Vindafjordbruket



Fylkesmannen på facebook

Det ligg mykje nyttig informasjon og nyheter på Fylkesmannen si facebookside «Fylkesmannen og bonden i Rogaland». Lik og del!

Innsamling av landbruksplast hausten 2019

Innsamling skjer i månadsskiftet oktober / november, og nøyaktig dato og informasjon om samleplassar blir annonsert i Grannar og Haugesunds Avis. Levering må skje tett opp til annonsert dato, slik at ein unngår plast på avvegar! Det er viktig at plasten er rein for jord, streng, stein, netting og liknande.

Tilskot til sjukdomsavløysing og digital søknad

Etter eit års erfaring med digital søknad, har me til no fått inn langt færre søknadar enn tidlegare. Me får tilbakemelding om at det skuldast at søknaden no må sendast inn digitalt, og at dette gjer det meir tungvint å søkje. Vil også minne om at fristen for å sende inn søknad er utvida. Etter at sjukemeldingsperioden er over, har du eit års frist med innsending. Så viss du har vore sjukemeld i løpet av dei siste 12 månader, og leigd avløysar i sjukeperioden, så kan du framleis søkje om tilskot. Ta kontakt med Sissel Lilleland tlf. 53 65 61 30, så kan du få hjelp med søknaden.

Tilskot til grøfting

Det er framleis midlar å hente til grøfting, ta kontakt med Harald Olav Stuhaug på tlf. 99236114, så hjelper han til med søknaden.

Ny mjølkefjos?

Går du med tankar og planer om å bygga ny mjølkefjos, er det berre å ta kontakt. Mjølkefjos er prioritert hjå Innovasjon Norge også i 2020!

Utmålinga av tilskot for mjølkefjos har vore god i år og fleire mjølkefjos vil stå ferdig i løpet av året. Mjølkefjos har fått mellom 1 og 1,8 millioner kroner i tilskot. Innovasjon Norge vidarefører hovudsatsinga på fornying av mjølkebruk som har 15-30 årskyr i 2020!

Det blir ikkje stilt krav til auka mjølkeproduksjon på aktuelle bruk, grunnlaget skal vere fornying av eksisterande driftsomfang. Ein ynskjer at investeringane er tilpassa naturlege føresetnadar på garden. Bygga må plasserast slik at det er godt tilrettelagt for aktivt beitebruk og med minst mogleg tap av jordbruksjord.

Generasjonskifteprosjekt utan mjølkeproduksjon har i år fått opp i mot 30 prosent tilskot.

Innovasjon Norge prioriterer også framleis driftsbygningar i tre, generasjonskifte, tilleggsnæringar i landbruket, gjødsellager og investering i økologisk fruktdyrking.

Ordninga frå føregåande år om midlar til bygg i tre er vidareført. Det kan gis inntil 150 000 kroner ekstra for bygg i tre.

Ved behov for informasjon og hjelp til å kome i gang med landbruksbaserte tilleggsnæringar eller andre relevante tema knytt til etablering og næringsutvikling, så får ein dette hjå Medvind 24 Næringshage. Kontaktinfo dagleg leiar Merete Vårvik Matre er: tlf 99 32 54 12, e-post merete@medvind 24.no. 

Reko-ringen Haugalandet

Er du nysgjerrig på å selga produkter frå garden direkte til forbrukar? Reko-ringen har starta opp på Haugalandet og er godt i gang! Reko-ringen er ein god og enkel løysing på Facebook til å testa ut markanaden på, og få seld produktet til forbruker. Utleveringsstad har vore i Haugesund.

Reko-ringen fungerer som eit matfellesskap for eit avgrensa geografisk område. Bestilling og marknadsføring skjer i lukka Facebook- grupper som alle kan melda seg inn i. Matprodusentar og kjøparar møtest til avtalt tid og utleverer det som kjøpar har bestilt via Facebook. Gruppa avtaler tid og stad for møte. Ved utlevering betalar forbrukar for sitt produkt direkte til produsenten. I praksis fortel matprodusenten om tilbodet sitt på Facebook- veggen i ei annonse og åpner for moglegheit til å bestilla produkter. Forbrukar kommenter kva kvantum han ynskjer, og godtek og plukker opp produktet til den prisen som er angitt.

