Spissar bygg og betong

Brødrene Mæland kjøper seg no inn i Haugaland Bygg & Betong. Målet er å reindyrke betong - og byggearbeid kvar for seg.


Brødrene Mæland i Etne kjøper no 50 prosent av aksjane i Haugaland Bygg & Betong. Framover vil Brødrene Mæland bli eit reint byggefirma medan Haugaland Bygg & Betong skifter namn til Haugaland Betong og skal reindyrke betongarbeidet. Det betyr også at nokre av dei tilsette får ny arbeidsplass. 

- Våre betongarbeidarar skal over til Haugaland Bygg & Betong, medan tømrarane hjå dei kjem over til oss, fortel Anders Mæland som er dagleg leiar i Brødrene Mæland. 

Rustar seg 

Drifta i dei to selskapa blir ganske lik som i dag, sjølv om Mæland er trygg på at ein vil oppnå visse synergieffektar av samarbeidet. 

- Målet er at me skal ruste oss vidare, og bli best i klassen. Det er greitt å reindyrke fagfelta våre meir enn me har gjort til no. Det gjer oss sjanse til å styrke kvart enkelt felt og det blir truleg enklare for kunden å forhalde seg til, meiner Mæland. 

- Eg trur det blir enklare å marknadsføre seg når det blir tydeleg skilje mellom kven som driv med byggearbeid og betongarbeid. 

Fulle ordrebøker

No satsar bedriftene framover med noko som fortonar seg som overraskande fulle ordrebøker til å vere eit spesielt korona-år. 

- Ordrereservane er store, så me treng absolutt nye folk med oss framover, fortel Rasmus Tore Stople som er dagleg leiar i Haugaland Bygg & Betong. 

- Sjølv om dette har vore eit rart år så viser det ikkje i manglande jobb, me har meir enn nok å gjere framover, og det er kjempebra, meiner Stople som også har tru på at samarbeidet med Brødrene Mæland vil gi mange positive effektar. Anders Mæland peikar på at dei i første omgang treng å rekruttere fem fagfolk for å få jobbane som ventar i 2021. 

Brødrene Mæland i Etne blei etablert i 2009 av brørne Ole Eirik og Anders Mæland, i oppstarten bygde dei hus og hytter for Berge Sag før dei valde å satse større. I 2016 fekk selskapet Gaselle-status og i 2018 vart bedrifta kåra til Årets Gründer i Etne og Vindafjord. Dei har sju tilsette og hadde i 2019 ein samla omsetnad på 45 millionar kroner. Haugaland Bygg & Betong vart starta i 2012 av Øyvind Hamre og Rasmus Tore Stople. Dei første åra styrte dei selskapet frå Vikedal, men etter kvart flytta dei til Medvind Næringshage i Ølensvåg. Bedrifta har 25 tilsette og hadde i 2019 ein omsetnad på godt og vel 42,6 millionar kroner. 


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details