Ny runde med LED-kurs



Meir informasjon og påmelding til LED-kurs her:

Geir Haraldseid frå Human har gjennomført LED-kurs i samarbeid med VAF sidan 2015, og deltakarlista som har utfordra seg sjølv og eigne leiarerfaringar byrjar å bli lang, i vår er dei klare med ny oppstart av det populære kurset. Ei av dei som har delteke i leiarutdanninga er HR-sjef i Helgevold Elektro, Line Njåstad som gjekk på kurset frå hausten 2019 til våren 2020.

– Det var eit veldig nyttig og bra kurs, eg har vore på nokre leiarkurs før, men dette var absolutt det beste, slår ho fast og viser til at det blei tatt opp nyttige og aktuelle tema som ein møter i kvardagen.

– Me fekk konkrete øvingsoppgåver som speglar oppgåver ein møter som leiar. Det blei også sett av tid til samtaler med kursholdar der ein kunne ta opp ulike spørsmål, seier Njåstad.

Individuell tilpassing

Korona og smittevernstiltak har utsett datoen for oppstart av ny kursrekkje denne våren, men etter planen skal nytt LED-kurs i gang 11. mai, det er lagt opp til fem samlingar og åtte individuelle samtalar i løpet av kursperioden. I LED-kurset møtes leiarar frå ulike bedrifter, bransjar og arbeidssituasjonar. Den individuelle tilpassinga er viktig i kurset, og at alle får utfordingar som er tilpassa kvar enkelt sin kvardag.

– Utfordringane i leiarstolen varierer naturlegvis i forhold til alder, kompetanse og kva bedrift ein styrer. Likevel ser me jo at det er nokre fellestrekk, konflikthandtering og dei vanskelege samtalane er noko av det mange slit med og som dei ofte har lyst til å dele med resten av kursdeltakarane. Mange seier jo at erfaringane dei haustar frå kvarandre er like viktige som dei me kan tilby som kursleiarar, meiner Haraldseid.

Endringsleiing

Gjennom koronaåret som bedriftene no legg bak seg ser Haraldseid at endringsleiing har vore spesielt viktig.

– Denne perioden har også gitt ein del moglegheiter til å gjere justeringar og endringar i organisasjonen som kan vere viktig. Det er endringar ein kanskje ville gjort uansett, men på grunn av koronaen kan ein få det gjennomført på kortare tid. Til dømes ser me at dei fleste møte no er på teams, det er ei endring som ein kjem til å sjå mykje til også framover. Mange bedrifter har fått eit velmeint digitalt spark bak.

– For mange har det også vore viktig å finne ut korleis ein kan overleve i ei krisetid, omstille seg og korleis ein kan leie folk som ein ikkje har tett på seg i kvardagen. Det er utfordrande å fylgje opp dei tilsette som sit på heimekontor.

Nytt alumni-program

– Alumni-programmet vårt er nytt av året, alle leiarane som tidlegare har deltatt frå Etne og Vindafjord får tilbod om å delta i nettverket. Dei som har gått på leiarutdanninga vår har mange av dei same erfaringane og det har blitt etterlyst ein arena der dei kan ha kontakt utover sjølve kurset. Det er viktig å spele kvarandre gode, fortel Haraldseid i Human.

Leiarane som deltek i alumni-programmet skal både få repetisjon av LED-programmet i tillegg til nye innputt som kan vere gode å ta med seg inn i leiarjobben. Målet er å starte opp nettverket i slutten av april.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details