Arealtilstand og tilskot

I Vindafjord er det aktiv drift i dei fleste områda, men me ser også ein del areal i dårleg tilstand / låg produksjon, både fulldyrka og innmarksbeite, med mykje ugras (høymol, tistel, lyssiv m.m.). Me ser også at omsøkt leigeareal ofte er i dårlegare tilstand enn eigd areal

Vilkår for arealtilskot – kort oppsummert:

  • Omsøkt areal skal vere i aktiv drift (anten med slått eller beiting)
  • Aktiv drift vil seie å føreta normalt vedlikehald av areala i form av gjødsling, ugrasbekjemping, slått / tilstrekkelig beiting.
  • Beiting må skje med eigne beitedyr

Sjå gjennom gardskartet før du søkjer – ikkje berre sjå på tala frå i fjor.

Me vil oppmode alle om å vere bevisst på vilkåret for å få tilskot, både på eige areal, og eventuelle leigeareal. Gardskartet som du finn i søknaden er eit viktig hjelpemiddel.

Er alt fulldyrka og beiteareal som er oppført i gardskartet i aktiv drift?

Det er viktig å studere gardskartet, teig for teig (både eige og leigeareal), for å sjå kva areal som er i produksjon i søknadsåret. Er til dømes alle omsøkte innmarksbeite i ein slik tilstand at dei tilfredstiller vilkåret for tilskot (til dømes mykje ugras)? Har areala vore beita tilstrekkeleg?

Grovforproduksjon for sal:

Til slutt vil me minne om vilkår for tilskot til rein grovfòrproduksjon.

  • Det er kun det arealet du har hausta som skal søkjast på, og fòret du har produsert må seljast til markedspris.
  • Dokumentasjon for tilstrekkeleg sal av grovfòr må leggjast fram ved ein eventuell kontroll.

Gjerdeklyverar

Me ser at ein del gjerdeklyvarar er modne for utskifting (gjeld ikkje denne på biletet). Ordninga med tildeling av gjerdeklyvarar gjeld også utskifting av eksisterande gjerdeklyvarar. Dette for å sikra trygg ferdsel.

Ver ute i god tid, og gjer klar til neste tursesong med å sette opp nye, og fornya gamle gjerdeklyvarar. Me har også fått inn praktiske hundeportar til videre fordeling. Desse er enkle å montera ved sida av gjerdeklyvaren. Ta kontakt med Sissel Lilleland på tlf. 53 65 61 30 for bestilling. 

Regionalt miljøprogram 2019

Dette året er det ikkje mogleg å kopiere over tiltak i karta frå i fjor, og alt må dermed teiknast inn på ny. Dette har alle fått teksmelding om i august, og kommunen har motteke ein del søknader allereie. Me oppmoder framleis om å sende inn søknaden snarast, slik at det blir tid til å hjelpe til viss det skulle vere aktuelt.

nye tiltak – endra vilkår 

Bratt areal:. 

Søkjar må aktivt skjøtte arealet gjennom t.d. slått, ugrashandtering, gjødsling m.m.

  • Arealet må haustast anten ved slått eller beite, og må drivast slik at det har normal fòrkvalitet og produksjon
  • Du må ha minst 15 dekar bratt innmarksbeite for å søkje
  • Tilskot til bratt fulldyrka / overflatedyrka areal blir gitt tilskot frå første dekar.

Skjøtsel av styvingstre:

Frå 2019 blir det berre utbetalt tilskot for det året trea blir styva. Tidlegare var tilskotet årleg. Normal styvingsintervall er 5 – 8 år. Dersom du har mange styvingstre, fører du kun opp dei som er styva i 2019.

Nytt av året

- tilskot til skjøtsel av soner for pollinerande insekt

Det blir gitt tilskot til skjøtsel av soner som er viktige for ville pollinatorartar.

Det kan anten vere ei sone på/ved eit jordbruksareal som aktivt blir sådd med eigna frøblandingar, eller skjøtsel av etablerte areal som har ein blanding med plantar som gir næring for pollinatorar gjennom vekstsesongen. Tilskotet blir gitt per meter sone. Breidda på sona må vere minst to meter. Me satar på ein markdag til våren, saman med Landbruksrådgjevinga, for å få tips om kva planter og område som eignar seg til å setje av.

