Som far, som son


Kvar kjem du frå?

Eg er fødd og oppvaksen i Sveio og i Bergen, og nå bur eg på Karmøy.

 Korleis fekk du denne lærlingplassen?

Eg har jobba fast hjå Ølen Betong sidan september 2017. Eg fekk høyre om ei ordning som heiter «fagbrev på jobb» som kom for nokre år sidan. Difor googla eg litt og sjekka moglegheitene. Eg tok kontakt med opplæringskontoret for transportfag. Camilla Grindheim hjelpte meg i gong der, og i samarbeid med HR-ansvarleg i Ølen Betong, Turid Berge-Olsen, vart det ordna slik at eg kunne ta fagbrevet, saman med den praksistida eg allereie har hatt som tilsett hjå dei. Det er nok mange som går på jobb utan fagbrev, og det er nok fleire som kan ha utbytte av ei liknande ordning.

Kvifor valde du denne yrkesvegen?

Image
På veg tilbake med ferge etter ein jobb på Røvær. Foto: Privat.

Det er vel som dei ofte seier, som far som son. Eg har alltid syns det har vore kjekt med køyretøy. Alt frå motorsyklar til trailerar. Den store draumen var eigentleg å bli jagarpilot, men slik blei det ikkje.

Derimot trivst eg godt med å køyre pumi, betongpumper- og anna utstyr. Det er utfordrande og kjekt.

Kva arbeidserfaring hadde du frå før?

Min første ordentlige jobb fekk eg som 14-åring. Erfaringa strekk seg i frå å vera handballtrenar for dei med utviklingsvanskar, til flyplassbrannmann i Forsvaret, til eldreomsorg, pizzabakar, vaktmester, og avisbod for å nemne ein del. Eg har i grunn prøvd ganske mykje. 

Kor i utdanningsløpet ditt er du nå?

Sidan eg allereie har læretida unnagjort før eg byrja med fagbrevet, er eg berre lærling i seks månadar og er ferdig allereie i januar 2021. Då gjenstår berre eksamen og fagprøve.

Beskriv ein typisk arbeidsdag?

Eg kjem på jobb, hentar nøklar og klargjer bilen fyrst. Bilen blir lasta med betong før eg køyrer til ein kunde for å gjere ein støypejobb. Etter det er det tilbake igjen, gjerne for å vaske utstyr, før eg gjerne skal ut på endå ein og kanskje to-tre jobbar til den dagen. Det er faktisk mykje meir spanande og kjekt enn det kjem fram som. Det som er ekstra kjekt er jo at betong som oftast er fundamentet og starten i byggeprosessar, så ein kjem ofte til urørte stadar og natur. Det er ikkje som å jobbe i frå same plass kvar dag. Ein får ofte sett heilt nye ting, og det set eg veldig stor pris på.

Kva har du lært om jobben som du ikkje visste frå før?

I og med at eg har jobba med dette ei stund har eg fått kompetanse og opplæring på utsyr heilt frå start, så sånn sett kjende eg jobben godt før eg starta som lærling. Eg har derimot lært ein god del om kva moglegheiter eg har.


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details