Miljøråd til bøndene

Emilie Moi Eikje skal gi bøndene gode råd om korleis ein set i gang effektive miljøtiltak i landbruket.


Eikje skal styre prosjektet «Frivillige tiltak i landbruket - Haugalandet», som er eit samarbeid mellom Vindafjord, Haugesund, Karmøy og Bokn. Eikje er tilsett i Vindafjord kommune, som har arbeidsgivaransvaret for prosjektleiinga. Mykje av arbeidet i prosjektet handlar om å redusere avrenning frå landbruket til bekkar, elvar, innsjøar og sjø. Områda rundt Skjoldafjorden er eit av fleire område som prosjektstillinga skal ha fokus på i åra som kjem. 

– Difor hadde det og vore kjekt om Tysvær kommune også vart ein del av prosjektet, sidan dei eig den eine sida av fjorden, me får sjå om det blir aktuelt på sikt, seier den nytilsette prosjektleiaren som byrja i jobben i midten av september.

Eikje er sjølv bonde på Bokn, der ho driv med slaktegris, amme-ku og sau på heimegarden saman med far sin. Tidlegare har ho også jobba på landbrukskontoret i Tysvær kommune.

Moglege miljø-tiltak

– Dette blir eit veldig spanande arbeid, i Vats har dei gjennomført eit liknande opplegg for Vats-vassdraget med miljøavtalar. Skjoldafjorden er ein særs viktig fjord for sjøaure, som nasjonalt har hatt ei nedgåande bestandsutvikling. Målet er å betre miljøet og vasskvaliteten, fortel Moi Eikje og viser til at det er fleire konkrete tiltak bøndene kan setje i gang med for å unngå forureining i vassdraga. Ein kan til dømes etablere gjødslingsfrie randsoner på minimun fire meter på dyrka mark som grensar mot vassdrag, samt balansert gjødsling med fosfor.

I første omgang vil Emilie reise rundt og besøkje bønder langs Skjoldafjorden for å høyre kva dei tenkjer om aktuelle tiltak. Ho legg også vekt på at det blir viktig å få god kontakt med Bondelaget, Bonde og Småbrukarlaget i kommunane. Bønder i Vindafjord, og elles på Haugalandet, kan søkje tilskot til vassmiljøtiltak som hindrar næringsavrenning til vassdrag som ikkje har god miljøtilstand. Ugjødsla randsone og miljøvennleg gjødselspreiing er to av dei viktigaste. Sistnemde hindrar ikkje berre avrenning, men minskar også utsleppa til luft, meiner Eikje. 

– Me ynskjer også å stimulere til å halde oppe vegetasjonen langs kanten av vassdraget, dette for å sikre betre leve- og vekstvilkår for fisk og dyr som lever i og langs vassdraget, og for å halde på jorda i skråningane og unngå at desse rasar ut. Det er og ein fordel om ein ikkje har beitedyr heilt ned til vasskanten, ein kan til dømes gjerde området inn, slik at ein slepp beitedyra ned til elva i eit avgrensa område.

– I Vats-vassdraget har det tidlegare blitt anlagt fleire fangdammar og reinseparkar. Det vil vere aktuelt å sjå nærare på om dette kan gjerast andre stadar også.

Her driv  Sven-Kato Ege frå Haugaland Vannområde og Steinar Kålås frå Rådgivende Biologer AS med el-fiske etter laks og sjøaure. Foto: Privat.

Miljøtilskot frå Fylkesmannen

Landbruket har som dei fleste andre næringar mange moglegheiter til å betre miljøeffekta av drifta, meiner Emilie. Likevel er ho ikkje samd i at landbruket ofte blir framstilt som ein av dei dårlegaste i klassa på gode og effektive miljø-løysingar.

– Det er spesielt at landbruket blir trekt fram som ein versting i det overflodssamfunnet som me lever i. Men sjølvsagt har også dei mykje å jobbe med. Eg trur me må byrje å tenkje litt meir som Blekkulf gjorde på Barne-TV; tenkje globalt, handle lokalt, slår Moi Eikje fast.

– Alle må gjere litt, og det er viktig at bøndene gjer sin del av arbeidet, meiner ho bestemt.

Den nye prosjektleiaren håpar det treårige prosjektet skal gjere det enklare for bønder å bli miljøbevisste og auke medvitet om rett gjødsling på eige bruk og langs vassdrag.

– Gode tilskotsordningar skal også gjere jobben med å løyse miljøutfordringar lønnsam.

– Eg har ikkje sjølv tilskotspengar eg kan dele ut, men eg kan fungere som eit bindeledd, og ein rådgjevar i søknadsprosessen. Terskelen for å ta kontakt skal vere låg. Frå 2020 kan alle søkje om miljøtilskot i Regionalt Miljøprogram, og bøndene i området rundt Skjoldafjorden kan også søkje om ekstra tilskot om dei har utarbeida og underskreve Miljøavtalar saman med kommunen. Dette er midlar som Fylkesmannen står bak, fortel ho. 


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details