Strengare miljøkrav med ny forskrift

Miljøkrava for produksjonstilskot i jordbruket blei forsterka ved forskriftsendringa i 2014. Kravet om Miljøplan blei tatt bort, og i staden kom det vilkår om at søkjarane ikkje kan gjere «forringende inngrep i kulturlandskapet» med mindre det er gitt løyve. Det vil seie at viss det blir slått fast at det er gjort ulovlig inngrep i kulturlandskapet, kan føretaket gå glipp av omsøkt areal – og kulturlandskaps-tilskotet (AK- tilskot).

Døme på inngrep;

Her er ei liste med døme på inngrep som kan føre til at ein mister retten på AK- tilskotet;

  • fjerning av kantvegetasjon langs vassdrag
  • fjerning av åkerholmar, steingjerde og gamle rydningsrøyser
  • oppdyrking eller fjerning av ferdselsåre
  • kanalisering og lukking av elver, bekker og grøfter
  • masseuttak av stein
  • dyrking og planering av jordbruksareal
  • sprøyting av kantvegetasjon og åkerholmar, med mindre dette er eit ledd i skjøtselen av kulturlandskapet

Kan gi store konsekvensar for tilskotsutbetalinga

Dersom det blir gjort slike inngrep, kan kommunen avslå AK-tilskotet i søknadsåret inngrepet vart gjort.

Kommunen kan gi godkjenning

Kommunen kan på førehand godkjenne inngrep så framt anna regelverk ikkje er til hinder. Det er viktig å merke seg at godkjenninga må vere gitt på førehand. Blir det slått fast brot, til dømes fjerning av steingard utan løyve, så er vilkåra for AKtilskot ikkje oppfylt. Dette gjeld sjølv om kommunen i ettertid godkjenner fjerninga.

«No fence» – Det usynlige gjerde 

Mattilsynet har godkjent «No fence» til bruk for geit. Utviklinga på sikt kan gå mot godkjenning for både storfè og sau. Snart kan me kanskje gløyme gjerdehald, noko som vil føre til mykje større utnytting av både innmarks- og utmarksbeite. Beiteområda vert teikna inn i appen på mobilen, og overfører dette trådlaust til klavane. Du kan lese meir om dette på på «nofence» sine heimesider: www.nofence.no

Miljøavtalar for nedslagsfeltet for Skjoldafjorden fra sesongen 2020

Hovedfokus er betre tilpassing av fosforgjødslinga. Avrenning av fosfor er rekna å vera ein av dei viktigaste faktorane til dårleg vasskvalitet i fleire vassdrag, også Skjoldafjorden. Miljøavatalar er ein friviljug skriftleg avtale for 3 år med aktive bønder. Mot eit ekstra tilskot pr. dekar forpliktar bonden seg til ei balansert fosforgjødsling med ei maksgrense for kg fosfor pr dekar (utgangspunkt i jordprøvar).

Vatsvassdraget har hatt tilsvarande ordning i 2 ganger 3 år der over halvparten av det dyrka arealet var med.

Erfaringane frå dette prosjektet er gode og har ført til større fokus på ikkje å «sløse» med bruken av fosfor. Prosjektet i Vats er over og no står Skjoldafjorden for tur.

Ut over vinteren kjem vi til å sende ut meir informasjon og invitere til møter om ordninga, gardsbesøk er også aktuelt. Håpar på eit godt samarbeid med faglaga i området.

Prosjektsilling - frivillige tiltak i jordbruket på Haugalandet

Det er oppretta ein prosjektstilling for arbeid med frivillige forureiningstiltak i landbruket på Haugalandet. Dette er eit spleiselag mellom kommunane, fylkesmannen, fylkeskommunen og vassområdet. Emilie Moi Eikje er tilsett i 60% stilling for 2.5 år med kontorplass i Sandeid. Ho skal arbeide på heile Haugalandet.

Emilie er vaksen opp, bur og er med og driv gard på Bokn (slaktegris, sau og ammekyr). Ho har tidlegare arbeid som landbruksrådgjevar 4 år i Tysvær kommune. For Vindafjord sin del vil vi i starten nytta Emilie i arbeidet med å få til miljøavtalar rundt Skjoldafjorden.

Det blir spennande å få Emilie med på arbeidslaget, ta godt imot henne.

