Overlét møkkajobben til Vikedal Mur & Anlegg 

Mange bønder på Haugalandet har fått augo opp for gjødseltransport med tankbil. Når gjødsla skal ut tar Vikedal Mur & Anlegg møkkajobben. Årleg transporterer dei om lag 50.000 kubikkmeter gjødsel med sine to gjødselbilar. 

- Vikedal Mur & Anlegg (VMA) kom inn i denne bransjen i 1999, då me tilsette Terje Helgevold og kjøpte gjødselbilen han hadde skaffa seg så tidleg som i 1990, fortel Geir Bakkedal, dagleg leiar i VMA. 

Terje Helgevold kjøpte sin første tankbil til spreking av naturgjødsel så tidleg som i 1990. I dag er han tilsett i Vikedal Mur & Anlegg kor han er fast sjåfør på ein ev to gjødselbilar. Bilane kan spreie gjødsel og vatn i alle retningar i 70 meters lengde. Foto: Meister Fotografi

- Terje var grisebonde og trong ein meir effektiv måte å få ut gjødsla på. Att og fram med traktor og små gjødseltankar gjekk for tregt, og Terje gjekk til innkjøp av ein tankbil. Den overtok VMA og fekk Terje med på lasset som fast sjåfør. I dag har me to gjødselbilar; ein med fast tankanlegg og ein kombibil som er påmontert gjødseltank i høgsesongen, og som elles kan nyttast som krane-, tipp- og containerbil når det ikkje er så mange møkkaoppdrag, smiler Bakkedal. 


Gjødselbilane kan og brukast i kombinasjon med traktor som køyrer med slepeslangeutstyr. Bilane køyrer ikkje ut på enga, men kan koplast til traktoren og slangeutstyret og fungere meir som ein gjødselkumme. 

- Med to bilar i sving samstundes, slepp ein å mellomlagre i buffertankar, og jobben kan gjerast svært effektivt utan større stans enn tida det tek å kople om frå den eine bilen til den andre, seier Bakkedal. 

Andre bruksområde 

Når gjødselbilane ikkje er i bruk til hovudføremålet - transport og spreiing av gjødsel - så kan dei òg gjere nytte for seg i andre samanhengar. 

- Motorklubben NMK Vikedal nyttar våre tenester; ikkje berre gravemaskinar og dumperar i samband med omlegging og oppgradering av baneanlegga på Mo, men òg gjødselbilane. Gjødsla er sjølvsagt bytta ut med vatn, som me raskt kan spreia ut over banen når støvplagene blir for store. Det tar oss ikkje meir enn fem-seks minuttar å fylle ein tank med vatn, og ikkje så mange minuttane å spreie det ut over banen heller, fortel Bakkedal. 

Bilane har òg vore brukte i samband med nedspyling av is som har vore ein fare for trafikken, og dei er godt eigna i brannberedskap. 

- Brannvesenet er nok klar over oss, og me stiller sjølvsagt meir enn gjerne dersom det skulle vera trong for tenestene våre, seier Bakkedal.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details