Tek vare på den mentale helsa


– Eg byrja i stillinga mi rett etter påske og då var eg akkurat blitt medlem i styret til Mental Helse Etne og Vindafjord. Eg fekk augene opp for at ein kunne vere bedriftsmedlem, ikkje berre medlem som privatperson. Då eg tok det opp på jobb fekk eg raskt klarsignal om at me kunne melde oss inn, fortel Carina Hornenes, som jobbar som rettleiar i Øyane ASVO.

Styrkar bedrifta

Øyane ASVO har allereie lenge jobba med tiltak knytta til psykisk helse, men med eit bedriftsmedlemskap, såg dei moglegheitene for å få tilgong til fleire verkty.

– Under pandemien har mange nordmenn kjend på einsemd og fått utfordringar med den psykiske helsa. No når me vender tilbake til ein meir normal kvardag, er det mange som framleis har dette med seg. Dette må me som arbeidsgjevarar ta på alvor. Som bedriftsmedlem får ein tilgong til mykje god informasjon gjennom medlemsbladet til Mental Helse, og ein kan i tillegg søke om midlar, føredrag og kurs, fortel Hornenes.

Bedrifta har sjølv søkt på midlar og markerte nyleg Verdsdagen for psykisk helse.

– Me sette av ei veke til denne markeringa, og tema var «kva me kan gjere for andre». Spørsmål me jobba med var korleis kan me følgje opp andre, korleis me ynskjer å ha det på jobb og korleis me kan ta gode val i kvardagen for å styrke den mentale helsa gjennom søvn, aktivitet og mat. Me har også søkt på midlar til ein såkalla «ralekveld» som skal vere eit lågterskel tilbod der dei tilsette kan møtast og ha det sosialt utanom arbeidstid.

Treng å bli sett

Ho er klar på at det ikkje er nok å sette fokus på psykisk helse kun ei veke i året.

– Alle har ei mental helse og me er særs like når det kjem til behov. Me treng at nokon ser oss, gir oss eit smil og at arbeidsplassen er ein god stad å vere. Det treng både sjefane og tilsette, uansett kva arbeidsplass det er snakk om. Ved å legge inn lysglimt ein kan sjå fram til som julebord, feiringar og tiltak på arbeidsplassen i den daglege drifta, hever me trivselen og reduserer humpar i vegen. Me er og «24-timarsmenneske». Korleis me har det heime og på fritida, påverkar oss på jobb. Samstundes påverkar jobbsituasjonen vår korleis me har det utanom arbeidstid. Å sette fokus på psykisk helse og førebyggande tiltak, er difor viktig for oss som arbeidsgjevar, seier rettleiar Carina Hornenes.

Eit bedriftsstønadsmedlemsskap i Mental Helse kostar 1500 kr i året, og Hornenes vonar fleire lokale bedrifter vil melde seg inn.

– For det første får ein tilgong til både nyttig informasjon, kurs og midlar til aktivitetar ein kan gjennomføre på arbeidsplassen. Samstundes bidrar kontigenten til å støtte arbeidet til Mental Helse her lokalt. Eit medlemsskap er difor ikkje kun eit gode for dei tilsette på arbeidsplassen, men eit bidrag til heile lokalsamfunnet.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details