– Snakk om det


– Sjølvmord er meiningslaust, tragisk og vondt for alle. Livssmerta blir så vond, håpet og livsgnisten så fråverande, at sjølvmord verkar å vera den einaste utvegen . Det er tragisk og smertefullt for personen sjølv, pårørande og vener, bygder og samfunn, seier leiar i Mental Helse Etne og Vindafjord, Sølvi Eide Lunde.

Må ta depresjon på alvor

Saman med fleire samarbeidspartnarar markerer Etne og Vindafjord Mental Helse dette året Verdsdagen for sjølvmordsførebygging lokalt, med føredrag av Marco Elsafadi på Ølen kulturhus 9. september. Tema: Snakk om det – det kan redda liv.

Marco Elsafadi: Snakk om det - det kan redda liv

  • Føredrag i samband med Verdsdagen for sjølvmordsførebygging
  • 9.september, kl. 18.00 på Ølen Kulturhus
  • Påmelding via VAF sine nettsider
  • Arrangørar: Etne & Vindafjord Mental Helse, Vindafjord Arbeidsgiverforum, Etne kommune, Vindafjord kommune og Frisk Treningssenter

Statistikken viser at over 600 menneske har tatt livet sitt i Noreg kvart år dei siste 10 åra. Årleg er det 13 000 sjølvmordsforsøk her til lands. 2 av 3 er menn. Årsakene til sjølvmord er samansette og komplekse. Difor er det så avgjerande å formidla kunnskap om depresjon samstundes som ein set fokus på betydninga av å vera open om psykiske lidingar og dei tunge periodane me alle opplever, påpeikar Lunde:

– Me må snakka om dei vanskelege tinga, prata om det vonde me slit med og ikkje minst spørja etter hjå dei rundt oss. Depresjon kan vere ein dødeleg sjukdom på same måten som kreft, difor er det viktig å løfte opp alvoret med å vere deprimert: Å ta kjenneteikn på depresjon på alvor, få tidleg hjelp og snakke om det, kan redda liv, på same måten som ved kreft. Kunnskap og openheit om depresjon, at det er normalt å ha strevsame periodar i livet, kan opna for å snakke om det. Å snakke med nokon ein stolar på og få hjelp tidleg hjelp kan vere livreddande. Openheit og kunnskap kan redusere oppleving av skam som nokre kjenner på, seier Lunde.

Eige føredrag for vidaregåande skular

Marco Elsafadi er fødd i ein FN-leir i Libanon og var flyktning i 12 år, før han fekk statsborgarskap i Norge. Han gjorde seg først bemerka som basketballspelar i eliteserien. Elsafadi har sidan mellom anna arbeid med vanskelegstilt ungdom, rusproblematikk og vald. Han har i fleire år vore ein vært ettertrakta føredragshaldar, og har hatt eit ekstra sterkt fokus på betydninga av gode relasjonar til andre menneske.

Arrangementet 9. september blir todelt: På dagtid er elevar ved Ølen og Lundeneset vidaregåande skular inviterte til eige føredrag med Elsafadi. På kveldstid held Elsafasi nytt føredrag på Ølen kulturhus, ope for alle (med påmelding via VAF sine nettsider).  

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details