Opnar spektakulær rasteplass

I dag opnar Statens vegvesen ny rasteplass ved det gamle ferjeleiet på Ropeid langs Nasjonal turistveg Ryfylke. Helgevold har stått for straum og belysning til den spesielle stoppestaden.


– Vår jobb har vore å lage til straum til rasteplassen og belysning i alle møblar og figurar. All belysning er spesialprodusert i Tyskland til dette prosjektet, og tilpassa og montert av oss, fortel teamleiar i Helgevold, Jan Rune Hoftun.

Han meiner prosjektet har vore spanande og utfordrande, ikkje minst sidan det er noko heilt anna enn å setje opp belysning i eit bustadhus eller ein butikk.

– Dette blir veldig stilig, og det er tøft å ha vore med på det. Det som har vore mest ufordrande har vore all tilpassinga for å få alt til å fungere korrekt, meiner han og legg vekt på at deira jobb har gått via Suldal B&G, som har vore entreprenør på prosjektet.

Innovativ arkitektur frå KAP, saman med servicebygget signert Jensen og Skodvin arkitektar frå 2005, gjer no Ropeid til eit fullverdig turistvegstopp nede i vasskanten, heiter det i ei pressemelding frå Statens vegvesen.


Kultur og natur

Då Sandsfjord bru avløyste ferja mellom Sand og Ropeid i 2015, blei det meste av ferjeleiet på Ropeid liggjande att ubrukt, med sine store asfaltflater og grove massar mot sjøen. Ideen bak den nye rasteplassen var å kombinera rast og kvile med reparasjon av landskapet. Sjølinja rundt den opphavelege holmen blei graven frem og «bandasjert» med betongmadrassar. Madrasslandskapet rommar også små og store møbelelement; krakker og bord, lykter og lamper. Møblane står opp som klynger av kunstige «soppar», laga av materiale frå resirkulerte plastbåtar frå Ryfylke.

– Prosjektet er eit landskapsgrep som viskar ut skiljet mellom kultur og natur. Det kunstige imiterer naturen og det naturlege imiterer det kunstige, forklarer Eivind Gjertsen på KAP arkitektar i ei pressemelding.

Ordførar Gerd Helen Bø i Suldal kommune står for den offisielle innviinga torsdag 3. juni.

– Det å få ein Nasjonal turistveg-rasteplass på Ropeid kan minna oss om historia til staden. Ikkje minst får vi enda ein minnerik stad å stoppa langs arkitekturrunden gjennom Sauda og Suldal, seier ho.

Nasjonal turistveg Ryfylke er viktig for turistnæringa i Suldal og for heile Ryfylke. Det å få ein så fin rasteplass på Ropeid set ein ekstra spiss på opplevinga langs vegen, seier ordføraren i Suldal.


Auka verdiskaping

Laila Steine er leiar i Suldal Vekst, ho meiner Nasjonal turistveg Ryfylke er stadig meir attraktiv for besøk

– Nasjonal turistveg Ryfylke er ein skatt for alle som vil oppleve kombinasjonen av natur, kultur og arkitektur. Turistvegen har medverka vesentleg til auka verdiskaping i reiselivet både i Suldal og i regionen elles, slår Steine fast.

Opninga av Ropeid torsdag den 3. juni byr også på innslag ved mezzosopranen Amelie Aldner og saxofonisten Erik Aldner.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details