Vil ha meir transport til sjøs 

Eitt skip kan erstatta mellom 100 og 300 trailerlass på vegane. – Både ulukker, vegslitasje og utslepp kunne vore vesentleg redusert om fleire valde transportvegen til sjøs. 

Det meiner dagleg leiar i Arriva Shipping, Sindre Matre. 

Både frå store vareeigarar og politisk hald har det dei siste åra blitt større fokus på meir sjøtransport. Likevel er det veg og jernbane som blir prioritert, fortel Matre. 

- Me har Riksveg 1 som ligg der, ferdig salta og brøyta heile året. Eg er overtydd om at meir av godstransporten både innanlands så vel som internasjonalt kan gå over til sjøtransport. For både miljøet, vegstandarden og ikkje minst ulukkestala ville dette vore ein utelukkande vinst, meiner han. 

- Riksveg 1 ligg ferdig brøyta og salta heile året. Både miljø, vegar og tryggleik hadde vunne på meir sjøtransport, meiner dagleg leiar i Arriva Shipping, Sindre Matre. 

Miljøvinst 

Eksempelvis nemner han transport av betongelement, som dei siste åra har utgjort ein stor del av fraktgodset hjå Arriva Shipping. Shippingselskapet har levert betongelement for nærare 100 veg- og jernbanetunnelar i Noreg. 

- Medan ein lastebil kan frakta fire slike element, lastar me gjennomsnittleg 450 element per skipslast. Ei skipslast vil i dette tilfelle erstatta 110 lastebilar på norske vegar. Dersom dette gjeld strekninga over fjellet frå Haugesund til austlandsregionen, kan ein sjølv tenkja seg dei samfunnsmessige vinstane av eit slikt reknestykke, seier Matre. 

Ifølgje Rederiforbundet er maritim transport den mest energieffektive transportforma: Samstundes som eit skip kan ta lastevolum som tilsvarer fleire hundre trailerar, vil sjøtransporten kun utgjera ein brøkdel av utsleppa samanlikna med vegtransporten. 

Kartleggingar frå NHO-organisasjonen Logistikk- og transportindustriens Landsforening viser at det er 28 prosent billigare å velja sjøvegen for vareeigarar som importerer gods frå Europa. Gjennomsnittleg blir CO2-utsleppet redusert med 64 prosent. 

Høg terskel 

Likevel er det ein høg terskel for mange å ta transporten til sjøs, og bransjen meiner satsinga på sjøtransport frå politisk hald sakkar akterut. 

Sjøtransporten har blant anna fire gonger fleire avgifter, gebyr og vederlag å forhalda seg til samanlikna med vegtransporten, fortel Matre.  


- For mange er dette eit spørsmål om kostnadar. Avgiftsstrukturen er også spesiell når det gjeld sjøtransport. Til sjøs er fraktvegen 100 prosent brukarfinansiert, med over 20 ulike avgifter i tillegg til kostnadar ved hamneanløp, påpeikar Matre. 

Til tider vil derimot sjøtransport vera både kostnadsbesparande og ikkje minst meir tidseffektivt. Difor har mellom anna Tveit Maskin tydd til båt over lastebil på fleire av sine prosjekt. 

- Treng me store mengder raskt, kan båttransport vera løysinga. Då vil me til dømes ha 2000 tonn på plass i løpet av fem timar. Til samanlikning tar ein vanleg lastebil kun 13 tonn i slengen, seier dagleg leiar i Tveit Maskin, Toralv Tveit. 

- Når massar skal fraktast meir enn 4-5 mil lønnar sjøtransport seg over veg. Me skulle gjerne brukt sjøvegen oftare. Til Vikaneset i Skjold til dømes, der me har hatt bruk for store mengder massar over lengre tid, ville båtfrakt vore eit godt alternativ. Men det hjelp lite med sjøtransport om ikkje kai er i nærleiken. Då må me likevel transportera massen nokre mil med lastebil, fortel Tveit. 

Når heile landet med båt 

 Matre berømmer lokale kundar for deira bruk av sjøtransport. Han peikar blant anna på samarbeidet med med Ølen Betong og deira bruk av sjøtransport til store deler av elementfrakta. Sidan 1993 har Arriva frakta ca to millionar kvadratmeter element for Ølen Betong til om lag 100 tunnelar. 

Betongleverandøren er den største spesialiserte leverandøren av tunnelelement i Skandinavia. 

- Sjøtransport er effektivt og miljøvennlig, og med bruken av sjøfrakt er me ein landsdekkande leverandør. I fleire tilfelle er det faktisk billigare for oss med biltransport direkte frå fabrikk til tunnell. Men her er det fleire faktorar som spelar inn og valet har ofte hamna på båtfrakt, fortel divinsjonsleiar i Ølen Betong, Geir Arild Søndenå. 

Berre i løpet av 2015 og 2016 skal Ølen Betong levera om lag 400 000 kvadratmeter element til samferdselstunnelar i Noreg. Det meste vil truleg bli frakta med båt, i følgje Søndenå. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details