Spreiing av husdyrgjødsel

Dei fleste bøndene har fått siste slåtten i hus og opplever rimeleg gode avlingar i år. Mange har hausta 4-5 rundballer per da og slått, og dette er flott! Det er mykje fin eng og god aktivitet å spore hjå bøndene.

Ustabilt haustver er kome for å bli, og det å få ut husdyrgjødsla på engareal før 1. september (utan nedmolding) er for nokre bønder utfordrande. Det er stort sett dei same som går igjen ved søknad om dispensasjon til å spreie etter fristen.

Bruk tid til å planlegge attlegg allereie etter 1. slåtten, og få ut husdyrgjødsla når vekstsesongen er i godt driv. Her kan ein få masse gode råd via Rogaland Landbruksrådgjeving i Ølen.

Husdyrgjødsla er bondens gull som må nyttast på beste vis i vekstsesongen. Kan du greie å tømme kjellaren i juni/juli, så blir det såpass lite gjødsel i gjødselkjellar /kumme (for dei som ikkje har gris) at ein skal greie å lagre restvolum til neste vår. Gjødslinga skal og vera i tråd med godkjend og årleg næringsbalansert gjødselplan.

Det har i mange år vore krav om minst 8 mnd. lagringskapasitet. Viss ein må lagre gjødsla frå september månad og ut april, så skal kapasiteten halde. Skulle det knipe om våren, så kan ein heller kjøre eit partre lass på egna beiteområde med solhelling, og slik få tidleg beite.

Om ikkje grasmarka er frosen eller snødekt om våren, så kan ein etter forskrifta spreie husdyrgjødsel etter 15. februar. Men frå 1. september til 1. november må gjødsla moldast ned innan 18 timar. Haustpløying kan vera ei løysing om ein har eit stykke som ikkje er utsett for særleg avrenning. Kjøring i forkant av store nedbørsmengder skal ein unngå uansett, då dette aukar fare for avrenning til vassdrag. Om det knip med lagringskapasitet kan du ta kontakt med Landbruksrådgivinga som har god oversikt over ledig lagerkapasitet .

Har du planar om bygging av lager, så ta kontakt med kommunen om mogleg tilskot/finansiering gjennom Innovasjon Norge. For tak over eksisterande utvendig gjødsellager, kan det også vere aktuellt med støtte gjennom SMIL - midler. Innovasjon: Signe T. Jensen tlf. 53656132, SMIL-ordninga Harald Olav Stuhaug tlf. 99236114.

Regelverket blir framover innskjerpa, og dispensasjon frå spreiefristen 1. september blir berre gjeve unntaksvis.

Jakt på hjort og rådyr

Jakta på hjort og rådyr er i gong. Jakttida for hjort er frå 01.09. t.o.m. 23.12. For rådyr vart det opna for bukkejakt frå 10.08., mens den generelle jakttida for rådyr er 25.09.-23.12.

Etter reduksjonen av minstearealet for hjort frå 600 dekar til 500 dekar, har kommunen i år tildelt 1038 løyve på hjort, av dette 635 med bestandsplan og 403 utan bestandsplan. Det er og tildelt 195 løyve på rådyr. I tillegg har 5 vald kvotefri jakt.

Fristen for levering av fellingsrapporten er 02. januar 2020.

Kommunen oppmodar om å nytte SETT HJORT-skjema aktivt i hjortejakta, slik at datagrunnlaget for ei god forvaltning for framtida vert enda betre. Fyll ut sette og felte dyr kvar gong de har vore ute på jakt                           – også når de ikkje har observert dyr. Hugs og tal jegerar og tal timar de har jakta. Slaktevektdata må diverre førast på eige skjema. 

Det er og høve til å registrere Sett hjortdata elektronisk. Logg inn på https://hjorteviltregisteret.no/Bruker/Login med jegernummer og fødselsdato.

For å kunne måle utviklinga i storleiken på dyra, er det trong for opplysningar om slaktevekter frå felte hjort i heile kommunen. Ein del vektdata kjem inn med Sett hjort- skjema. Jo større del av dei felte dyra ein har data for, jo sikrare vert likevel resultata. Me vil derfor oppmoda alle valda om å sende informasjon om slaktevektene for dei felte dyra i valdet, sjølv om de ikkje skulle ha fått fylt ut Sett hjort-skjemaet. Det er då viktig at det vert nytta vekt, ikkje rusing.

