Støttar frivillig arbeid
No kan frivillige lag og organisasjonar søkje Sparebankstiftelsen SR-Bank om midlar, i år har stiftinga eit ekstra fokus på at alle barn og unge skal få sjans til å delta på fritidsaktivitetar. Søknadsfristen er 19. september.
-%E2%80%93-Kopi.jpg?mwidth=-1)
Sparebankstiftelsen SR-Bank
– Det er ekstremt viktig no når utgifter til både straum, mat og drivstoff skyt i vêret. Skal ein spare pengar i familien kan det fort råke barna som ikkje får reise på den fotballcupen eller turen med idrettslaget. Det er viktig at ikkje barna må ofre fritida si, meiner han.
Stiftinga sin visjon er å skape gode lokalsamfunn og dele ut gåver til allmennyttige formål på Sør-Vestlandet. Denne søknadsrunden går fram til 19. september og har prioriterte formål innan kultur, friluftsliv, kompetanse og har mål om å få alle med. Sidan 2012 har stiftinga delt ut 4556 gåver til ein verdi på 641 millionar kroner. Så langt i år er heile 97 millionar kroner delt ut via 395 gåver.
– I år er det ekstra viktig at me ser oss rundt for å sikre at alle får gode opplevingar i kvardagen. Her kan alle frivillige lag og organisasjonar søkje om midlar. Det er viktig for oss som bank å kunne bidra inn i ein kvardag som er ganske stram for mange, seier Christiansen.