Nettbutikk med veggpryd


Fotografen har planlagt denne nettbutikken lenge. Ideen om å kunne tilby bilete til å henge på veggane hjå kundane er gamal og dukka allereie opp då Svein Egil Økland starta Økland Foto i 2019. Då hadde han hatt same jobben i 19 år og fotointeressa hadde styrt mykje av fritid, helg og kveldar. Plutseleg tok Økland steget, sa opp jobben og starta for seg sjølv. No er han og endeleg klar med nylansert nettbutikk.


Koronastøtte

– Eg har fått støtte til dette via koronamidlar frå Vindafjord kommune, det er ikkje sikkert eg hadde fått det til utan det. Men sidan det har vore litt rolegare på oppdragsfronten gjennom koronatida passa det godt å lansere nettbutikken no, seier fotografen som dei siste vekene har gått gjennom 200 000 bilete frå dei siste ti åra.

– Det var ein formidabel jobb, men kjekt å sjå gjennom katalogen og. Eg har leita etter bilete som kan treffe ei brei målgruppe. Bestemor vil gjerne ha eit landskapsbilete i fullfarge medan barnebarnet kanskje har lyst til at biletet skal passe til gardiner og sofa. Eg trur dei fleste vil finne noko dei likar her, slår han fast.

Nettbutikken er eit samarbeid med Kai Hansen som også har kontor i Medvind i Ølensvåg. Dermed kan kunden bestille bilete i nettbutikken i det formatet og på det materialet dei ynskjer, og få vara tilsendt direkte frå Kai Hansen.

Les om oppstarten til Økland Foto!

Varierte motiv

Som mange andre fotografar er også Svein Egil Økland oppteken av å fange lyset, og det spesielle i biletet som ein kanskje treng eit fotograf-auge for å sjå. I nettbutikken vil ein finne landskapsbilete og fjellbilete, samt uttrykk som er både industrielle, urbane eller som er meint som bilete til hytteveggen. Fotografen har blant anna dei siste vekene vore på leit etter gamle treski, noko som har gitt eit fotoprosjekt meint for nettopp nettbutikken.

– Eg vil nok ha nettbutikken i tankane no når eg leitar etter nye motiv. Det blir spanande å sjå responsen, eg har jo seld ein del bilete til vegg allereie, så eg veit jo at det finst interesse. Men kva bilete som kunden vil ha er ikkje så enkelt å seie noko om.

Fotointeressa til Økland starta allereie i 1996, og det har blitt mange fototimar med oppdrag for både bedrifter og privatpersonar.

Etter ein god start på bedrifta Økland Foto kom koronaåret 2020 med litt rolegare periodar.

– Alle bryllaup blei avlyste, og konfirmasjonane utsette. Det har og vore store svingingar i marknaden for mange bedrifter. Men eg har klort meg fast gjennom året og håpar berre at marknaden skal bløme igjen. No er det iallfall viktig å ha fleire bein å stå på, då blir nettbutikken viktig.

Fleire bein

I tillegg til nettbutikken har også Økland den siste tida satsa på dronefotografering, streaming og videoproduksjon, alt for å styrke grunnlaget i bedrifta.

– Eg har ei sterk teknisk interesse som gjer at eg likar godt å leike meg med utstyr og finne ut av ting. Då er det og kjekt å kunne lære seg noko nytt, seier fotografen som ikkje vil kalle seg utstyrs-freak.

– Nei, det er eg nok ikkje, men det er kjekt å kunne dra ut fullt potensiale frå utstyret som kjem ut på marknaden. Kjem det nytt utstyr på banen som gjer jobben betre enn før er eg ikkje redd for å investere.


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details