablere WPA som en global leverandør av hybrid- og elektrisk kraft- og automatiseringsløysingar, og vil fortsetje å levere produkt av høg kvalitet som banar veg for ein meir berekraftig maritim industri, seier Gunvald Mortvedt, administrerande direktør i Westcon Power & Automation AS.

WPA rapporterte ein proforma-omsetnad på 480 millionar kroner med 60 millionar kroner i EBITDA i 2020. Selskapet sysselset totalt 145 tilsette, og har hovedkontoret sitt på Karmøy.  

I følgje pressemeldinga, blir leiinga og dei tilsette medeigarar i Westcon Power & Automation AS som ein konsekvens av oppkjøpet.

– WPA har opplevd rask vekst dei siste åra og er godt posisjonert for å ta vidare vekst i ein global marknad. Me er stolte av rolla Westcon Group har spelt i WPA-suksesshistorien. Me er like glade for å ha blitt einige med Longship, som er ein veleigna eigar til å ta WPA inn i neste kapittel av vekstreisa, seier Rune Lande, styreleiar i Westcon Group. 



Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details