Meiner E134 er sentral for næringslivet


       

Stortingsvalet 2021: Lisa Marie Ness Klungland (Sp)

  • I September er det nytt stortingsval! Me har spurt topp-kandidatar kva dei meiner er dei viktigaste sakene for regionen i denne valkampen.
  • I dag: Lisa Marie Ness klungland (Sp)
  • Aktuell: Andrekandidat, Rogaland Senterparti
  • Alder: 27 år
  • Kjem frå: Nerheim i Ølen
  • Dei viktigaste sakene for partiet: Eit samfunn med små sosiale, geografiske og økonomiske skilnadar, levande folkestyre, desentralisering av makt, kapital og busetjing og aktiv forvalting av naturressursane våre.


– Kva meiner du er det viktigaste for å vidareutvikle næringslivet i Vindafjord/Etne?

– For å vidareutvikla næringslivet i kommunane våre er det viktig at me fører ein aktiv næringspolitikk slik at me får eit livskraftig næringsliv og verdiskaping i heile distriktet. Me må framleis ha billig og grøn straum. Me må ha ein aktiv stat som stiller med kapital, bidrar til forsking og utvikling og som etterspør varer som gir næringslivet vårt fortrinn. Me må føre ein klimapolitikk til det beste for næringslivet, og som legg til rette for å bruke naturressursane.

– Kva meiner du skal til for å gjere det meir attraktivt å bli gründer/etablera næring i Vindafjord/Etne?


– I distriktet vårt har me ein aktiv næringshage, noko som er viktig for at gründerar til dømes kan få eit nettverk, leige kontor og hjelp til kompetanseheving. I startfasen og dersom ein arbeider åleine er det viktig med eit samhald saman med andre i same situasjon. Historia har vist at det allereie er mange gründerar og næringsutviklarar i distriktet, og det er eit godt grunnlag for vidare utvikling.

– Vil de jobba for fullfinansiering av ny E134 gjennom Vindafjord/Etne? Kvifor/kvifor ikkje?


– Ja. E134 er udiskutabelt viktig for heile Haugalandet og andre nærliggande regionar slik at det me produserer her kan transporterast vidare. Utan ei god kommunikasjonsåre, er det vanskeleg for bedriftene å få distribuert vidare og få betaling for det ein produserer. Denne vegen er viktig for både næringslivet, kommunane og innbyggjarane.

– Bør det setjast ein sluttdato for olje- og gassleiting ?

– Nei, Senterpartiet meiner at ein sluttdato vil strupe næringa. Difor skal me framleis bruke den moglegheita me har til å vidareutvikle den sterke næringa me har i Noreg. Me skal saman sjå på korleis me skal få til å gjere det på ein klimavenleg måte og me skal bruke den kompetansen me har opparbeida oss til å starte opp og utvikle andre næringar.

– Korleis vil de sikra betre rekruttering av fagfolk til distrikta?

– Næringsliv og levande distrikt går hand i hand. For å sikre rekruttering i distriktet vårt må me føre ein aktiv distriktspolitikk i alle ledd. Me må ha skular nær folk som kan utdanne relevant kompetanse, me må ha bedrifter, kommunar og statlege institusjonar som tek i mot lærlingar og nyutdanna. I tillegg må me ha attraktive tomter og bustadar slik at det er mogleg å bu og jobbe i distriktet vårt.


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details