Turvegar skal kopla bygdene saman

- Kjempebra! Dette var gode nyheiter. Initiativtakaren bak Facebook-gruppa «Vindafjord Turlag», Marianne Andersen i Vikedal, er oppglødd over meldinga om at det no er tatt initiativ til eit offisielt lag med same namn som Facebook-gruppa.

 

Etter initiativ frå innbyggarane i kommunen går kommune, næringsliv, lag og organisasjonar saman og stiftar Vindafjord Turlag, som mellom anna skal kartlegge og tilrettelegge turvegar for å knyte bygdene saman. Gamlevegen til Etne er delvis framkomeleg i dag, men initiativtakarane vonar å kunne opna grindar og leggja til rette for mjuke trafikantar heile vegen frå Ølen til Etne sentrum. Foto: Torleif Heggebø/medvind24.no. 

Initiativ frå folket

Marianne Andersen er ei av mange som nyttar seg av turstiar og -vegar i kommunen vår. Her er ho saman med jentene sine, Emelinn på fem og Amanda på snart eitt år. Foto: Privat.

- Initiativet kjem eigentleg frå folk som bur i dei ulike grendene i kommunen vår, fortel samfunnsutviklar Erik Baust i Vindafjord kommune. 

I samband med utarbeiding av ny kommuneplan er folket – gjennom grendeutval og folkemøte – inviterte til å seia noko om kva som særpregar kommunen, og korleis ein vil at kommunen skal opplevast av potensielle sambygdingar i framtida. 

For Vindafjord, som for alle andre kommunar, er det om å gjere å leggje tilhøva til rette for at folk vil halda fram å bu her, og freista til innflytting for dei som ikkje alt bur her. Ideane frå folkemøta var mange, men eit fellestrekk var at innbyggjarane ønskjer framkomelege vegar som knyter bygdene saman for mjuke trafikantar, det vera seg gang- og sykkelvegar langs hovudvegane eller turstiar i terrenget mellom bygdene. 

- Me skal setja oss hårete mål i den nye kommuneplanen, og eit av dei kan vera å få på plass framkomelege turvegar mellom alle bygdene våre. Kommunen skal støtta opp under gode tiltak, og her har vi eit tiltak som folk i alle grender har peikt på som viktig. Me stiller på stiftingsmøtet av Vindafjord Turlag og skal bidra til realiseringa av «Turkommunen Vindafjord», seier Baust. 

Flinke på dugnad 

Etter innspela frå folkemøta har Baust hatt ein god dialog med frivillige, grendeutval, representantar frå næringsliv og næringsutval der ein har fokusert på samarbeid og korleis dei ulike ønska for framtidskommunen vår skal kunna realiserast. 

- Frå alle bygder fekk me signal om at dugnadsanda er stor i kommunen. Det kjem godt med når me no får i gong eit turlag som skal kartleggja og legge til rette for alt frå små, lyssette turløyper til lengre turvegar mellom bygdene, ytrar Baust, og kan fortelja at det alt er tatt initiativ til ein tursti med utgangspunkt i Ølen Idrettslag sitt klubbhus. 

Planen er å få på plass ei turløype med lys oppover langs Oselva, ei rundløype på litt i underkant av fem kilometer. Andre stader i kommunen har initiativtakarar jobba med opprusting av eksisterande stiar og vegar og fullføring av kortare strekningar som skal knyte bygdene saman.

Deler turtips 

Responsen Marianne Andersen opplevde etter at ho inviterte vener og kjente til å bli medlemer i Facebook-gruppa Vindafjord Turlag vitnar om stor interesse for ferdsel i Vindafjord-naturen. 

- Over 800 medlemmer på ein månad er overveldande. Del gjerne turtips, erfaringar og bilder frå opplevingane til fjells, langs strendene og i skogen med resten av gruppa, oppmodar Andersen.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details