Starta produksjon av takstolar

XL Bygg Berge Sag går hausten i møte med nytt tenestetilbod. Frå produksjonshallen på Nerheim leverer dei nå ferdige takstolar i tillegg til byggesett for hus.


Ved XL Bygg Berge Sag sine produksjonslokaler på Nerheim starta dei i august opp med produksjon av takstolar. Takstolar som er bærande element i taket på hus og bygningar, har tidlegare vore ein innkjøpt teneste for bedrifta.

- Me satsar på å ha all produksjon sjølv her lokalt, slik at me ikkje er avhengig av andre produsentar for å levere produkta våre, seier dagleg leiar i XL Bygg Berge Sag, Jan Berge.

Takstolane produserer dei med same sag som dei lagar precut av vegger og tak med. Tilbodet om precut, som er ferdig kappa materiell til vegger og tak, har dei hatt i seks år allereie og såg moglegheitene for utviding av tenestetilbodet og betre nytte av kapasiteten på saga.

- Me har allereie ingeniørar som sit og teiknar opp husa og dimensjonerer takstolane. Så steget mot å lage takstolar var ikkje så stort. Me måtte få på plass litt utstyr, i tillegg til opplæring og sertifisering, fortel Frode Haugen, salsansvarleg mot proffmarknaden.

Frå venstre: Salsansvarleg Frode Haugen, dagleg leiar XL Bygg Berge Sag, Jan Berge, leiar for industriproduksjon i Berge Sag, Roar Storrø, teknisk konsulent i XL Bygg Berge Sag, Terje Berge. Foto: Maria Djuve Vågen/Medvind24.no.

Sertifisert leverandør

Dei ferdige husteikningane sendes til produksjon på Nerheim der dei blir kappa til byggesett. Det ferdigkappa materiellet som skal bli til takstolar blir lagt over på monteringsbord, før takstolane så blir spikra saman med spikerplater ved hjelp av ei nyleg innkjøpt hydraulikkpresse. Takstolane er eit byggelement som er CE-merka, og XL Bygg Berge Sag har gått gjennom teknisk godkjenning hjå Norsk Treteknisk Institutt for å bli sertifisert leverandør.

- Me har investert både tid og utstyr i å få dette på plass, men minst like viktig er at me har dyktige tilsette som tek opplæringa og produksjonen på strak arm, legg Roar Storrø til, som er leiar for industriproduksjon i Berge Sag.

På Nerheim har XL Bygg Berge Sag fem tilsette, men om produksjonsmengda aukar ser dei føre seg at dei på sikt må auke bemanninga.

- Målet er jamn takstolproduksjon gjennom året. Får me det til, må me nok på sikt få fleire til å ta seg av produksjonen på Nerheim, seier Berge.

Full kontroll på produktet

Bedrifta får nå styrka posisjonen sin som leverandør av materiell til proffmarknaden som er marknaden dei leverer 85% av leveransane sine til. I tillegg til å produsere byggelementa sjølv, tek dei seg også av transporten, noko som gjer at dei følger byggesettet gjennom fasane med teikning, produksjon, transport og leveranse.

- Me får nå kvalitetssikra i alle ledd og har betre kontroll på produktet som kjem fram til kunden, seier Berge og legg til at dei nå satsar på å stille som ein enno sterkare konkurrent i marknaden:

- Me håpar nå å bli enno meir attraktive for kundane våre. Nå er me ein komplett leverandør der kundane får alt frå dokumentasjon, materiell og levering. Me kan hjelpe til i alle fasane.


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details