Oppdaga lokalt næringsliv


Helen Totlandsdal flytta heim til Sandeid og jobbar i Helgevold.

Vakre Vindafjord


– Før var eg innstilt på at eg måtte bu i by for å jobba med det eg hadde lyst til, seier Helen Totlandsdal. Helen Totlandsdal er 26 år og kjem frå Ølen. I dag er ho marknads- og salskoordinator i Helgevold Elektro i Sandeid. Ho flytta til Sandeid i 2018 saman med sambuar Oliver Vestbø, men håpet om å finne relevant jobb med hennar utdanning innan marknadsføring var heller lite.

– Det er kanskje ikkje like mange ledige stillingar innanfor det, seier Helen i filmen Bygda er best som Medvind24 har produsert. Her møter ein fleire som har flytta heim til Vindafjord og Etne, og høyrer kvar tankar dei gjer seg.

Satsar på unge og lokale

I løpet av sommaren i 2018 dukka likevel stillinga hjå Helgevold Elektro opp, noko Helen beskriv som heilt tilfeldig. Dermed var vegen kort til å søka jobben.

– Eg hadde jo ingen erfaring å stilla opp med, så det er klart eg var litt uroa for om eg skulle få den, seier ho. Vidare fortel ho at etter ho byrja i jobben har ho sett at dei er opptekne av å satsa på unge og lokale, og at ein kanskje ikkje treng så mykje erfaring for å få jobb.

Var ikkje klar over mogelegheitene

Etter ho flytta heim til Sandeid, såg ho alle moglegheitene tydlegare og kva bedrifter som finst her inne. Noko ho ikkje hadde vore klar over og tenkt på før.

– Før var eg innstilt på at eg måtte bu i by for å jobba med det eg hadde lyst til. Veldig mange går i dei same vanane i bedrifter, og tenker at ein må ha mykje kompetanse og erfaring for å gjera ein god jobb. Helen meiner det er viktigare å satsa på unge som ein kan forma sjølv og som kjem inn med mange nye idear og tankar.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details