Møbelsnekker i vekst

Stadig fleire ynskjer seg møbler signert møbelsnekkaren Jonas Bergem i Sandeid. No blir det utviding av verkstaden.


Jonas Bergem har auka omsetnaden i Bergem Møbler med 25 prosent i året sidan oppstarten i 2016. Også i år ser veksten ut til å halde fram, i slutten av juli har han selt for like mykje som i heile fjoråret. Han har bygd seg opp steg for steg, i byrjinga brukte han Finn.no aktivt som salskanal, dei siste to åra har han derimot ikkje betalt ei krone i marknadsføring, sosiale medium og jungeltelegrafen har gitt han auke i kundemassen. 

- Det er tydeleg at det finst ein marknad for dei som ynskjer seg spesialtilpassa møbler som gjerne kostar litt meir. Mange er leie av masseproduserte møblar som «alle» har, meiner Bergem som opphavleg er utdanna dataingeniør, men som i 2016 endra kurs og satsa som møbelsnekkar på fulltid. 

- Eg var lei av ein stillesitjande jobb og hadde lyst til å prøve noko nytt. Og det har jo gått bra, eg er heldig som kan leve av dette, og ikkje minst at me har ein økonomisk situasjon i heimen som gir oss rom til dette.

Unike produkt

Det heile starta då dei skulle pusse opp huset dei flytta til i Sandeid, og Jonas laga eit stovebord som den interiør-interesserte kona Eileen likte veldig godt. Ho er framleis involvert i bedrifta som rådgjevar, og har vore viktig for at Jonas i dag har ei rekkje med signaturprodukt som han viser fram på nettsidene sine. Mange av kundane som kjem innom Bergem er på jakt etter unike tv-benkar, bord eller hyller.

- Mange har jo sett produkt som dei likar, og som dei lurer på om eg kan lage. Det er ikkje ofte eg seier nei.

- Då eg laga nettsidene er vel einaste gongen utdanninga mi har spelt ei rolle i denne prosessen, seier han og ler.

Nokre av produkta ein kan få produsert hjå Bergem Møbler:

 

Utvidar verkstaden

Likevel har nok ingeniør-bakgrunnen spelt ei rolle. Jonas har alltid likt å finne løysingar på problem, som barn skrudde han ting frå kvarandre og prøvde å setje dei saman igjen.

- Eg er nok uredd, og meiner at det meste kan ein lære seg, seier han og fortel at planane til påbygg av verkstaden han har heime i Sandeid er klare. Han skal sjølvsagt bygge verkstaden sjølv.

Eigentleg kunne han tenkt seg å byrje på byggeprosjektet no i haust, men no blir det truleg neste år før støypearbeidet kan starte. Påbygget kjem på plass for å få plass til maskinene han kjøpte etter at Kvisten Snekkerverksted i Skjold la ned, i tillegg ynskjer Jonas å utvide selskapet med ein ekstra tilsett.

- Slik det er no er det rett og slett ikkje plass til to i produksjonen her, det vil det bli med nytt bygg. Men det hadde vore kjekt å tilsett ein person til, eg treng det når det kjem inn fleire bestillingar enn eg klarer å levere etter kvart.

I byrjinga produserte Jonas mykje produkt av gran og furu, no har han også utvida dette til edlare tresortar som blant anna eik, ask og bjørk.


Vekst med balanse

- Kor stor ynskjer du at bedrifta skal bli?

- Det er eg ikkje sikker på, eg veit ikkje lenger om eg vil bli superstor. No har eg kontor heime, eg ser barna gjennom heile dagen og 2-åringen er med i verkstaden. Det er jo uvurderleg i den småbarnsfasen me er inne i no. Skal eg bli mykje større må eg over i anna lokale og får mindre med tid heime. Det er ein balansegang, men eg stressar ikkje med dette, det ordnar seg er reine mottoet mitt, meiner gründeren som er trygg på at han no er komen på rett yrkeshylle.

- Det er heilt klart dette eg skal drive med, eg stortrivs og det er kjekt å kunne levere det folk drøymer om.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details