Vil fjerne formueskatten


– Kva meiner du er det viktigaste for å vidareutvikla næringslivet i Vindafjord og Etne?

Stortingsvalet 2021: Terje Halleland (FrP)

  • I september er det nytt stortingsval! Me har spurt topp-kandidatar kva dei meiner er dei viktigaste sakene for regionen i denne valkampen.
  • I dag: Terje Halleland (FrP)
  • Aktuell: 2. plass på stortingslista for Rogaland FrP
  • Alder: 55 år
  • Kjem frå: Ølensvåg
  • Dei viktigaste sakene for partiet: samferdsle, skatt & avgift, eldreomsorg og innvandring 


– Nesten alle eg treff i næringslivet tar opp samferdsel, skatt og tilgang på kompetent arbeidskraft som dei viktigaste utfordringane. Me må bygge ut gode vegar og då spesielt E134 og Bakka–Solheim. Me må fjerna den særnorske formueskatten som bidreg til ei favorisering av utanlandsk eigarskap og som er ein direkte skatt på eigenkapitalen i selskapa, heilt uavhengig av om selskapa går med overskot eller ikkje, meiner Halleland.

Avgjerande stamveg

– Kva meiner du skal til for å gjera det meir attraktivt å bli gründer i regionen?

– Det er lov å lukkast i næringslivet i vår region. Det trur eg legg grunnlaget for mange og gode etableringar framover. Mange gode idear fell gjennom på grunn av manglande finansiering. Det burde gjerne vore bygd opp betre tilgang til risikokapital, i tillegg er det viktig å bygge opp rundt miljø der mindre bedrifter også kan bli ein del av eit større arbeidsmiljø

– Vil de jobbe for fullfinansiering av ny E134 gjennom Vindafjord og Etne?

– Ja, så absolutt. Statens vegvesen la i 2015 fram ein rapport om aust–vest, som viste at E134 er den einaste traseen som er samfunnsøkonomisk lønnsam mellom Austlandet og Vestlandet. Den vil vere avgjerande for store deler av næringslivet vårt og vidare satsing framover. For FrP er stamvegar mellom våre store byar og regionar prioriterte vegprosjekt, og E134 er av dei me prioriterer høgast.

Omstille oljenæringa

– Bør det setjast ein sluttdato for olje- og gassleiting?

– Nei, det er minst tre grunnar for det. Petroleumsnæringa er særs viktig for heile landet, men spesielt for Vestlandet og vår region. Skal me framleis bygge velferdsnasjonen, skape verdiar og arbeidsplassar er me heilt avhengig av stabile og gode rammeverk, meiner Halleland. 

– Me skal omstille og satse på nye næringar. Dei aller fleste av desse satsingane bygger vidare på kunnskapen og kompetansen vår frå petroleumsnæringa og maritim sektor. Om det er havvind, karbonfangst, hydrogen, havbruk eller mineralutvinning på havbotnen, så lukkast me berre om me har med oss desse næringane. Å redusere eller kutte ut norsk olje og gassproduksjon vil ikkje føre til reduserte klimagassutslepp og vil ikkje vere positivt for klima.

Bør satse på realfag

– Korleis vil de sikre betre rekruttering av fagfolk til distrikta?

– Me må gjere bygdene våre attraktive slik at vi får folk til å busetje seg her og gjere det lettare å rekruttere ny arbeidskraft. I tillegg må me fortsetje eit løft på den vidaregåande skulen som bør spesialisere seg på realfag i samarbeid med bedriftene i kommunane.



Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details