Pakkar ut juleplantene

Nærare 150 000 blomar går unna årleg, og det berre i sommarsesongen. Nå har juletrea inntatt gartnerihallane på Nerheim, og Ebnes Hagesenter ladar opp til årets andre høgsesong. Nytt av året er juletre frå Søraust-Asia. Og det har allereie blitt ein slager.


Frå den framleis lune hausten utanfor trer ein rett inn i full julehøgtid hjå Ebnes Hagesenter i Ølen. Ein tett granskog, ferdigpynta med ljos, julekuler og til og med puddersnø, møter oss like innanfor dørene. Og på lager er det endå fleire: 250 flatpakka juletre, direkte frå Malaysia og Thailand, er bestilt inn før sesongen. Kunstige juletre er blitt stovereint, seier dagleg leiar Bent Ove Ebne. 

Juletreskogen veks tett hjå Ebnes Hagesenter, og salet av kunstige juletre har allereie hatt ein god start, berre ei lita veke ut i november månad. - Folk vil ha tre som ikkje dryss og som kan brukast igjen og igjen. Og dei trea som er komne på marknaden nå, er like fine som dei ekte, meiner Ebne. 

- Det er stor forskjell på dei kunstige trea i dag, samanlikna med dei som blei selde nokre år tilbake. Den gong kunne me sjå at dei var falske på lang avstand. Nå er dei like fine som dei flottaste ekte julegranene. Dette er første året me verkeleg satsar på kunstige tre, og me sel unna fleire slike juletre kvar einaste dag, fortel Ebne, som er tredje generasjons gartnar i bresjen for planteforretninga på Nerheim i Ølen. 

Og det er ikkje berre juletrehandelen som har endra seg dei siste åra. Det har vore stor utvikling i plantebransjen sidan Ebne overtok drifta av gartneriet for 15 år sidan. 

Ein småsur sommar i år førte til noko mindre sal av somarblomar. Men til gjengjeld blei det seld enno meir hagemøbler, frukt- og grønsaksplanter, som til dømes peparplanter, som ein ser i forgrunnen av bildet. 

Vêrsjuk verksemd 

Plantesalet er framleis spesialiteten hjå den snart 80 år gamle gartneriforretninga. Likevel er store deler av hallane elegant møblert med interiørartiklar, møbler, nips, pynt og dekor i alle former og fasongar. I 2011 utvida gartneriet butikken, og dobla arealet med 2000 nye kvadratmeter. 

- Dei siste åra har me tilsett tre blomedekoratørar, som i stor grad tar seg av utstillingar og interiørdelen av butikken, som har blitt ein stadig viktigare del av verksemda. Det viser svært godt igjen, både i butikken og i salet, fortel han. 

Den fine hausten dette året tok igjen for heller regntunge og kjølige sommarmånadar som også merkast på mindre blomesal i sommar. Men sjølv om sommarplantene ikkje hadde sitt beste år, gjekk det ekstra godt unna med så mykje anna. 

- Me har aldri før seld så mykje hagemøbler som dette året. Stadig fleire byggjer seg vinterhagar og utestover. Og i tillegg til møblementet har det vakse seg ei enorm interesse for frukttre, bær- og urteplanter. Alt som er «etande» er veldig populært nå, seier Ebne og nikkar mot rekkene med grøne, gule og raude peparplanter som lyser opp like ved granskogen. 

Frå Italia kjem det kontinuerleg trailerlass med urteplanter og frukttre. Men sjølv om importerte planter og juletre aukar i popularitet, er det framleis «eksotisk heimedyrka» blomar som dreg langvegsfarande til Ebne. 

Eksklusivt frå Nerheim 

Nå kan du få treet ferdig pynta. Eller ferdig nedsnødd om du vil. Dette er første året Ebnes Hagesenter satsar stort på sal av kunstige, i tillegg til vanlege juletre. Sistnemnde kjem på marknaden litt seinare.  

Kjerneområdet er Vindafjord, Etne, Sauda, Suldal og Odda, men kundekretsen rekk endå vidare. Planteentusiastar frå både Haugesund og Stavanger er trufaste kundar. Hjå Ebne får dei nemleg eit noko meir eksklusivt utval enn standardsortimentet hjå kjedebutikkane. 

- Me er den einaste av Hageland-butikkane i regionen som framleis plantar sjølv. Av sommarblomar kjøper me inn nærare 70 000 planter årleg, men me plantar minst like mange sjølve. Då produserer me eigne planter som ein ikkje får andre stader, blomar med andre fargar til dømes, som ein elles ikkje ville fått i standardutvalet hjå kjedene, seier Ebne, som etter julerushet skal førebu seg på jubileumsfeiring neste år. 

Då har det gått 80 år sidan bestefar hans kjøpte garden på Nerheim og starta utsal av blomar og jord. I fjor bikka omsetninga 13 millionar kroner. 

 - BoGrønt- og Hageland-kjedane slo seg saman i fjor, dermed gjekk også me frå å vera BoGrønt-butikk til å bli Hageland. I dag er me den nest største Hageland-butikken på Haugalandet. Og faktisk den Hageland-butikken i landet med flest følgjarar på Facebook! 

Over 5700 personar følgjer Ebnes Hagesenter på Facebook. Siste post på Facebook-veggen var bilde av juletreskogen, som faktisk enno ikkje er «ferdigdyrka». 

- Me har i alt 70 ulike sortar kunstige tre som kjem til oss flatpakka, så det tar litt tid å setja dei opp. Og så skal dei pyntast i tillegg. For det er mange som gjerne vil ha ferdigpynta juletre også, seier han. Sjølv om me så vidt har kome til november månad er ikkje juletresalet ein dag for tidleg ute. Folk set ofte trea sine fram tidlegare, fortel Ebne. 

Og for dei som framleis vil ha det ekte og tradisjonelt; vanlege edelgraner held framleis stand. - Men dei må me venta enno litt til med, avsluttar han. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details