Støtte til hotell-bryggeri


Koronatida har vore tøff for hotellet i Etne, i periodar har ein hatt nesten full ned-stenging, og dei har framleis permitteringar blant dei 11 årsverka som hotellet og restauranten sysselset. Bryggeriet som ein no ynskjer å utvikle vidare har vore heilt nedstengt eit år, utan moglegheit for produksjon eller sal av eigeprodusert øl. I følgje søknaden om koronamidlar er eit estimert tap i løpet av koronatida 2500 liter fønixøl, noko som igjen gir tapte inntekter på 210 000 kroner. Omsetnaden på mat og drikke har i tillegg gått ned 34 prosent frå 2019 til 2020.


Fleire bein

– For oss er det veldig viktig å få fleire bein å stå på, utviklinga av bryggeriet vårt er eit slikt bein. Det vil kunne gi oss auka sal, og dermed og kanskje fleire i arbeid. Me har utsal av ølet vårt i restauranten i dag også, men no ynskjer me å satse på dette ved å få laga øl på boks, fortel dagleg leiar Audun Stene. Han viser til at dei no har fått salsløyve over disk, noko som gjer at dei kan selje øl uavhengig om dei har restauranten open for skjenking. Audun viser og til at ei satsing på bryggeriet vil opne opp for fleire kundar innan konferanse, gruppeturar og ølsmaking for å nemne noko. Tore Tverå er bryggerimester og har ansvar for dagleg drift.

– Me får gode tilbakemeldingar på ølet, så dette gler me oss til. Men det er klart dette er ei kostbar investering, så det vil krevje tøffe prioriteringar framover. No skal me planlegge arbeidet vidare og ikkje minst kartlegge om det er andre stadar me kan søkje om midlar, seier Audun.

Støtta reiselivet

Hotellet har drive i Etne sidan 1999, og er ein mellomstor sysselsetjar i kommunen med 16-17 tilsette fordelt på om lag 11 årsverk i sesong. I denne runden søkte dei totalt om 325 500 kroner frå dei nye kommunale koronamidlane, av dette fekk dei 62449 kroner.

– Det er klart det er ein brøkdel av det me søkte om, og me må sjå korleis me kan løyse dette vidare. Men det er uansett viktig og gir oss nye moglegheiter til å utvikle oss, meiner Audun Stene.

Dei andre Etne-bedriftene som fekk støtte i Etne var Åkrafjorden Oppleving med 50 000, Skakke Røykeri med 40 000, Eljarvik Gard med 40 000, Etne Camping med 40 000, ABC studio med 40 000, Myhres Klær as med 15.000, Aud Sigrid Flesland med 15000, Siljes hud & velvære med 15 000, Markhus Maskiner med 35 000, i tillegg til Roger Tesdal Maskin med 20 000.

Kommunalsjef for utvikling og drift i Etne kommune, Hans Erik Lundberg fortel at alle bedriftene som søkte i denne runden fekk midlar, men ikkje i den storleiken det var søkt om. Totalt har kommunen delt ut i overkant av 372 000 kroner i denne søknadsprosessen.

– Eg skulle sjølvsagt ynskt at me hadde meir å dele ut, men me har prioritert bedrifter som driv innan reiseliv og ulike nisjar denne gongen. Me håpar at dette er eit signal som viser at alle bedrifter er like viktige for oss, meiner han.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details