Rekordmange lærlingar 

Aldri før har det vore så mange lærlingar i distriktet. Både private bedrifter og det offentlege satsar sterkt på å knyta til seg lokal arbeidskraft gjennom læreplasser. 

Therese Langeland (t.v) er på sitt andre år som lærling ved Vindafjordtunet, og Jenny Rørtveit Haraldseid er første års lærling i Vikebygd barnehage. - Me har alltid ønske å jobba med folk, og me trur at med denne fagutdanninga vil me vera sikra jobb i framtida, seier dei to.

Først er det interessa som avgjer valet, deretter er det moglegheiter for jobb og vidareutdanning som avgjer kva retning elevane tar når dei vel skuleretning og lærlingplass. Men viktigast av alt er at læreplassen gir utfordringar og er inkluderande. 

- Eg har alltid ønska å arbeida med barn og ungdom. Det at læreplassen er inkluderande og lar oss bli ein del av miljøet på lik linje med dei andre er heilt avgjerande, fortel Jenny Rørtveit Haraldseid, som er barne- og ungdomsarbeidarlærling ved Vikebygd barnehage. 

Saman med nærare 50 lærlingar var ho med på temadagen 14. oktober på Ølen kulturhus, som i regi av Vindafjord Etne Mental Helse i år retta seg særleg mot lærlingar under tittelen «Frå ungdom til stolt fagarbeidar». 

Fleire satsar på barn og ungdom

 Haraldseid har første året sitt som lærling i barnehagen, og er dermed blant ei stadig veksande gruppe som vel å ta læretid og fagbrev innan barne- og ungdomsarbeid , fortel dagleg leiar i Haugaland Opplæringskontor, Bjørn Johannessen. 

 - Dei siste åra har det vore størst auke av lærlingar innan barne- og ungdomsarbeidarfag og helsearbeidarfaget. Kommunane har auka talet på lærlingeplassar og fleire bedrifter, særleg barnehagar, har kome til dei siste åra, noko som har tilført distriktet fleire moglegheiter for læreplassar innan desse faga, fortel Johannessen.

- Læretida er ein utruleg viktig del av utdanninga, og det har faktisk vore mykje meir lærerikt enn eg trudde, fortel Mariann Eldegaard Tveit (t.v), som er lærling innan barne- og ungdomsarbeidarfaget ved Enge Skule, saman med Elida Stølås og Laura Tronstad. 

 Med fagbrev innan barne- og ungdomsarbeid trur Haraldseid ho vil ha fleire bein å stå på, både om ho vel å utdanna seg vidare eller halda fram i arbeidslivet etter læretida.

- Etter læretida har me både mange og forskjellige jobbmoglegheiter vidare. Dersom eg vel å studera vidare etterpå, vil det også bli ei retning innan barn- og ungdomsarbeid. Med fagbrevet i botn vil eg ha eit ekstra bein å stå på, og ikkje minst ein god del praktisk erfaring frå barne- og ungdomsarbeid som eg trur vil koma godt med i studiane også, seier Haraldseid. 

Og ho er ikkje åleine om å sjå fordelane ved fagbrev før vidare utdanning. 

- Ein god del av våre tidlegare lærlingar har utdanna seg vidare, og samtlige av dei eg har hatt kontakt med har sagt at dei har stort utbytte av opplæringa og praksisen som lærling i utdanninga si, fortel Johannessen. 

Kjartan Vaka Lothe (f.v), Kenneth Gjellestad og Atle Heggen har alle tre starta på lærlingerunde nr 2. Etter fagbrev og nokre år i jobb ved Westcon går dei nå for nytt fagbrev ved Westcon. - Det er viktig at læreplassen gir oss moglegheiter, meiner dei.

 I åra som kjem vil Noreg trenga fleire titusentals nye fagarbeidarar. Det framheld både styresmakter og partane i arbeidslivet. Og det er ikkje berre barne- og ungdomsfagretninga som opplever lærlingvekst, men innan alle fag aukar tala taktfast kvart einaste år. I dag administrerer Haugaland Opplæringskontor lærlingar for 37 medlemsbedrifter, hovudsakleg i Etne og Vindafjord, som er kjerneområdet. I tillegg kjem lærlingar frå elektro- og byggfag frå andre opplæringskontor. 


Kjartan Vaka Lothe, Kenneth Gjellestad og Atle Heggen har alle tatt fagbrev innan mekaniske fag på Westcon etter vidaregåande skule. 

- Me har sett til Westcon sidan me var born og det har alltid vore ei interesse for tekniske fag. Difor var det naturleg å gå den vegen med tanke på både skuleval og vidare læreplass. Det viktigaste for oss som er i lære er at arbeidsplassen tar vare på lærlingane sine, og gir oss moglegheiter, meiner dei. 

 Og moglegheiter har dei fått. Alle tre er nå inne i si andre læretid. Etter første fagbrev og nokre år i arbeid, har dei nytta seg av sjansen til å utvikla fagkompetansen med nye fagbrev, og arbeider nå igjen som lærlingar med mål om fagbrev innan blant anna platearbeidarfaget.  

Ola Eide (t.v) og Martin Velde Frøland er på sitt første år som lærlingar ved Westcon. - Me har fulgt interessa vår , og jobbar nå mot fagbrev som industrimekanikarar, og me trur dette vil vera ein trygg arbeidsplass i framtida. Det viktigaste når me er i lære er at me får jobba sjølvstendig og bli inkludert som ein vanleg tilsett, seier dei to. 

- Det å kunne få utvikla fagkompetansen her lokalt er ein styrke, seier Lothe. Til og med store lærlingbedrifter som opplever nedgang grunna markanden held lærlingtalet stabilt. Bedriftene i kommunane våre ønskjer lokale medarbeidarar og ser effekten av å gi eit læretilbod til ungdommane, fortel Johannessen. 

- Bedriftene ser betydinga av lærlingar. Det er ikkje velgjerdsarbeid, men dei ønskjer å knyta til seg god, lokal arbeidskraft, og er om seg for å bruka dette som ein rekrutteringskanal. Også i nedgangstider i marknaden ser me at dei bedriftene som er hardast råka held fast på talet lærlingar, og framleis satsar sterkt på lærlingar som arbeidskraft og framtidig tilsette. Ein viktig konsekvens av at lokale arbeidsgjeverar heldt oppe høgt og stabilt inntak av lærlingar er at me òg sikrar at våre lokale vidaregåande skular kan halde klassar i dei utdanningsprogramma me treng framover, seier han. 


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details