Hjorteviltregisteret har gjennomgått ei teknisk oppdatering. Tidlegare oppgjeve link for utskrift av Sett hjort-skjema utfylt med vald- og jaktfeltopplysningar og tomt skjema fungerer derfor ikkje lenger. I staden kan de nytte http://gammel.hjorteviltregisteret.no/Hjort. De kjem då til den gamle versjonen, som ennå er open som innsynsløysing.

Det vil bli trekt ut premiar blant dei som sender inn rett utfylt skjema etter jakta. For å vere med i trekninga, må skjemaa sendast Vindafjord kommune, Østbøvegen 2, 5585 Sandeid, innan 10. januar 2020.

Skjemaa kan gjerne sendast i lag med fellingsrapporten (frist 02.jan) eller på epost til: gitte.halvorsen@vindafjord.kommune.no.

Elektronisk registrerte data er og med i trekninga. Takk til alle som har levert inn skjema til nå!


Tilskot til skogkultur - søknadsfrist

Staten sitt særskilte «klimatilskot» til skogplanting og supplering (Tettare skogplanting som klimatiltak) gjeld også for 2019. For dette tilskotet er fristen for å levere søknad til kommunen etter haustplanting 7. november. Send derfor søknaden om tilskot til skogkultur så snart du har mottatt fakturaen, ev. etterspør fakturaen om tida begynner å bli knapp.

Meir om tilskotet finn du her: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/ei endom-og-skog/skog-og-klima/tettereplanting. Du kan og kontakte kommunen. Faktura og kart skal følgje søknaden.

Søknad om tilskot til andre skogkulturtiltak, som t.d. ungskogpleie, bør ikkje leverast kommunen seinare enn 25.11., om vi skal klare å registrere/handsame søknadane før fristen 29.11.19.

Aksjon skogkultur 2019 - ungskogpleie

Vindafjord kommune er i år med i eit prosjekt som set søkelyset på ungskogpleie. Skogeigarar med unge plantefelt får tilbod om synfaring og fagleg rettleiing i forhold til behov for lauvrydding/ avstandsregulering i plantefeltet og gjennomføring av tiltak. Vi har starta med å kontakte skogeigarar med plantefelt av ein viss alder, men dersom du ikkje er kontakta ennå og kunne tenke deg ei fagleg vurdering av behovet for tiltak i ditt/dine plantefelt, kan du kontakte prosjektleiar Njål Søndenå (41647976) eller Gitte Halvorsen (53656129) i løpet av hausten.

Planting 2020

Dersom du planlegg planting i 2020, kan det vere lurt å tenke på plantebestilling alt nå – viss ikkje du alt har gjort avtale. Mest brukte proveniensar her i området er Oberhartz, samt den nyaste proveniensen, Årøy, som ligg heilt i toppsjiktet for anbefalte proveniensar i vår del av landet. Om du ønskjer å plante framande treslag, må du sende søknad til Fylkesmannen. Dette gjeld og for juletre. Sakshandsamingastida har vore fleire månadar, så det er lurt å sende søknaden i god til før plantesesongen begynner.

Vernskoggrenser i Vindafjord

Mellom den produktive skogen og snaufjellet ligg eit belte med skog som vert kalla vernskog. Dette vernskogbeltet vernar den produktive skogen nedanfor, t.d. mot kald luft som kjem ned frå fjellet og som kan skape problem med å få opp ny forynging lågare nede. Det er særskilte reglar for korleis ein kan hogge i vernskogbeltet, for å unngå at det vert opna for mykje opp.

I Vikebygd, Bjoa og Ølen er vernskoggrensa sett med varierande høgd over havet og kartfesta. I Skjold, Vats og Sandeid er det ei generell grense på 350 m.o.h., mens i Vikedal og Imsland er grensa 400 m.o.h. Gjer tømmerkjøpar merksam på dette om de planlegg hogst nær vernskogbeltet.

Kurs i bruk av skogbruksplanen

Arbeidet med områdetaksten og skogbruksplanane er nå avslutta. Over 200 planar er utarbeidd for nesten 90000 dekar produktiv skog. Dersom du kunne tenke deg kurs i bruk av planen, ta kontakt med Gitte Halvorsen, 53 65 61 29.


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details