Er du ein peparkake-arkitekt?

Både store og små peparkakearkitektar er med dette inviterte til å bli med på bygginga av Peparkakebygda på Ølen Senter. 25. november kan du bidra med ditt Vindafjord-bygg i peparkake-miniatyr.


Allereie torsdag 26. november skal Peparkakebygda avdukast på Ølen Senter, og vil vera utstilt gjennom heile adventstida. 

- Det skal ikkje alltid så mykje til for å skapa litt kvardagsmagi, både for små og store i ei hektisk førjulstid. Her skal det vera høgt under taket, og rom for alle kreative idear frå både ferske, så vel som erfarne peparkake-arkitektar, seier initiativtakar Merete Vårvik Matre. 


Både vaksne og born er inviterte til å bidra med peparkakefigurar eller peparkakehus etter valfri modell, gjerne etter heimelaga design. Bygginga av Peparkakebygda set verken krav til byggjereglar, reguleringsplanar eller stor peparkakekunst. Her er det plass for all verdas peparkakekreativitet, seier Matre, som håpar på ei peparkakebygd med ein omfangsrik bygningsmasse. 

 - Her skal det vera stort spenn, alt frå industribygg, til vanlege einebustader, hytter og byggverk i alle slags fasongar. Sjølvsagt vil bygda trenga folk og fe også, så figurar av alle slag er velkomne. Det viktigaste er å få visa peparkakekreativiteten som finst hjå veldig mange nå i førjulstida, seier Matre. 

Peparkakebygga kan leverast inn 25. november på Ølen Senter: Hjå SR-Bank mellom kl. 08.00 og 15.30, eller i Sunnkost-lokala mellom kl. 18.00 – 20.00. Alle bidragsytarar får diplom, og Grannar vil kåra det beste bidraget som blir premiert med pris frå SR-bank. 

Meir enn 30 bidrag utgjorde peparkakebygda i fjor, då Ølen Senter for første gong inviterte store og små bakarar til å bli med på bygginga av miniatyrbygda. Då var det peparkake-riggen til Westcon som gjekk av med sigeren. 

 Matre fekk ideen etter peparkakebyen i Stavanger, og sette etter eige initiativ konseptet ut i live i Ølen i fjor. 

 - SR-Bank blei fort med på ideen, og Ølen Senter var positiv frå første stund. Etter responsen og byggjearbeidet i fjor å døma, har eg tru på at det kan bli ei svært innhaldsrik peparkakebygd, også i år. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details