Vil vidareutvikle oljenæringa

Tove Elise Madland (AP) meiner utbetring av vintersikker E134, vidareutvikling av olje - og gassnæringa og gode rammevilkår for at næringslivet i regionen kan ta del i det grøne skiftet er viktige saker i valkampen mot stortingsvalet i haust.



Stortingsvalet 2021: Tove Elise Madland (Ap)

  • I september er det nytt stortingsval! Me har spurt topp-kandidatar kva dei meiner er dei viktigaste sakene for regionen i denne valkampen.
  • Først ute er Tove Elise Madland (Ap)
  • Aktuell: 3. kandidat Rogaland Arbeiderparti
  • Alder : 56 år
  • Frå : Vindafjord
  • Dei viktigaste sakene for partiet: arbeid for alle, sterkare velferdsstat, kamp mot auka forskjellar og rettferdig klimapolitkk

– Kva meiner du er det viktigaste for å vidareutvikle næringslivet i Vindafjord/Etne

– Vindafjord har eit sterkt og rikt næringsliv, det er viktig at det blir lagt til rette for at dette får vidareutvikla seg. Me står no framfor det grøne skiftet, me må ta FN sine klimamål på alvor og det må leggjast til rette for at næringslivet i Vindafjord får dei verkemidla dei treng for å nå klimamåla.

– Kva meiner du skal til for å gjera det meir attraktivt å bli gründer/etablera næring i Vindafjord/Etne?

– Arbeiderpartiet er for ein aktiv stat, heile verktøykassa må tas i bruk. Me ser Vindafjord og Etne som ein viktig del av heile regionen på Haugalandet, dette er ein felles bu og arbeidsmarknad. Difor vil me leggje til rette for at heile denne regionen får vidareutvikle seg for å nå nullutsleppssamfunnet i 2050. Tett dialog med næringslivet, dei tilsette og politisk nivå, er suksessfaktoren på å få eit framtidsretta og trygt arbeidsliv.

– Vil de jobba for fullfinansiering av ny E134 gjennom Vindafjord/Etne? Kvifor/kvifor ikkje?

– Sentraliseringsbølga som har skylt over landet i åtte år må snus. Me må ta heile landet i bruk, by og land må gå hand i hand. Det må satsast på distrikt og infrastruktur, her er oppgradert E134 heilt avgjerande for å få på plass nyetableringar. Flyplassen vår i regionen må også sikrast, skal varene og tenestene våre nå raskt ut til kundane.

– E134 er den viktigaste vegen mellom aust og vest. Når Rogfast er ferdig er denne vegen og den kortaste vegen mellom aust og vest. For næringslivet i kommunen og regionen er denne vegen ei livsnerve, det er heilt avgjerande for næringslivet at me får ein vintersikker E134. Ein utbetra E134 vil bidra til auka miljøgevinst med mindre forureining og det vil gi bedriftene våre betre konkurransevilkår. Tid er pengar - varer blir levert i rett tid og betre veg gir og mindre slitasje og lengre levetid på køyretøya. Det er ein situasjon alle vinn på, så E134 må vidareutviklast og fullfinansierast.

– Bør det setjast ein sluttdato for olje- og gassleiting ? Kvifor/kvifor ikkje?

– Arbeiderpartiet vil vidareutvikla og ikkje avvikla olje og gassnæringen. Dei nye grøne næringane skal byggjast på skuldrene av olje og gassnæringa og her er fagarbeidarane våre den viktigaste ressursen og konkurransefortrinnet. Oljekrisa viste oss at me treng fleire bein å stå på, difor vil Arbeiderpartiet ha stor satsing på blant anna hydrogen, havvind og karbonfangst og lagring. Det er nettopp i vår region at alt ligg til rette for å klare dette, lukkast me her i regionen vil ein og lukkast i resten av landet. For vår region er og landbruksnæringa, næringsmiddelindustrien og reiselivet viktige næringar, dei treng støtte frå ein aktiv stat som har verkemiddel for vidare utvikling. Koronapandemien har vist oss kor viktig det er med eit variert næringsliv.

– Korleis vil de sikra betre rekruttering av fagfolk til distrikta?

– Arbeiderpartiet vil satse på distrikta og ein må gjere distrikta attraktiv. Gode lokalsamfunn, tomteareal, gode skular og barnehagar, god kollektivtransport samt rikt og variert kulturliv er faktorar som er viktige for å få ungdommane våre heim. Statlege arbeidsplassar og at både næringslivet og det offentlege tek samfunnsansvar og tek inn lærlingar er avgjerande for å sikre oss fagfolk for framtida. Her må høgskule og vidaregåande skular spele på lag med næringslivet og tilby dei utdanningane som næringslivet treng, samt at utdanningsinstitusjonane i regionen og må leggje opp til desentralisert vidareutdanning. Me har eit arbeidsliv i stadig endring - difor er livslang læring og vidareutvikling heilt avgjerande.  

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details