Stor pågang på yrkesfag

I år var det 800 fleire søkarar til yrkesfaglege utdanningar enn studieførebuande utdanningsprogram på landsbasis, og hjå Ølen videregåande ser dei same trenden. Der er det særleg teknisk-og industriell produksjon (TIP) si pil som held stødig kurs oppover.


Thea Tjøstheim har alltid sett føre seg at ho skulle gå på TIP. Foto: Elin Sørheim/Medvind24.no

Lærar Bengt Bådsvik har gitt elevane på TIP vg1 ei tålmodighetsoppgåve. Dette er tredje gongen klassen er på verkstaden, og felles for dei fleste her er at dette er staden dei likar seg aller best.


Klassen har fått ei bore-, file- og sveiseoppgåve som først og fremst skal læra elevane å følgja oppskrift, vera nøyaktige og det aller viktigaste, vera tålmodige. Med 21-årserfaring som lærar på yrkesfag har Bådsvik sett oppgang og nedgang av interesse for desse faga, og dette meinar han vert påverka av kva fokus media har på desse yrkesvala.

–Etter fyrste året har elevane omlag 25 studieretningar dei kan velja mellom, fortel Bådsvik. Størst interesse er det for tradisjonelle linjer som plate og sveis, industrimekanikar, industri teknologi med fleire. Dette er studieretningar som det finst gode jobbmoglegheiter for lokalt.

Kristian Berge studerer ivrig læreboka saman med lærar Bengt Bådsvik. Foto: Elin Sørheim/Medvind24.no

Utplassering gir moglegheiter

Særskilt for TIP i Ølen er at dei har to veker utplassering allereie første året. Då får elevane tidleg eit bilete på korleis arbeidslivet er, og kan snuse litt nærare på eit par ulike mogligheiter for studieretning og lærestad.

–Me ser at det gjer dei godt å få ein smakebit på arbeidslivet. Dei må til dømes møta opp på jobb presist, fortel Bådsvik.

Etter utplassering ser me rett som det er at elevar har fått lovnad om lærlingplass allereie.

Jonas Heddeland (16) og Kristian Berge (16) trivs aller best på verkstaden.

–Eg ville gjera noko praktisk og mekanisk, men kva eg skal vidare må eg berre sjå an litt etter kvart, fortel Berge. 

Begge er einige om at studiekompetanse verkar kjedeleg og at dei har meir enn nok teori uansett.

Thea Tjøstheim (17) har alltid sett føre seg at ho skulle gå på TIP og målet hennar er å bli industrimekanikar eller landbruksmekanikar.

–Eg vil helst arbeida med noko praktisk, å bruka hendene er det eg likar best.

Ønskjer fleire lærlingar


Lærling Joakim Koltveit, prosjektleiar i MCE Arild Selland og Daniel Holten som jobbar med påbygg plan og kran. Foto: Elin Sørheim/Medvind24.no

MCE i Etne kan fortelje at lærlingar frå yrkesfaga er særs viktig for rekrutteringa i deira bedrift. Per i dag har dei to lærlingar hjå seg, men ønskjer fleire.

–Me er veldig positive til å ha elevar i utplassering hjå oss og desse ser me ofte igjen som lærlingar, fortel Arild Selland som er prosjektleiar i bedrifta.

Dei prøver nå å marknadsføra bedrifta si ut mot elevar betre enn dei har gjort tidlegare, då dei ser viktigheten av at ungdomen veit kva dei faktisk held på med og kva moglegheiter som finst hjå dei. 

–Vår erfaring er at lærlingar ofte blir verande eller kjem tilbake etter nokon år utanfor kommunen, legg Selland til.

Dei synes det er flott å få ungdommen inn i bedrifta og det skapar ofte eit godt arbeidsmiljø.


Antal søkjarar ved dei yrkesfaglege linjene på Ølen vidaregåande skule:

TIP Elektro Byggfag Helse og omsorg
2019: 40 2019: 22 2019: 8 2019: 22
2018: 39
2018: 11 2018: 13 2018: 35
2017: 28 2017: 15 2017: 11 2017: 27

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details